Narve-Gilje-Nordås
Narve Gilje Nordås jubler for avansement til 1500 m-finalen under friidretts-VM i Budapest i august. (Foto: Arne Dag Myking)

23 kjappe med Narve Gilje Nordås

Narve Gilje Nordås har hatt litt av eit gjennombrottsår. På 1500 m har han slege seg inn i verdseliten, og det heile toppa seg med bronse i VM-finalen i Budapest. I dette intervjuet svarar Narve kjapt på 23 spørsmål om både idrettslivet og livet elles.

Publisert Sist oppdatert

Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 62023

Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 62023


1. Tre ord som skildrar deg som privatperson og som idrettsutøvar?
– Privatperson: introvert, lat og rastlaus (prøv det den som vil). Idrettsutøvar: motivert, disiplinert og dedikert.

2. Kva betyr idretten for deg?
– Akkurat nå: alt. Eit nokså egoistisk perspektiv på livet, men ein får nå heller gjere opp for det etter enda karriere. Og studium er gøy det, men det svir jo langt meir med eit dårleg løp enn ein dårleg karakter.

3. 3 «fun facts» om deg sjølv?
1) Favorittsjokoladen er gullbrød.
2) Aldri smakt alkohol.
3) Les gjerne atlas på sengekanten før leggetid.

4. Kan du seie noko som du sjølv trur på, men som andre vil være ueinig med deg i?
– Å feste og å vere oppe til langt på natt i sesongpausen er latterleg useriøst. Då har du ikkje det som skal til for å få ut ditt fulle potensial. Sesongpausen handlar om å bygge seg opp fysisk og mentalt, ikkje å bryte seg ned. Gularhusfesten har til dømes vore skuld i mang ein karriere sin dekadanse.

5. Kva er det optimale målet med idrettskarrieren?
– Før 2023: å komme til finale i VM eller OL. Nå: skrive seg inn i historiebøkene, og aller helst stå igjen med edelt metall frå minst eitt VM eller OL.

6. På kva for måte har studiar/jobb hjelpt deg som idrettsutøvar og vice versa?
– Idretten gjer deg strukturert og disiplinert i studielivet, og så er det ingen tvil om at ein får prosessert stoffet i løpet av ei treningsøkt. Eg har løyst mange «umoglege» oppgåver på joggetur. Studiet gir rom for å tenkje på noko anna enn berre idretten. Det bidrar til mentalt overskott mellom øktene, gitt at ein kjenner på litt meistring på skulebenken.

7. Kva for annan idrett/sport skulle du gjerne vore god i?
– Det hadde vore gøyalt å vore eit sjakkgeni. Per definisjon ikkje ein idrett, men det får så vere.

8. Førebilete?
– Når det kjem til verdiar, bodskap og veremåte, er det vanskeleg å velje nokon andre enn Jesus sjølv.

9. Dersom du kunne invitert til ein 4-stjerners middag med kven du ville - død eller levande – kven ville du invitert? Kvifor?
– Jimmy Gressier, Mohamed Katir og Fritz Aanes. Dei to førstnemnde kan ikkje eit kløyva ord norsk eller engelsk, og eg kan verken spansk eller fransk. Sistnemnde er god til å be folk om å halde kjeft. Ikkje rare samtalane med andre ord; altså ein perfekt middag for ein introvert person.

10. Korleis ser din «perfekte dag» ut?
– Akkurat vakna opp frå 10 timar samanhengande søvn. Lett frokost før ei lang og god terskeløkt på tørre stiar i Njåskogen. Deretter skjer det absolutt ingenting før eg spring ei perfekt terskeløkt rundt Gisketjernet. Vindstille, småkjøleg og ein kropp som berre svevar. Øktpers med skyhøg fart og useriøs låg laktat. Avsluttar dagen med eit godt kveldsmåltid, framleis høg på løpsglede.

11. Har du nokre uvanar?
– Altfor glad i søtsaker og dessert, men går jo strengt tatt tåleg greitt unna likevel, så har i grunnen ingen planar om å slutte med det. Er det då eigentleg ein uvane? Nei, svaret på spørsmålet får ein ha til gode til eit anna høve.

12. Har du nokre ritual?
– Alltid naseplaster i løp. Gløymde det dog før eg persa med 2 sekund i Paris (3.34 til 3.32), så det er ikkje verdas undergang om ein må vike frå ritualet heller, ser det ut til.

13. Kva er din «guilty pleasure»?
– Høyrer på hardrock før løp/hardøkter; gjerne i form av AC/DC. Det er litt ut av karakter vil eg påstå.

14. Største høgdepunkt i livet så langt?
– 3.29 på 1500 m framføre eit fullsett Bislett.

15. Kva skal du gjere når du blir pensjonist?
– Springe. Mykje. Berre på stiar og definitivt utan klokke.

16. Beste idrettsoppleving?
– Vanskeleg å kome utanom 3.29-løpet på Bislett her også.

17. Favorittøkt?
– 45 min samanhengande terskel på stiar i Njåskogen. Rundt og rundt, inga pulsmåling, null GPS og inga laktatmåling etter endt økt. Kostar ingenting; ei anna historie på mølle/asfalt.

18. Er det ein låt du gjerne set på før kvalitetsøkter og/eller konkurransar?
– «Back in Black»-albumet riv godt tak i øyrene, og får deg inn i rette modusen.

19. Beste motivasjonstips?
– Finn ein treningskvardag/aktivitetsform du trivst med. Det er ikkje kvar dag motivasjonen er på topp, og då må disiplinen halast fram. Men det er motivasjonsbiten som i størst grad bidrar til kontinuiteten, så utan den vil du slite i eit langsiktig perspektiv.

20. Drømmeferie?
– 4 vekers treningsleir på senteret i Sierra Nevada. Neidå; jodå …

21. Kva inspirer/motiverer deg i treningskvardagen?
– Gode resultat og framgang på friidrettsbanen. Men eg er jo svært glad i å springe også, så eg er typen som kunne trent eit heilt år utan å konkurrere. Eg lever lenge på gode terskeløkter og flotte naturopplevingar.

22. Føretrekt måltid før kvalitetsøkt/konkurranse?
– Kvalitetsøkt: 2 halvvgrove skiver med brunost og syltetøy pluss 1 kopp kaffe. Konkurranse: 1-2 loffskiver/rundstykke, 1 banan, 0,5 l sportsdrikke og 1 kopp kaffe. Reine karbohydrat og koffein for pengane.

23. Tips til a) film, b) dokumentar og c) bok?
a) «Inglorious Basterds»
b) «Get Back» (for dei mest hardbarka Beatles-tilhengarane)
c) «Brødrene Karamásov» (minimum to gonger)

1U9A9374_Narve Gilje Nordaas-5000m-finale-foto-Arne-Dag-Myking.jpg

VM-suksess:Dette intervjuet med Narve Gilje Nordås vart gjort før VM i Budapest der han sprang inn til bronse på 1500 m og finaleplass på 5000 m. (Foto: Arne Dag Myking)

Narve-Gilje-Nordaas-fjes-foto-Arne-Dag-Myking.jpg

Narve Gile Nordås

Alder: 24 år
Idrett: Mellom- og langdistanseløp
Klubb: Sandnes IL
Yrke/studiar: Mastergrad i «Applied Data Science»
Sivilstatus: Kjærast
Persar: 3.29,47 på 1500 m, 7.41,31 på 3000 m, 13.05,38 på 5000 m

Foto: Arne Dag Myking

Powered by Labrador CMS