Ung-Kondis

Isak Drøpping flyg fort i fjella både sommar og vinters tid
17 år gamle Isak Drøpping trivst som best når han kan ta seg fort fram til fjells, enten det er med løpesko eller randoneeski på føtene. I sommar tok han tre sølvmedaljar i junior-VM i Skyrace.
Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 7–2024
Mange vart òg klar over talentet til Isak Drøpping da han i slutten av august sprang inn til tredjeplass totalt i Oppdal Fjellmaraton. Det er ikkje så ofte at 17-åringar hevdar seg heilt i teten i eit løp som er så langt at sjølv vinnaren held på i mest 4 timar.
Isak er med andre ord ikkje redd for å utfordre seg sjølv og gjera ting på sin eigen måte. I Surnadal har han godt med fjell å springe i om sommaren og både laussnø og alpinanlegg å trene i om vinteren.
– Eg har heile Trollheimen i nærleiken, og når eg er på hytta på Kårvatn, er eg i Trollheimens navle, fortel Isak da vi slår av ein prat tidleg i oktober.
Tidlegtur på ski
Han er ferdig med løpskonkurransane for i år, og treninga er no lagt opp med tanke på skisesongen, som han allereie så vidt har smaka på.
– Eg var på ski på Trolltinden på sundag. Det var bra med snø, men lite såle så det var fort gjort å treffe steinane, fortel Isak som har verdscupen og VM i Sveits som hovudmål for skisesongen.
Neste løpssesong har han ikkje tenkt så mykje på enno, men han er godt nøgd med den som var.
– Ja, det var stort å gjera det så bra i Skyrace-VM. Eg hadde på førehand håp om ei topp-fem-plassering, og om alt klaffa ein medalje. Men å ta fleire sølvmedaljar var overraskande, fortel Isak som òg var av dei yngste i klassen.
Med sølv i VM ligg han allereie framføre sin eigen far som var på landslaget i telemarkkøyring og har bronse frå VM. Vaksen opp i ein idrettsfamilie har Isak vori aktiv heile livet med freeski, alpint og fotball som hovudaktivitetar da han var yngre. I 2021 byrja han så smått med springing i fjellet.
– Eg var med nokre kompisar, og syntest det var artig både å utforske fjellet og å vera med på konkurransar.
– Kva er viktigast for deg – å bli god til å springe eller å vera ute i naturen?
– Eg vil seie at det viktigaste no er å bli god, men det å kunne kose seg i fjellet samstundes som ein blir god, er det beste. Så slik sett heng dei to i hop.
Bratt terreng
Vanlegvis blir det mykje springing i bratt terreng, men før VM i sommar la han inn ein del trening i flatare lende får å få meir fart i føtene. Skal ein bli ein god fjelløpar, må ein òg vera ein generelt god løpar.
Ein stor del av treninga gjer Isak åleine.
– Dei andre herifrå som satsar, har flytta til skigymnas i Meråker. Sjølv om det er artig å trene med andre, så har det òg sine fordelar å trene åleine. Da kan eg bestemme sjølv kva eg skal gjera og slik få best mogleg kvalitet på øktene. Men eg trenar med dei andre når dei er heime og synest det er kjekt.
Isak legg vanlegvis treningsplanar for ein månad om gongen. Dei fleste vekene har han to harde økter pluss ein lang langtur. Dei andre dagane er det som oftast to rolege turar. Til saman blir det mellom 15 og 20 timar med trening, og ein god del av treninga får han gjort i skoletida.
– Får du tid til anna enn skole og trening?
– Ja, viss eg vil, så får eg det. Det blir ikkje mykje festing, men eg tykkjer det er viktig å kose seg litt. Framføre viktige konkurransar gjer eg færre ting for å sikre at eg har overskott.
Den oppskrifta har gitt gode resultat så langt, og det blir spennande å sjå om Isak Drøpping på sikt kan nærme seg Kilian Jornet og dei andre store stjernene, både sommar og vinters tid. I Nesaksla Opp 22. september var det litt over 2 minutt fram til Kilian som vann, men Isak har heilt klart alderen – og utviklingspotensialet – på si side.

Isak Drøpping
Alder: 17 år
Bustad: Surnadal
Yrke/studium: Elev på Surnadal vidaregåande, breiddeidrett
Idrett: Sti-/fjellspringing om sommaren og randonee om vinteren
Klubb: Trollheimen Fjellsportklubb
Trenar: Sin eigen, men får oppfølging av trenaren for juniorlandslaget i randonee, Torstein Vestli
Merittar: springing: 3 sølv i junior-VM i Skyrace (vertikal, skyrace og samanlagt), 3. plass totalt i Oppdal Fjellmaraton 42 km, randonee: 1. plass sprint og vertikal i U18-klassen i norgescupen, 9. plass i U18-EM i 2024
(Foto: privat)
5 favoritter
Mat
Pizza
Drikke
Litago – dobbel sjoko
Fag
Økonomi
Idrettsutøvar
Kilian Jornet
Treningsøkt
Intervall med både bratte og flate drag

På randosamling: Etter ein sterk løpssesong er Isak Drøpping i gang med å bu seg til skisesongen. (Foto: privat
Døme på treningsveke i løpsesongen
Måndag
2 t 15 min roleg springing
Tysdag
Morgon: 1 t roleg springing
Kveld: 1 t 30 min roleg springing + 30 min skadeførebyggjande styrke
Onsdag
Intervalløkt sone 3 motbakke/flatt: 2 x 10 min i bratt motbakke, roleg ned i pausen + 5 x 1000 m flatt + 10 min motbakkedrag opp igjen
Torsdag
Morgon: 1,5 t roleg sykling
Kveld: 1 t roleg springing
Fredag
Morgon: 1,5 t roleg springing med nokre raske korte drag nedover
Kveld: 1 t 30 min roleg springing + 30 min skadeførebyggjande styrke om kvelden
Laurdag
Intervall: 3 x 5 min kontrollert i sone 4 puss 6 x 2 min i sone 5, 2 min pausar heile vegen. 5-minuttsdraga slakt oppover på grusveg og 2-minuttsdraga bratt oppover på sti.
Sundag
Morgon: 2,5 t roleg springing
Kveld: 6 km roleg springing på flatt underlag.