Konkurranseløparane kan velgje mellom fire distanser der alle føregår på sørsida av Jølstravatnet og startar ved Jølstrahallen på Vassenden: Maraton, ½-maraton, 10 km og 5 km. Maratonløparane spring inn til Sunde og snur der. Då får dei sine 42195m som er den nøyaktige maratondistansen. 1/2-maratonløparane vender rett før Astruptunet. Deltakarane på 10 km vender og 5 km.

Vi har også tilbod til mosjonistane; miniton og sykkeltrim. Miniton er svært populært blant barn og unge. Det er 1/10 maraton (4,2km) utan tidtaking. Sykkeltrimmen rundt Jølstravatnet har sin meir eller mindre faste flokk deltakarar på ca. 100 syklistar. 7 deltakarar har vore med i alle år!

Påmeldingane kjem sigande. Jølster Maraton er, og vil vere, eit løp for den jamne mann og kvinne. Mange trufaste stiller år etter år. Vi har svært mange påmeldingar frå fylket vårt, men også resten av landet og til og med frå utlandet.
 


Noah B Raknes (613) blir bestemann i klasse M16-17 på 10 km i 2021. Marit Haslie (616) ble beste kvinne. (Foto: Arne Dag Myking)

 

Litt historikk 

I 1982 vart det første maratonløpet i Sogn og Fjordane «Rett Vest» arrangert i Florø. Året etter var det ein gjeng i Jølster som ville at Jølster skulle arrangere maraton også. Slik vart Jølster Maraton til og 3. juli 1983 stilte 52 deltakarar til start på dei to distansane; ½ maraton og maraton. Samtidig med løpet vart det også arrangert sykkeltrim rundt Jølstravatnet. Her var det ingen tidtaking, og dette vart fort ein populær aktivitet.

1. juli 2023 har vi 40-årsjubileum!
 

Vera Nystad på verdensrekordjakt

Vi ser at Vera Nystad frå Søgne IL er påmeldt. Ho sette verdsrekord på Jølster i fjor, og vi reknar med ho ønskjer å slå sin eigen rekord i år på maraton. 


Vera Nystad ble jublet inn til ny verdensrekord for kvinner over 75 år i 2021. (Foto: Anne Jenny Dvergsdal)

 

PROGRAM

Fredag 1. juli
Kl. 18.00-20.00 Stemnekontoret opnar i Jølstrahallen.

Laurdag 2. juli
Kl 08.00 Stemnekontoret opnar. Utdeling av startnummer i Jølstrahallen.
Kl 10.00 Sykkelregistrering startar
Kl 10.00 Start maraton
Kl 10.30 Start 5 km
Kl 11.15 Start ½-maraton
Kl 11.30 Start 10 km
Kl 11.45 Start miniton (4,2km) Vassenden. Utan tidtaking.
Ca kl 12.30 Første maratonløpar i mål
Kl 14.30 Premieutdeling ved Gjesthalla
Kl 15.30 Sykkelregistrering slutt


Mer informasjon:
Påmelding
Jølster maratons hjemmeside
Jølster maraton på Facebook

Utvalgte saker fra tidligere år:
2021: Silje Eklund og Ebrahim Abdulaziz ble norgesmestere på maraton
2021: Eivind Øygard og Marius Vedvik med god 10 km i Jølster (K+)
2019: Se alle bildene fra Jølster maraton
2019: Rekorddeltaking i Jølster Maraton