
Å sjå det store i dei små
Da løpsesongen endeleg kom i gang, valde eg å vera med på små løp. I august sprang eg slike tre helger på rad – to 5 kilometrar og ein halvmaraton ulike stader på Austlandet.
Artikkelen står på trykk i Kondis nr. 6 - 2021.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Vi var ein liten gjeng frå klubben som reiste i lag, varma opp i lag, starta på same startskottet og sjølv om vi vart gradvis meir spreidd i feltet undervegs, venta vi på kvarandre i målområdet og jogga ned i lag. Praten gjekk livleg om korleis løpet hadde gått, kor vi hadde sett inn rykket, og kor slitne vi hadde vori i den sist vesle kneika, som eigentleg berre var ein fartshump.
Det er ikkje mykje økonomisk overskott å hente i å arrangere små løp. Det er store deltakartal som gir store inntekter. Sponsorar har lyst til å nå mange. Startkontingentinntektene blir større om ein kan gonge med 15 000 i staden for 150.
Men du verda kor mykje sjeleleg og kroppsleg overskott det gir å vera med på små løp. Stressfaktoren er låg både før, undervegs og etterpå. Kampen om både toalettsete og startposisjon er nærmast ikkje-eksisterande. For dei som let seg stresse av kø, er små løp midt i blinken.
Mi erfaring er at det òg er lettare å komma i kontakt med andre enn sitt eige reisefølgje på små løp. Folk verkar å vera meir avslappa og ha betre tid – til å slå av ein prat og bli spontant med på felles nedjogging. Og er det nokon som manglar skyss heim, så er sjansen for å få «ja, hopp inn» stor.
Og at løpet er lite, treng på ingen måte å bety at det er dårleg. Mi erfaring er at arrangørar av små løp legg seg ekstra i selen med både løypemerking, premiebord og generell omsorg for at alle som kjem, skal trivast.
Sjølvsagt er ikkje låg kvantitet nokon garanti for høg kvalitet, men eg trur det er lettare for deltakarane, inkludert meg sjølv, å legge merke til den menneskelege faktoren i småløp. At det står folk bak som arrangerer løpet fordi dei er glade i deltakarane og vil at dei skal trivas.
Det er nokre år sia eg sist høyrde Stavangerensemblet-hiten «Smått e godt» på radioen. Men det eg er heilt sikker på, er at utan den store underskogen av småløp, ville løpsmiljøet i Noreg vori mykje fattigare. Så takk til dykk alle som held småløpa i gang, veke etter veke, år etter år. I haust vart de redninga mi.

Schjongs5er'n er ein kontrollmålt og nokså flat 5 km på Hønefoss der halve traseen går på mjukt underlag og halvparten på asfalt. (Foto: Camillla Walderstøen)
Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957