Det var bra ver, men ein del skodde på toppen og litt sleipt i bakkane. Mange av løparane har allereie vore i andre konkurransar denne helga, enten i Fanaråken opp, junior-NM i friidrett eller Saudehornet opp. Det var fleire som meinte at dette nok påverka tidene litt, men det gjekk betre enn forventa. Bileta er tekne to stader i løypa, og ligg i kronologisk orden. Dermed er det ikkje nødvendigvis dei beste som er fremst i reportasjen. Fotografar: Ved mål Oddny Ringheim, lenger nede i løypa Jan Ringheim.

Beste resultat

Kvinner:
1.Antonella Confortola Wyatt, Italia, 42.42
2.Kjersti Karoline Danielsen, Vidar, 43.51
3.May Britt Buer, Gular, 44.24
4.Merete Helgheim, Gloppen, 45.33
5.Therese Sjursen, BFG Fana, 47.07
6.Elisabeth Hildenes, Eid, 50.29

Menn:
1.Jonathan Wyatt, New Zealand, 35.44
2.Øystein Sylta, Vidar, 37.03
3.Eivind Knutsen, Sirdal, 37.28
4.Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, 38.02
5.Lars Bakke, IL Fri, 38.11
6.Joel Dyrhovden, Samnanger, 38.27

resultater per kjønn

resultatliste klassevis

Samleside for Nuten opp 

 

 

Jonathan Wyatt er fast gjest i Rosendal og vann som vanleg med god margin. Han blir i landet ei veke til, og skal vidare til Skåla opp neste helg. Der håpar han på tøff konkurranse slik at får litt press på seg, han skulle gjerne sett ein ny løyperekord, sa han til Kondis.no.

 

 

Øyvind Heiberg Sundby enda i dag på tredjeplass, men held leiinga i motbakkecupen då nr. 1 og 2 ikkje er med i den. Han var på Fanaråken i går, men måtte ha med seg dette løpet for å halda leiinga i cupen. 

 

Gaute Kvåle, bestemann i klasse 15-16 år

 

Øystein Sylta debuterte i Nuten opp. Det var ufatteleg tøft i midtpartiet, sa han. -Eg hadde ikkje sjanse på Jonathan Wyatt. Sylta har problem med akillessenen og skal kanskje opererast denne veka. Vert det ikkje operasjon no, er han klar for Skåla opp, for det er asfaltløpa som er vanskelege, skaden set ingen stoppar for motbakkeløpa.

 

Langrennsløparen Eivind Knutsen frå Sirdal tok ein flott tredjeplass og vann klasse 20-22 år. -Dette er god trening til skisesongen, sa 20-åringen som likte godt løypa i Rosendal. Neste motbakkemål blir Skåla opp, deretter blir det langrennstrening i skitunnell i Sverige.

 

 

Lars Bakke frå IL Fri vart nr 4. Den 21 år gamle mellomdistanseløparen har hatt ein god motbakkesesong i år.

Joel Dyrhovden vart nr. 6 totalt.

 

Asbjørn Berland tørkar sveitten og er klar til siste kneik. Han vann klasse 17-19 år.

 

Jann Olav Tjønneland, Viksdalen IL, nr 11 totalt.

 

Øyvind Heiberg Sundby og Lars Bakke

 

Lars Olaf Haaheim med Antonella Confortola Wyatt like bak.

 

Laban Siro frå Kenya skal vidare til Langs Åkrafjorden neste helg.

 

 

Espen Joensen vart nr 3 i klasse 17-19 år.

 

Merete Helgheim hadde Fanaraaken opp i beina frå i går, men følte seg lett og fin. -Eg var førebudd på to harde løp denne helga, og eg hadde ikkje greidd betre plassering uansett. På ein slik dag er det ein fordel at løpet er bratt, hadde det vore eit løp med større krav til tempo ville det nok vore verre, sa Merete Helgheim som er nummer to i Salomon Norgescup i motbakkeløp.

 

Antonella Confortola Wyatt kom i mål til ny løyperekord. Ho har trena meir tempo siste året for å hevda seg betre i fjelløp i tillegg til reine motbakkeløp. Ho vart nr 4 i EM i fjelløp i år.

 

Therese Sjursen hadde også eit motbakkeløp i beina, ho vann i går Saudehornet opp med 4 minutts margin til nummer to. -At det kjem løp to dagar etter kvarandre, er ikkje noko problem. Andre dagen har vi senka skuldrane, og må berre finna ein fart vi vet vi kan halda, sa Therese Sjursen. Bak kjem Håvard Drivenes.

 

Kjersti Karoline Danielsen kom rett frå Barcelona og maraton og tok andreplassen i Nuten opp. -Eg var litt gelé i beina etter maratonen sa Kjersti, som legg til at ho var imponert over teknikken og krafta i steget til Antonella. Eg likar motbakkeløpa svært godt, hadde eg hatt tid, skulle eg gjerne delteke i fleire. Antonella på si side vart litt nervøs etter start då Kjersti Karoline hang godt på og viste seg å vera ein tøffare konkurrent enn ho hadde rekna med. 

 

May Britt Buer tronar på toppen av Norgescup-lista. I dag vart det tredjeplass. Tida vart dårlegare enn i fjor, sjølv om forma elles er betre, så det gjekk nok litt seinare fordi ho sprang løp i går.

 

Joachim Haugen, vinnar i klasse 12-14 år

 

Eit ektepar på førsteplassane og eit sambuarpar på andreplassane.

 

Vegard Austevoll, nr 2 i klasse 12-14 år

 

Elisabeth Hildenes frå Eid er på fjerdeplass i norgescupen og beste junior. Også ho var på Fanaraaken i går. Ho er ein av mange langrennsløparar som er ivrig motbakkeløpar i sommarsesongen. No er ho klar for Skåla opp. -Eg har slite litt i det siste, men håpar å forbetra tida mi på Skåla, seier Elisabeth som allereie har vore på Skåla og sjekka forholda.

 

Marit Årthun, vinnar av Rallarvegsløpet for to veker sidan, stilte i vinnartrøya. Nokon stor effekt meinte ho ikkje denne trøya hadde hatt i dag. Bak kjem Frode Johansen.

 

 

Miriam Berg Hovda var best i klasse 20-22 år.

 

 

Dei beste damene. Dei tre beste til venstre, nr 4 Merete Helgheim står til høgre for pallen, deretter Therese Sjursen (5), Elisabeth Hildenes(6), Marit Aarthun (7), Wenche Enes  (8), Margunn Eik (9) og Randi Kjøsnes (13).  Nr 11 Kjersti Fresvik og nr 12 Katrine Haugland var ikkje med på biletet.