
Sprang seg inn på Kondisstatistikken etter hofteoperasjon
Den 21. november 2021 bytta Per H. Thorud (76) ut den eine hofta. To år seinare sprang han seg inn på Kondis sin veteranstatistikk med tida 59.09 i klasse M75-79 år i «10 for Grete». No stiller han til start i Sentrumsløpet for 40. gong.
Per H. Thorud har alltid vore ein aktiv mann som har trena springing, sykling, langrenn og motorcross store deler av livet. Tidlegare vart det òg ein del styrketrening.
Han har til dømes vore med i Den store styrkeprøven – Trondheim-Oslo – fleire gonger på 70-talet, og han har sykla Birken.

Sprunge eit maratonløp: Per har sprunge mange halvmaratonløp og kortare distansar, men har berre vore med på maraton ein gong. Det var i Oslo Maraton i 1981. Den gongen sprang dei ein 42 kilometer lang runde frå Rådhusplassen ut til Sandvika, attende til gamlebyen, Torshov, Frognerparken og med målgang på Bislett. Per sprang i mål på tida 3.38. (Foto: privat)
LES ALLE VÅRE REPORTASJER FRA SENTRUMSLØPET: Sentrumsløpets samleside på Kondis
I dei seinare åra har det vorte mest springing.
– Eg trenar springing tre gonger i veka. Ein gong i veka saman med Romerike Runners på Lillestrøm og dei andre åleine, seier han.
Kom raskt tilbake
Per sprang og trena styrke heilt fram til operasjonen. Etter at han bytta hofte 21. november 2021 tok han pause frå springinga fram til midten av februar 2022.
– Eg starta med styrkeøvingar allereie den 13. desember, seier Per.
Han studerer treningsdagboka si på leiting etter informasjon rundt opptreninga etter operasjonen.
– Allereie ein månad etter operasjonen satt eg på ergometersykkel hos fysioterapeuten, seier han og viser til oppføringane ved datoane 20. og 21. desember – ergometersykkel.
– Eg vart råda til ikkje å springe i tida etter operasjonen. Eg venta difor til 24. februar før eg sprang min første kilometer. Den gjekk på 7 minutt og 19 sekund på kilometeren. Eg var heilt køyrd etterpå. Eg var i utruleg dårleg form, fortel Per.
– Eg skjønte ikkje kva som hadde skjedd, ler han.
Mykje ergometersykling
Per var nøye med å gjere dei øvingane fysioterapeuten råda han til. Det vart òg mange timar på ergometersykkelen.
– Sykling var skånsamt for beina og var det eg tolte best etter operasjonen, seier han.
Gradvis kjempa han seg attende til springinga, og eit år seinare stilte han til start i Sentrumsløpet for 38. gong, og kom i mål på tida 1.05.
– I treningsdagboka står det at den gjennomsnittlege pulsen var på 155, mens makspulsen var oppe i 174. Eg sprang i sone fem i halvparten av løpet, seier Per.
Skadefri
I ein opptreningsperiode etter eit lengre treningsopphald er det fort gjort å dra på seg ein skade, men Per har vore heldig.
– Eg har klart meg bra og ikkje vorte skada. Det var nokre legar som meinte at det no var slutt på springinga, men eg ville ikkje det skulle vere det. Det går faktisk svært godt å springe. Det er aktivitetar som grasklipping og snømåking som kan vere tøft. Eg merkjer at det å skyve noko framfor meg, ikkje er heilt bra, seier han.

Kina: I 2017 sprang Per H. Thorud halvmaraton i Hangzhou i Kina på tida 1.57. (Foto: Privat)
I dag spring han tre gonger i veka. Den eine dagen er det intervall. Då plar han springe 4 x 4 minutt med to minutt pause imellom.
– Eg synes eg har god effekt av å springe 4 x 4-intervall. Dei to andre dagane er det rolege turar. Der den eine er ein langtur opp mot 15-16 kilometer, seier Per.
40. gong
Den 27. april stiller han på startstreken i Sentrumsløpet for 40. gong. Då skal han springe saman med den 40 år gamle dottera Christine Eri Thorud. Det var Christine som tipsa oss om den spreke faren hennar som har vore ein så trufast slitar i Sentrumsløpet gjennom mange år.
Vi ønsker dei begge to hjarteleg lykke til!

Spring saman: Christina og Per har sprunge Sentrumsløpet saman tidlegare òg. (Foto: Privat)