Både Morten Gjendem og Kristine Dommersnes hadde ei trygg luke bakover til konkurrentane i Djupadalten. (Foto: arrangøren)
Både Morten Gjendem og Kristine Dommersnes hadde ei trygg luke bakover til konkurrentane i Djupadalten. (Foto: arrangøren)

Morten Gjendem og Kristine Dommersnes vann Djupadalten på sterke tider

Kristine Dommersnes og Morten Gjendem var raskast av dei 179 kvinnene og 463 mennene som sprang den 9,3 km lange Djupadalten i Haugesund sist laurdag. I tillegg fullførte 191 den 3,8 km lange Skeisdalten, medan eit ukjent tal unge fekk bryne seg på den 750 m lange Minidalten.

Publisert Sist oppdatert

Løypa i Djupadalten har ein lang og delvis bratt stigning med tilsvarande nedoverbakke mot slutten. Det gjer at mange ikkje bruker så veldig mykje kortare tid enn på ein flat 10 kilometer. Dermed ikkje sagt at Kristine Dommersnes ville ha sprungi på 32.13 om ho hadde stilt i Hytteplanmila som gjekk same dag. Men det var ei sterk vinnartid i Djupadalten, og slik oppsummerte ho løpet i Strava-rapporten:

Løypa i Djupadalten har ein lang og delvis bratt stigning med tilsvarande nedoverbakke mot slutten. Det gjer at mange ikkje bruker så veldig mykje kortare tid enn på ein flat 10 kilometer. Dermed ikkje sagt at Kristine Dommersnes ville ha sprungi på 32.13 om ho hadde stilt i Hytteplanmila som gjekk same dag. Men det var ei sterk vinnartid i Djupadalten, og slik oppsummerte ho løpet i Strava-rapporten:

"Pers med 23 sek! Va èin del motvind. Følte eg hadde litt mer å gå på, satsa på sub 32 neste år👍🏼😎"

Kristine hadde god margin – 2.38 – bakover til Oslo Maraton-vinnar Helene Hope på andreplass. Linn Viksund vart nummer tre med 35.35, og på fjerde finn vi ein tidlegare EM-deltakar, Pernilla Epland som kom i mål på 35.39.

Djupadalten-start.jpg

Både Kristine Dommersnes og Morten Gjendem var langt framme i feltet ut frå start. (Foto: arrangøren)

Pernilla-Epland-2.jpg


Pernilla Epland er ikkje i like god form som da ho ved eit par høve kvalifiserte seg til EM, men framleis er det driv i steget, og no vart ho nummer fire. (Foto: arrangøren)

Djupadalten 9,3 km kvinner

PlassNavnKlubbKlasseTid
1Kristine DommersnesHaugesund IdrettslagK25-290:32:13
2Helena HopeSpirit FriidrettsklubbK30-340:34:51
3Linn ViksundPwCK25-290:35:35
4Pernilla EplandStord ILK30-340:35:39
5Marthe HANSSENKarmsundK30-340:36:54
6Lucyna FilipekHaugesund IdrettslagK40-440:37:36
7Silje TorsvikSpirit FriidrettsklubbK30-340:37:43
8Anna Sofie FørreHaugesundK25-290:37:57
8Helene HaavikBoostK30-340:37:57
10Silje Vaule MilenkovicSpirit FriidrettsklubbK20-240:38:44
11Astrid LotheHydroK30-340:39:48
12Karen HaavikKarmsundK30-340:40:28
13Ingjerd MelingOsloK35-390:40:55
14Ida GabrielsenHaugesundK25-290:40:59
15Vivian KyteStegaberg ILK40-440:41:04
16Arnhild ØverlandSauda ILK35-390:41:43
17Vilde LundinBUL-Tromsø,FriidrettK25-290:42:24
18Ingrid Langevei MælandOsloK25-290:42:56
19Christina Haug OsmundsenHaugesundK35-390:42:57
20Mari Strandenes KnutsenTeam få Holme i FormK35-390:42:59


HIL-siger òg på herresida

I herreklassen vart det òg heimesiger – til Morten Gjendem som sprang på 29.31. I Strava-rapporten gav han mest kredit til berre 15 år gamle Elias Landøy Rasmussen som vart nummer tre med 30.25:

"Sololøp og 26 sek bak pers. Dagens prestasjon ble løpt av unge supertalentet Elias Rasmussen 🥉 med tiden 30:25 👏 imponerende! 3-Sjøersløpet neste 🙌"

Elias Landøy Rasmussen er son av dei to storløparane Bente Landøy og Karl Johan Rasmussen. Karl Johan har sjølv vunni Djupadalten tre gonger med 28.57 som best tid. Bente Landøy har på si side to sigrar med 32.11 som si raskaste tid. Løyperekordane i Djupadalten har Urige Buta og Susanne Wigene med 27.36 og 31.39.

Årets vinnar, Morten Gjendem, har 30.31,9 som pers på 10000 m, så med andre ord var han akkurat minuttet framføre den no, i den 700 meter kortare, men atskilleg meir kuperte løypa. Ifølgje Strava har Djupadalt-løypa ca. 125 høgdemeter stigning og fall.

Mellom vinnar Morten og unge Elias på tredjeplass kom Einar Kalland-Olsen som sprang på 29.48.

Einar-Kalland-Olsen.jpg


Einar Kalland-Olsen sprang inn til andreplass, 17 sekund bak vinnar Morten Gjendem. (Foto: arrangøren)

Elias-Landoey-Rasmussen.jpg


Berre 15 år gamle Elias Landøy Rasmussen sprang inn til tredjeplass. (Foto: arrangøren)

Djupadalten 9,3 km menn

PlassNavnKlubbKlasseTid
1Morten GjendemHaugesund IdrettslagM30-340:29:31
2Einar Kalland-OlsenAker SolutionsM30-340:29:48
3Elias Landøy RasmussenHaugesund IdrettslagM15-160:30:25
4Thomas MælandHaugesund IdrettslagM35-390:30:51
5Arvid GodtfredsenHaugesundM35-390:31:32
6Espen HermansSogndal ILM35-390:31:39
7Kristoffer NordhusHaugesund IdrettslagM25-290:31:57
8Luke Arthur John CambridgeHaugesund Idrettslag / Achievers MSTM35-390:32:14
9Stian Benjamin Bråten JohannessenBagn ILM25-290:32:21
10Henrik LindtnerHaugesundM30-340:32:57
11Håkon KolstøHaugesund IdrettslagM30-340:33:04
11Stian VestbøHaugesundM40-440:33:04
13Espen HelgelandKortlagetM35-390:33:13
14Eirik Renna EilertsenStegaberg ILM25-290:33:16
15Eivind VikingstadHaugesund ILM13-140:33:18
16Eirik StøleHaugesundM35-390:33:56
17Petter NatåsTöde SportM30-340:34:25
18Endre SnørtelandHaugesund IdrettslagM25-290:34:29
19Einar ØrkeHervik RørM35-390:34:34
20Bjørnar MadsenHaugesund FanteriM30-340:34:47


Unge dominans i Skeisdalten

13 år gamle Linea Helgevold Fjelldalselv og 14 år gamle Eirik Førre var raskast på den 3,8 km lange Skeisdalten. Eirik brukte 13.00 på den nokså flate løypa. Linea hadde nest best tid av alle og imponerte stort med 13.21.

I Skeisdalten var det dei unge som dominerte og alle dei seks som kom på pallen var yngre enn 15 år. Beste godt vaksne var Susanne Wigene som sprang med sonen Sivert og vart nummer fire med 15.04. Berre 9 år gamle Sivert var nummer tre i mål i herreklassen med 15.03.

Linea-Helgevold-Fjelldalselv-Skeisdaltvinner.jpg


Linea Helgevold Fjelldalselv vann kvinneklassen i Skeisdalten med god margin og var nummer to totalt. (Foto: arrangøren)

Eirik-Førre-Skeisdaltvinner.jpg


Eirik Førre spurta inn til førsteplass og 13.00 i den 3,8 km lange Skeisdalten. (Foto: arrangøren)

Start-Skeisdalten.jpg

Starten har gått, og vi ser Sivert og Susanne Wigene (546) side om side i det gjennomsnittlege heller unge feltet. (Foto: arrangøren)

Familiefelt.jpg

Djupadalten er eit flott familiearrangement med tilbod til folk i alle aldrar. (Foto: arrangøren)

Djupadalten-felt.jpg

Skeisdalten 3.8 km kvinner

PlassNavnKlubbKlasseTid
1Linea Helgevold FjelldalselvHaugesund IdrettslagK13-140:13:21
2Ingrid FrøylandHaugesund Idrettslag FriidrettK11-120:13:54
3Martine A. RindeHaugesund IdrettslagK13-140:14:18
4Susanne WigeneHaugesund IdrettslagK45-490:15:04
5Ida T BjørhovdeReach SubseaK25-290:15:56
6Martine DalsethHaugesund Idrettslag / Haugesund ilK15-160:16:07
7Lilly Helgevold FjelldalselvVindafjord ILBarn 0-100:17:41
8Line FjelldalselvVindafjord ILK40-440:17:43
9Anne Sigrid Øye RossebøSauda ILK11-120:18:15
10Liv FrøylandHaugesund Idrettslag FriidrettBarn 0-100:18:25

Skeisdalten 3,8 km menn

PlassNavnKlubbKlasseTid
1Eirik FørreTorvastad ILM13-140:13:00
2William Helgevold BangVindafjord ILM13-140:15:02
3Sivert Stave-WigeneHaugesund IdrettslagBarn 0-100:15:03
4Oddvar FrøylandVard HaugesundM13-140:15:13
5Martin HeggebøVindafjord IdrettslagM13-140:15:38
6Nikolai InnocentVormedalM11-120:15:46
7Roy RatcliffHIL MosjonisterM65-690:15:50
8Elvin DaleergaRosseland BallklubbBarn 0-100:16:00
9Vegard Moe HandelandSuldal ILBarn 0-100:16:07
10Markus James RatcliffHaugesundM17-190:16:11


Vakre haustfargar og massevis av spreke mosjonistar er noko av det som bruker å kjenneteikne Djupadalten, og slik var det i år òg. (Foto: arrangøren)

Powered by Labrador CMS