
Slik trener Solveig Hernandez Vråle som vann Sentrumssprinten i fjor
I fjor trona ho øvst på pallen etter Sentrumssprinten, Sentrumsløpets eigen 800 meter ned Karl Johan. I år er ho usikker på forma etter ein langvarig kyssesjukeinfeksjon i vinter.
I år er det største målet å klare å halde seg skadefri.
– Det einaste eg ynskjer dette året er berre å springe og springe, fortel ho, men legg til at ho har eit mål til:
– Eg håper å kunne slå rekorden til mor mi på 800 meter dette året. Det er snart på tide, smiler ho.
Tidleg opptatt av friidrett
Mammaen Solveig viser til, er Tonje Vråle som har sølv på 800 meter frå NM i 1991. Rekorden Solveig siktar mot, er på 2.05,54 frå 1993.
Med ei mor som brukte mykje tid på friidrettsbana kan ein seie at Solveig fekk friidretten inn med morsmjølka.
– Eg og søstera mi var ofte med då mamma trente. Eg kan ikkje hugse når eg starta å springe. Eg har nok drive med det heile livet, seier jenta som starta med friidrett i 11-årsalderen samstundes som ho òg dreiv med mange andre idrettar. Då ho vart 16-17-åring satsa ho på friidretten på ordentleg. Den gongen var det mangekamp som fasinerte Solveig. Etter kvart vart det 400 meter flatt og hekk i 19-21-års alderen, og no som 23-åring er det 800 meter som har vorte distansen.

NM-sølv: Solveig Hernandez Vråle fekk NM-sølv på 800 meter U23 kvinner i 2020. Her saman med Amanda Marie Grefstad Frøynes som vann, og Christine Næss. (Foto: Arne Dag Myking)
Treningsveka
Ei typisk treningsveke for Solveig inneheld gjerne terskelbaserte økter, sprintøkter og korte langturar på 30-40 minuttar.
– No i mengdetreningsperioden vert det også meir styrke, fortel ho.
Til saman trener Solveig omkring 15 timar i veka. Som regel vert det trening to gonger om dagen, men nokre dagar berre ei trening, og på fredag er det fri.
– Fredagane er heilage. Då tar vi tidleg helg, seier ho.
Ei typisk veke kan sjå slik ut
Måndag: 40 minuttar jogg om morgonen, og 100-metrar i litt over 800-meterfart om kvelden.
Tysdag: Fleire 500 metrar på terskel der ho avsluttar med litt raskare springing med piggsko, til dømes 100 metrar for å få meir fart.
Onsdag: Morgonjogg på 30-40 minuttar og styrketrening på treningssenter om kvelden.
Torsdag: Dette kan vere ei trappeøkt der ho varierer med hopping, hinking og springing i trapper. I tillegg kan det verte ein joggetur på 30 minuttar om morgonen.
Fredag: Kviledag
Laurdag: Springing i bakkar om morgonen og ei roleg økt med innlagte 3-minuttars terskeldrag.
Søndag: Roleg langtur på 50-60 minuttar.
Har bachelorgrad
Solveig er utdanna bioteknologi- og kjemiingeniør, og arbeider som trenar og privatlærar innan matte, spansk, fysikk og kjemi. Målet er å halde på med springinga i mange år framover.
– Det er moro å vere trenar. I tillegg er det ein jobb som er lett å kombinere med idretten, seier ho.

Noregsmeister: Ei strålande nøgd Solveig Cristina Hernandez Vråle, som ikkje har 1500 meter som spesialdistanse, tok i 2021 gull i U23-NM på den distansen. (Foto: Arne Dag Myking)
Litt meir om Solveig Hernadez Vråle
Alder: 23 år
Utdanning: Bachelorgrad. Utdanna bioteknologi- og kjemiingeniør
Yrke: Trenar og privatlærar i matte, spansk, fysikk og kjemi. Er òg leiar for Lerøy-prosjektet for Oslo friidrettskrets.
Merittar:
- 1. plass på Sentrumssprinten, 2022
- NM-gull på 1500 meter og 800 meter i U23-klassen, 2021
- NM-sølv på 800 meter og 400 meter hekk i U23-klassen, 2020
- NM-sølv i tresteg, 2019
- NM-gull på 400 meter hekk og NM-sølv på 800 meter i U23-klassen, 2019
- NM-bronse i 400m hekk, 2018
- NM-gull på 400 meter, 400 meter hekk og tresteg i U20-klassen, 2018
- Har delteke i 7-kamp og 1000 m stafett i U18-EM i 2016, 400 m hekk i U20-VM i 2018, 400 m hekk i U23-EM i 2019, 800 m og 4 x 400 m i U23-EM i 2019
Persar:
- 400 meter hekk: 58,11
- 400 meter flatt: 55,33
- 800 meter: 2.06,51
- 1500 meter: 4.25,36