Spring deg i form gjennom vinteren
Mange er godvêrsspringarar – du møter dei aldri ein regnvêrsdag. Andre er sommarspringarar – du ser dei ikkje etter at snøen har lagt seg. Her kjem åtte gode råd som vil hjelpe deg til å ta vare på – og gjerne forbetre – løpsforma gjennom vinteren.
Forma som var så god i Hytteplanmila, skulle helst vori like god til Sentrumsløpet. Men for dei fleste av oss det ligg ein lang, kald, mørk og glatt vinter imellom. Alt går litt tyngre og seinare her på jorda når deler av himmelen dett ned. Dørstokkane kjennest høgre, grunnane til å bli verande inne fleire.
Men somme kjem seg gjennom vinteren med løpsforma intakt. Kva er det med dei? Har dei funni ein måte å gjera det på som kan fungere for fleire?
Her er nokre tips som kan gjera godvêrsspringarar til allvêrsspringarar og sommarspringarar til vinterspringarar.
1. Avtal med andre
Finn deg nokon å springe med – til faste tider, ein eller fleire gonger i veka. Det kan vera ein kompis, nabo, arbeidskamerat, ei joggegruppe eller ein idrettsklubb. Kvar tysdag klokka seks, utan vêrreservasjon. Lat det gå prestisje i å møte opp. Med ein forpliktande avtale møtest ein ikkje berre for si eiga skuld, men òg for den eller dei andre. Så kan ein feire med å ta eit måltid i lag etterpå.
2. Avtal med deg sjølv
Viktigare enn å ha ein avtale med naboen er det likevel å ha ein avtale med seg sjølv. Har ein bestemt seg for å springe gjennom vinteren, er det mogleg å gjera det. Sjølv om det er kaldt ute, klamt på treningssenteret og keisamt på mølla. Somme gonger gjer ein overordna val, som gjer at ein slepp å ta daglege val. Eg hugsar storløpar Knut Kvalheim ein gong fortalte at han aldri vurderte om morgonen om han skulle springe morgonøkt eller ikkje. Valet var for lengst teki, og treningskleda var lagt fram om kvelden slik at det om morgonen berre var å hoppe i dei og gå ut døra.
3. Varier treninga
Faste avtalar og gode rutinar er bra, men variasjon er heller ikkje å forakte. Alle økter som skal gi god løpform til våren, treng ikkje å vera løpeøkter. Stort betre løpetrening enn langrenn finst ikkje. Naturoppleving, fart og spenning får du på kjøpet. Ofte kan skiføret vera like godt som det springføret er skralt, og har ein valet mellom nydelege skiturar i marka og triste saltasnøturar gatelangs, er det lov å velje det som ein blir både glad og sprek av. Symjing, spinning, skeiserenn og salsa kan òg vera fin variasjon til springinga dei dagane løpeskorne ikkje lokkar.
4. Varier springinga
Og sjølv dei dagane ein spring, er det både lov og lurt å variere.
- Spring på ulike – og gjerne nye – stader.
- Spring med trugar i skogen.
- Spring på mølla.
- Spring i laussnøen – snøpulsing er ein gammal og god svensk tradisjon.
- Spring roleg, spring fort, spring langt, spring sprint, spring intervall.
- Piggsko bit på fast snø og is.
- Berrfotsko fungerer òg om vinteren.
- Det finst 32 norske ord for å springe – og minst like mange måtar å springe på.
5. Ver med på karuselløp
Mange stader er det mogleg å delta i uhøgtidelege konkurransar gjennom store deler av vinteren. Dei er sosiale, dei er inspirerande, dei er formbyggjande og formbevarande. Sjekk Terminlista på kondis.no og finn den nærmaste vinterkarusellen og bli med. Eg veit knapt om nokon som har angra at dei har vori med på eit vinterkaruselløp. Om verken tid eller plassering blir av beste merke, gir det ingen grunn til å deppe. Du har tvert imot fått eit fint utgangspunkt du kan måle framgang ifrå.
6. Blink ut eit vårleg konkurransemål
Mål er motiverande. Har ein bestemt seg for å springe Rotterdam Marathon eller Råskinnet til våren, vil det vera lettare å komma seg ut dei vinterdagane ein elles ville nøydd seg med å gå ruta mellom middagsbordet og tv-sofaen. Med eit utpeika mål får også vintervandringa retning. Har ein sagt ja til maratonform, vil det kanskje medføre nei til maratonøkter framføre fjernsynet, men ein kan til gjengjeld oppleva den gleda det gir å følgje den kursen ein har blinka ut.
«Eg ser ikkje bort frå at akkurat denne turen blir avgjerande for resultatet i Sentrumsløpet til våren», sa Bjarte Vik da vi sprang morgontur i 10 minus og nordavind ein februardag for snart 20 år sia. Og Bjarte sprang fort da april kom, han.
7. Drøym om neste sommar
Letteføtte solskinsturar i shorts og T-skjorte. Vårleg fuglesong og sommarleg insektssumming langs stiane i skogen. Føter som vil og eit hjarte som slår. Kan hende er det slik springinga er på sitt aller beste. Den vi lengtar etter når det er både kaldt og glatt, og sola så vidt klatrar over horisonten.
Visst er det lov å drøyme, og kanskje kan draumen om dei glade sommarturane inspirere til å halde seg i gang også gjennom vinteren. For utan vinterturar blir ikkje sommarturane like lette. Og utan motvind om vinteren, er det ikkje sikkert vi vil verdsetje medvinden sommars tid.
8. Ver til stades der du er
Og så er det til sist likevel livet her og no det handlar om. Det som ikkje kan utsetjast med ein månad eller fire. Det er vinter, og eg lever. Det er vinter, og eg spring. Med snøkav og djupe fonner, med glipptak i svingen og rimfrost i fjeset. Visst har vinteropplevingane verdi i seg sjølv. Og det som i utgangspunktet kan opplevast som vanskeleg og krevjande, blir gjerne enda meir givande og meiningsfylt når ein likevel tek seg bryet.
Bryet med å bryte opp og ut. Bryet med å springe med vintervind imot. Ta julekortet ned frå veggen og bli ein del av motivet. Hels på dompapen og spurt om kapp med hestane. Lat snøfnugga smelte mot kinnet.
Ingen av oss veit kor mange vintrar vi har att. Kanskje vi skulle leva – og springe – som om denne var den siste?