Vi har fått fylgjande rapport frå arrangøren Fjellhug/Vereide IL: 
Det vart ein flott Gloppen Halvmaraton, og arrangemanget gjekk greitt.  Mange godord i etterkant frå deltakarane, både over oss som arrangørar, men også over den flotte løypa, naturen, godt ver - alt saman faktorar som førde til mange persar og årsbeste for deltakarane.  Og som vanleg når folk er nøgde; dei vil komme igjen ved seinare arrangement.

Dei to beste tidene (menn og kvinner) hadde Lars Ole Hageskal frå Kyrkjsæterøra il og Jodi Brautaset. Tidene var hhv. 1.16,44 og 1.31,33.

LarsOleogJodi.png
Lars Ole og Jodi (Arrangørfoto)

Som arrangørar kunne vi tenkt oss fleire lokale deltakarar.  No var fleirtalet frå Møre og Romsdal og Trøndelag, og det er veldig inspirerande for oss at langløparar køyrer så langt for å vere med på Gloppen Halvmaraton.  Difor hadde det vore veldig kjekt om også fleire løparar frå Gloppen og Sogn og Fjordane stiller opp. Løypa er kort og godt fantastisk bra for å prestere gode tider i.

Med alle dei gode tilbakemeldingane, og med eit så triveleg arrangement som årets halvmaraton var, er det gode sjansar for at Fjellhug/Vereide kan innby til nytt stemne første laurdag i oktober 2020.

Lenker til sidene til Fjellhug/Vereide:
Gloppen halvmaraton - dette var kjekt !
Gloppen halvmaraton - Premievinnarar
Bilete frå Gloppen halvmaraton


Jodi_Brautaset_foto-jan-petter-venøy.jpg
Jodi Brautaset har akkurat kome i mål på ny løyperekord. (Foto: Jan Petter Venøy)