Etter målgang ved Mjøsvågen Landhandleri blir det «Osterøy på tvers-meny», premieutdeling og sosialt samvere for deltakarar og publikum. Turen blir ein spennande kraftprøve i vakker natur uansett om ein går eller spring.
For dei som ikkje fekk plass på Bergen Fjellmaraton 5. juni, er dette ein glimrande erstatning. Eventuelt kan ein ta løpet som trening eller tøff gjennomkøyring før turen over Vidden. Fleire løparar gjorde det i fjor.
Løypa går i hovudsak på sti, men er også innom skogsvegar, grus og asfalt. Sjeldan har ei løype fått meir skryt! Den er tøff og variert med rundt 1300 høgdemeter. Løypa er innom Borgasetra, Njåstad, Myking og toppen av Tveitafjellet (556 moh), før den går ned mot idylliske Hosanger ved Mjøsvågen.

Løypekart: Løypekart Stravalink
I fjor var det 330 deltakarar der 100 sprang i konkurranseklassen. I denne klassen går det mot deltakarrekord. Fjorårsvinnar Jan Tore Tellefsen frå Bergen Løpeklubb sette ein sterk løyperekord med 1.55,30. I kvinneklassen sette Silje Oksholm Arnøy løyperekord med 2.12,54. Regn de siste dagane har gjort løypa litt meir utfordrande, men vêrmeldinga på sjølve løpsdagen ser lovande ut.
Det er både turklasse og konkurranseklasse med vanleg aldersinndeling. Turklassen har fleksibel start mellom klokka 8 og 9, konkurranseklassen startar klokka 11. Påmelding og tidtaking ved Eqtiming (Osterøy på tvers). Det blir gåvekort frå Sport 1 Åsane til dei tre beste menn og kvinner og laks frå Lerøy til klassevinnarane. I turklassen blir det trekt ut premiar på startnummer. Delar av overskotet frå arrangementet går som før til Barnekreftforeningen.
Arrangøren har sett opp to bussar frå Hosanger til Bruvik både for tur- og konkurranseløparar, men ein kan også parkera bilen ved kyrkja på Bruvik. Arrangøren oppmodar til samkøyring frå Hosanger til Bruvik etter løpet slik at folk kan få henta bilane sine. Det blir organisert transport av tøy og bagasje frå start til mål.
«Osterøy på tvers» er eit samarbeidsprosjekt mellom fire idrettslag; Osterøy, Mjøsdalen, Fotlandsvåg og Bruvik. Ved spørsmål: kontakt Bjarte Vik (bjartevik30@hotmail,456 02 908) eller Øystein Øvsthus (oystein@mjosmetall.no, 952 20 456).
Informasjon om løpet på Facebook
Nettsida til arrangøren

