Rune Opem og Ingrid Raa Hauge klart best i Galdane Rundt i Lærdal
Friidrettsgruppa i Lærdal IL arrangerte terrengløpet Galdane Rundt for 14. gong laurdag 12.september.
Løpet går på delar av Kongevegen over Filefjell i ei kupert rundløype på ca 8,7 km. Deltakinga var veldig bra tross at det var mange andre arrangement og aktivitetar denne helga. Nær 50 sprang på tid og 100 var med i mosjonsklassa. Været var optimalt med god temperatur, stille og opphaldsvær sjølv om værmeldinga varsla litt regn utpå dagen. Løypa var nyslegen og fin, og motbakkane var like bratte i år som i fjor.
Spesielt imponerande av Rune Open, IL Dalebrand, i klasse menn 50-54 år, som vann totalt på 32:27 minutt! Han var 2:35 min før nr 2 , Sigurd Sollien Hulbak, Hemsedal IL som brukte 35:02 minutt. Tredje beste tid hadde Asgeir Jensen, Birkenes IL på 37: 11 minutt.
Blant kvinnene vann Ingrid Raa Hauge, Gular IL, men opprinneleg lærdøl på tida 40:26 minutt. Ingrid vann og i fjor og forbetra tida med 22 sekund. Kristin Bakke, Sandnes IL vart nr 2 på 44:45 minutt og tredje beste var Åslaug Golf Kaardal, Lærdal IL. Ho brukte 45:37 minutt.
Utruleg gode tider til dei i klasse yngre rekrutt dvs. under 15 år der Fredrik Kristiansen Aubert vann på 38:12 minutt. Alle 5 i yngste klassa kom under timen og alle fekk premie, elles var det premie til klassevinnarane.
I mosjonsklassa deltok mange familiar og folk i alle aldrar. Det var medalje til alle løparane i både mosjonsklassa og konkurranseklassa. I mål var det mykje god bakst og kaffi å få kjøpt, noko som smakte godt etter ein bra tur.
– Tusen takk til alle som deltok på årets Galdane Rundt og vel møtt neste år! Me er veldig fornøgde, seier Bjørghild Holien, løpsleiar og leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL.