Marius Vedvik tangerte bestetida si i Hytteplanmila da han i haust sprang dette løpet for åttande gong.

Marius Vedviks treningsår: opptur i Hytteplanmila – godt med sesongpause

Sidan førre innlegget i «Mitt treningsår» har eg sprunge Hytteplanmila og elles hatt ein ekstra lang sesongpause. Det har vore godt å senke skuldrene litt, og det var ekstra kjekt å gjere det etter eit løp eg er stolt av.

Publisert

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 8-2025

Marius Vedvik

Marius Vedvik

Alder: 33 år
Bustad: Førde
Klubb: Førde friidrett 
Yrke: Online treningsvegleiar og vikarlærar 
Trenar: Meg sjølv
Persar: 3.44,04, på 1500, 7.53,01 på 3000 m, 13.29,46 på 5000 m, 28.42,15 på 10 000 m og 1.04.14 på halvmaraton
Merittar: 10 individuelle NM-gull: 1 på 1500, 2 på 3000, 2 på 5000, 2 på halvmaraton, 2 i terrengløp kort løype og 1 på maraton, nordisk gull 10 000 m (2014), bronse nordisk terrengløp (2016), 14. plass EM 10 000 EM (2014), 15. plass EM innandørs 3000 (2017), 3 sigrar i Oslo Maraton (2016, 2018 og 2022), 5 sigrar i Holmenkollstafetten med Gular (2013, 2017, 2018, 2019 og 2022), 1 siger i Sentrumsløpet (2017)

(Foto: Arne Dag Myking)

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 8-2025

Hytteplanmila på Svensrudmoen i Hole kommune vart arrangert for første gong i 2004 med Rune Janshaug som vinnar på tida 34.34. Dette året var det med to kvinnelege deltakara.

Sidan 2004 har arrangement vakse seg større og større, og dei siste åra har ein gjerne sagt at det er eit uoffisielt NM i 10 km gateløp med mange av landets beste løparar på start.Eg har sjølv vore med 7 gonger tidlegare (2011, 2012, 2013, 2017, 2018, 2023 og 2024). I 2011 var det 742 deltakarar, medan det i 2025 var 3893 fullførande. Det seier litt om løpsbølga i Noreg og mykje om Hytteplanmila si evne til å trekke til seg mange og gode løparar dei seinare åra.

Hyggeleg Hytteplanmil

Som eg nemnde i førre innlegg mitt i denne serien, har eg vore langt bak eige toppnivå i 2025. Eg sprang 10 000 meter i NM på 30.31, og ambisjonen for Hytteplanmila var å springe fortare enn det. Heldigvis fekk vi perfekte løpsforhold i år, og etter ei hyggeleg oppvarming med Vegard Warnes, Magnus Øyen og fleire andre såg eg lyst på å få til ei brukbar tid. 

Første kilometeren i Hytteplanmila går nedover, og det går styggfort med teten med passering under 2.40. Den store gruppa eg var ein del av, passerte i overkant av 2.50 på første 1000 m og låg sånn sett an til rundt 30.00 dersom ein justerer for løypeprofilen. Eg låg i rygg fram til rundt 2,5 km, men kjente meg sterk og tok føringa i gruppa fram til 4 km.

Etter 4 km tok fleire løparar meg igjen, og eg sprang relativt åleine siste halvdel sjølv om det ikkje var langt opp til puljen framføre. Ved passering 4 km låg eg som nr. 15, men etter 5 km var eg nummer 20. Eg passerte 5 km på 14.56, og siste 5 km gjekk på 15.13 med 30.09 som sluttresultat. Utifrå løypeprofilen er det ganske jamn springing og så optimalt som det går an å bli. Eg tok att ein løpar på siste halvdel og vart nummer 19 totalt.

God gjennomføring

Sett i ettertid trur eg det er eit av mine aller beste gjennomførte løp. Eg skulle sjølvsagt ønskt at forma var betre, men ein må spele med dei korta ein har. Følelsen etter 6-7 km var ganske god, men eg vart ganske sliten etter 8 km utan at tempoet gjekk ned. Eg klarte ikkje å auke farten nemneverdig, men klarte å halde den. Det er gjerne definisjonen på eit godt gjennomført løp. 

Elles var det interessant læring at eg før Hytteplanmila i år hadde siste intervalløkt på sundag seks dagar før løpet. Korte, rolege økter måndag til fredag ga overskott og var nok en viktig faktor til at eg her leverte eit så bra løp utifrå form og føresetnader. Overskott utan grunnlag er ikkje så mykje verdt, men når treningsgrunnlaget i utgangspunktet er godt, har eg veldig trua på fysisk og mentalt overskott inn mot løp.

I 2023 var eg for så vidt 32.00-hare, men elles har eg ofte slite i Hytteplanmila, sjølv i gode sesongar. Her er ei oversikt over resultat på Hytteplanmila først og årsbeste på 10 000 / 10 km i parentes:

2011: 31.58 (31.58)
2012: 30.36 (30.25)
2013: 30.09 (30.09)
2017: 30.36 (29.26)
2018: 30.33 (28.42)
2024: 30.39 (30.44)
2025: 30.09 (30.09)

2025-løpet var både tangering av mitt beste resultat i Hytteplanmila og klubbrekord på 10 km gateløp for Førde friidrett, så heilt klart ein opptur i min svakaste sesong tidsmessig sidan 2011. 

Eg sprang på 29.44 på 10 km Lustraløpet for Førde i 2024, men dette løpet går frå A til B og har målgang litt for lågt til å bli godkjent. Offisiell pers på 10 km gateløp er 29.26 frå Sentrumsløpet i 2017, men eg har faktisk sprunge på 29.03 i testløp saman med legenda Eivind Øygard og sykkelhare Matias Førde langs Jølstravatnet i 2020 utan at dette dessverre blir godkjent som 10 km-pers. 

Lang sesongpause 

Som eg nemnde i førre innlegg har planen vore å ta det veldig med ro frå Hytteplanmila og fram til jul. Frå eit snitt på 140 km i veka frå 1. januar til midten av oktober blir snittet på dryge 70 km frå midten av oktober og fram til nyttår.

Det er eit heilt bevisst val etter mange år med knallhardt trenings- og konkurranseprogram, og eg trur og håpar at kroppen og hovudet har godt av det, og at eg kan ta to steg fram etter å ha tatt eitt steg tilbake.

Muskulært trur eg det likevel er viktig å holde hjula i gang, og det er vesentleg betre med 70 km enn 0 km i veka. Eg har gjennomført nokre standardiserte mølleøkter og tenker å gjennomføre dei vidare gjennom vinteren. Eg har trua på stor progresjon i tida framover.

For treningsinteresserte deler eg det aller meste av treninga på Strava, og eg synst det er veldig kjekt å dele kunnskap og inspirasjon. Per 30. november 2025 har eg 3505 følgjarar på Strava, og eg ønsker nye følgjarar velkommen til min treningskvardag. Det er berre kjekt og motiverande. 

2026-sesongen

Etter ei treningsmessig veldig roleg avslutning på året kjem nok totalmengda for 2025 å bli på rundt 6600-6700 km. Det er litt mindre enn i 2023 og 2024 da eg hadde 7200 og 7300 km, men likevel nok til at det er eit godt utgangspunkt for 2026. Spesielt med tanke på at eg til saman har rundt 70 000 km med springing dei siste 10 åra og over 250 løp.

Saman med Roger Pollen held eg på å planleggje Holmenkollstafetten for Førde friidrett, og dette blir heilt klart det viktigaste for min del i 2026. I 2025 var vi dryge 40 sekund bak opprykk, men dette var utan stjerneløpar Halfdan Emil Færø, og med han på laget blir vi nok endå sterkare i 2026. Førde har aldri vore i eliteklassen i Holmenkollstafetten, så det hadde vore heilt magisk endeleg å klare det.

Her vil eg oppfordre alle involverte til å vise engasjement og treningsiver. For kva er vel kjekkare enn saman å oppnå noko for sitt lokale idrettslag? Mine fem førsteplassar med Gular i Holmenkollstafetten er fantastisk gode minne, og saman med siger med Førde på handballturneringa Baldus Cup på Lillehammer i 2006 er den blant mine aller kjekkaste idrettsopplevingar.

Bygda Jølster i Sunnfjord har stilt lag i mange år og vart nummer sju i 2025 på tida 51.23 – 2 minutt og 24 sekund bak gullvinnar Ullensaker/Kisa. Førde brukte 54.00 og var 2 minutt og 27 sekund bak Jølster igjen, så vi har ein lang veg å gå for å bli beste stafettklubb i gamle Sogn og Fjordane, men eg er heilt sikker på at vi skal klare å bli det på sikt. Det er ikkje eit spørsmål om viss, men når.

Elles får eg sjå kva 2026 bringer, men det blir iallfall hovud-NM i Trondheim og å finne andre motiverande løp. Eg vil nok trene mindre enn før, men forhåpentlegvis smartare. Det er interessant å forske litt på ulike ting på slutten av karrieren. 

I 2026 som i 2025 vil eg også hjelpe andre med å nå sine mål, og dersom du ønsker treningsoppfølging frå meg, er det berre å ta kontakt på mariusvedvik@hotmail.com. Utøvarane sjølv definerer ambisjonar og mål med løpinga, medan eg hjelper til på vegen mot målet. 15 år med løping med og utan intensitetsstyring har gitt god erfaringsmessig kunnskap, og det er berre kjekt å hjelpe andre.

Elles vil eg takke Førde friidrett og samarbeidspartnarar for støtta i årets sesong. Det betyr mykje, og eg ønsker å gi så mykje tilbake som mogleg. Målet mitt er heile tida å maksimere idrettsglede og løpeglede. 

Det har også vore ei glede og sann ære å få dele i «Mitt treningsår» i Kondis. Kondis betydde mykje for meg allereie i 2010, så det har vore kjekt å gi litt tilbake til Kondis som står for eit viktig samfunnsoppdrag: Å stimulere og motivere til aktivitet.

Thomas Solberg Eide

Avslutningsvis ønsker eg å dele nokre ord om Thomas Solberg Eide som gjekk bort så altfor tidleg. Thomas var ein utruleg snill og smilande person som også var lynrask med sko på beina. I 2011 tok Eide sølv i U20-EM på 1500 m, dagen etter 22. juli.

Dessverre sleit han mykje med skader i seniorkarrieren sin, men eg var heldig å bu med han på Gularhuset i fleire år. Han var alltid hyggeleg, nysgjerrig og ein nydeleg person. Skadar sette ein stoppar for vidare utvikling som løpar, men han utdanna seg som radiograf og trente både styrke og etter kvart løping då akillesen vart betre.

Eg møtte ofte Thomas tilfeldig i Bergen då eg var der dei siste åra. Tilfeldigvis satt eg òg ved sidan av han på eit fly til Flesland i fjor etter treningsleir i Portugal, og vi snakka om laust og fast. Nokre veke seinare møtte eg han på butikken i Bergen, og han takka meg for at eg alltid smilte til han. Takk for at du alltid smilte til meg også, Thomas. 

Marius Vedvik gir alt opp spurtbakken i Hytteplanmila.

 

Powered by Labrador CMS