PRESSEMELDING BRUVIKNIPA OPP
 

I herreklassen blei det ein kamp mellom nr. 2 og nr. 3 i Norgescupen i motbakkeløp, Erling Hisdal og Ketil Monssen. Brit-Helen Simmenes frå Osterøy IL gjorde eit sterkt løp etter fleire år utan konkurransetrening og vann kvinneklassen med god margin før Hanne Liland.

21 løparar var med i konkurranseklassen. Mjøsdalen stilte med ein solid tropp, medan motbakkeløp rett og slett ikkje fenger løparane i arrangørklubben Osterøy IL.

Nede ved start var det 14 grader og lett regn. Litt oppe i fjellsida låg skodda tungt og på toppen blas det temmeleg surt. Forholda har vore langt betre, spesielt i 2014, då Ketil Monssen (34.59) og Elise Vikne (39.59) sette løyperekordane.

bo3.jpgDamevinnar Brit-Helen Simmenes la seg tidleg i rygg på Morten Tronstad frå Varegg, medan Vebjørn Haugsdal frå Masfjorden følgde på i hælane hennar. I mål var Brit-Helen halvanna minutt føre mannfolka. (Foto: Åse Hartveit Faugstad)

Comeback for damevinnaren?
Mange hugsar nok Brit-Helen Simmenes (42) då ho for nokre år tilbake herja resultatlistene, og fekk fleire NM-medaljar på bane, landeveg og i terreng. Ho har halde seg i god form etter at ho la opp, noko ho beviste med tida 43.57; siger med god margin før Hanne Liland, som dagen før stilte i Molden Opp.
- Løpet gav meirsmak og alt tysdag stiller eg for Løplabbet i DHL-stafetten i Oslo, fortel Simmenes.  

bo1.jpgHer er teten i herreklassen på veg opp gamlevegen mot Brøkdalen. Erling Hisdal i front fekk først ei lita luke på Ketil Monssen om lag halvvegs i løypa. (Foto: Åse Hartveit Faugstad)     

Hisdal vann duellen
Soleklare førehandsfavorittar i herreklassen var Erling Hisdal (IK Tjalve) og Ketil Monssen (BFG Bergen Løpeklubb). Dagen før hadde dei to kjempa hardt om andre- og tredjeplassen i Gullfjellet Opp, bak den allsidige Gneist-løparen Stian Øvergaard Aarvik. Desse tre har også dei tre første plassane i Norgescupen i motbakkeløp.

Ketil Monsen hadde fordelen med å ha sprunge løypa før, men før start uttalte Ketil at den bratte løypa opp til Bruviknipa ville passa Erling Hisdal godt – og det fekk han rett i. Då stigningane for alvor starta siste halvdel, fekk den lettbeinte Tjalve-løparen nokre meter på konkurrenten. Oppe på toppen 818 meter over havet, kom Erling Hisdal først med tida 35.39, medan Monssen fekk 36.00.  Svært spreke tider med tanke på fleire sleipe parti og elles tunge forhold. Anders J. Kjærevik, eit litt meir ubeskrive blad i løpssamanheng, gjorde ein god debut med 38.20. 
- Ei svært god treningsøkt i ei flott løype. Her kunne det ha vore arrangert Norgescup-løp, slo dei to beste fast etter løpet.
 
Erling Hisdal er fødd og oppvaksen på Stanghelle, men bur i Oslo. 34-åringen satsa i ungdomen på ei maratonkarriere, men vart stoppa av skadar. Problem med beina hindra han frå å springa skikkeleg i 5 år, og då han endeleg kom tilbake, var det motbakkeløp beina tolte best. No er han mellom dei beste i landet.

Øystein Hanstveit (54) frå Mjøsdalen og Kjetil Dyrvik (53) frå Voss jordbruksskule må elles få honnør for strålande prestasjonar, alderen tatt i betraktning.  

RESULTAT I KONKURRANSEKLASSEN

Kvinner

43.57 Brit-Helen Simmenes (42), Osterøy IL
54.55 Hanne Liland (48), Varegg IL
71.00 Linda K. Hugnadstad (37), Lonevåg Barnehage
 

Menn
35.39  Erling Hisdal (34), IK Tjalve
36.00 Ketil Monssen (34), BFG Bergen Løpeklubb
38.20  Anders J. Kjærevik (30)
38.59 Magnus Morskogen (30), Samnanger IL
40.40 Øystein Hanstveit (54), Mjøsdalen IL
40.53 Kjetil Dyrvik (53), Voss folkehøgskule
42.35 Bjørn Harald Bongom (50), Varegg IL
43.32  Mats Mollandsøy (26), BFG Bergen Løpeklubb
45.16  Morten Tronstad (44), Varegg IL
45.27 Vebjørn Haugsdal (25), Masfjorden  
48.05 Rune Gjerstad (60), Mjøsdalen IL
49.53 Magne Espelid (53), Mjøsdalen IL
52.20 Aksel Øvsthus (64), Mjøsdalen IL
58.47 Birger Hanstveit (74), Mjøsdalen IL
59.36  Kristian Olsen (47), Bruvik IL
62.20  Steinar Tysse (72), Mjøsdalen IL
66.00  Harald Haugsdal (66), Masfjorden
66.03  Tony Lillefosse (59), Osterøy IL

Deltakarar i turklassen
Selma Skjold Olsen
Oskar Skjold Olsen
Viljar Anderson
Jofrid Anderson
Tiit Anderson

 

bo2.jpg
Mats Mollandøy (nr. 244) vart nr tre i fjor, men måtte nøya seg med 8.plass i år.  Like bak har Magnus Morskogen opna litt forsiktig, og i mål vart det ein sterk 4. plass på 30-åringen frå Samnanger.  


BO4.jpg
Hanne Liland frå Varegg IL er av dei som kjem igjen og igjen til løp på Osterøy. I dag vart det løna med andreplass, tida 54.55, pengepremie og ikkje minst ein fin søndagstur til fagre Bruvik. I går sprang Hanne motbakkeløpet Molden Opp, noko ho ikkje såg ut til å vera hemma av i dag. Tvert imot. 
(Foto: Åse Hartveit Faugstad)

bo6.jpgBirger Hanstveit (74) frå Mjøsdalen har vore av dei aller beste i sin årsklasse i mange år. No har Birger beste vore lenge skada og manglar nok den vanlege solide grunntreninga, men kom seg likevel opp godt under timen. Eit fall skaffa han ei lårhøne han temmeleg sikkert kjenner godt dei neste dagane, men Birger let seg ikkje stoppa av eit litt ublidt møte med ein stein. (Foto: Åse Hartveit Faugstad)