I dag spring Jorun Dorthea fire gong i veka, og kiloane peker heile tida nedover. (Foto: Hilde Gamst Olsen)
I dag spring Jorun Dorthea fire gong i veka, og kiloane peker heile tida nedover. (Foto: Hilde Gamst Olsen)

Jorunn Dorthea gjekk ned 25 kilo då ho begynte å springe

Jorunn Dorthea Gamst trudde aldri ho skulle starte med løping. Det var noko ho såg på som forferdeleg, men det var før ho prøvde sjølv. I dag, eit og eit halvt år seinare, har ho gått ned 25 kilo og elskar den nye livsstilen.

Publisert Sist oppdatert

– Det var ein ven av meg som dreiv og sprang, og som motiverte meg til å starte sjølv. Eg hadde prøvd alle tenkjelege slakekurar frå pulver til det meste og sprakk kvar gong. Løpinga var i utgangspunktet egentleg ikkje meint som nokon slakekur, men eg fann ut at eg og ville endre kosthaldet slik at eg åt litt sunnare enn eg hadde gjort tidlegare, sier Jorunn Dorthea, som i juli 2018 kutta ut hamburgarar, pølser og brus.

– Det var ein ven av meg som dreiv og sprang, og som motiverte meg til å starte sjølv. Eg hadde prøvd alle tenkjelege slakekurar frå pulver til det meste og sprakk kvar gong. Løpinga var i utgangspunktet egentleg ikkje meint som nokon slakekur, men eg fann ut at eg og ville endre kosthaldet slik at eg åt litt sunnare enn eg hadde gjort tidlegare, sier Jorunn Dorthea, som i juli 2018 kutta ut hamburgarar, pølser og brus.

– Eg et no heilt vanleg sunn mat, men har redusert inntaket av stivelseshaldig mat som brød, potetar og pasta. Frå januar 2019 fann eg ut at eg òg ville kutte ut søtsaker og brus. Det gjorde eg i eit heilt år. Då eg drakk brus att, syntes eg ikkje at det var så godt. Solo gjekk bra, men Cola la seg som eit tjukt belegg i munnen, seier ho og legg til at ho ikkje er nokon fanatikar.

– Eg tillet meg innimellom å ete både sjokolade, potetgull og kake. Det hender òg at eg kjøper meg ei pølse på ein bensinstasjon, og då et eg ho helst med fint brød i staden for grovt. Det er viktig for meg å ikkje nekte meg dette. Då blir det lettare å leve med den nye livsstilen, fortel Jorunn Dorthea, og legg til at ho passar på så det ikkje blir for ofte.

Jorunn Dorthea Gamst før og etter at hun har gått ned 25 kg.jpg


Før og etter: Det å gå ned 25 kilo i vekt har har gitt Jorunn Dorthea eit lettare liv. (Foto: Privat)

– Før så tenkte eg at eg hadde sprukke om eg tok eit kakestykke når eg prøvde å gå ned i vekt. No veit eg at det er det gjennomsnittlege matinntaket i kvardagen som tel, ikkje om eg seier ja eller nei til litt kake ein dag, seier hun.

Spring fire gongar i veka

Første gongen Jorunn Dorthea var ute på løpetur, trudde ho at ho kom til å dø etter 500 meter.

– Det var heilt forferdeleg. På den tida var eg så tung og i så dårleg form at eg måtte gå eit og eit trinn i trappa. Etter kvart vart eg sprekare, og no kan eg springe opp trappane òg. Det er ein stor framgang, ler ho.

Jorunn Dorthea spring fire dagar i veka.

– Eg har fri på onsdag, torsdag, laurdag og søndag. Då spring eg. I tillegg driv eg styrketrening på måndag, onsdag og fredag, seier ho.

Då ho starta med løpinga, sendte ho treningslogg til sin ven og motivator som først fekk henne i gang med løpinga.

– Det var viktig for meg å rapportera treningane mine. Då følte eg det meir forpliktande. No treng eg ikkje det lenger. Det hender framleis at eg sender han ein rapport, men no spring eg fordi eg synest det er morosamt, fortel ho.

I tillegg til å rapportera til ein ven har ho funne stor motivasjon i å følgje gruppa «Løpeprat» på Facebook.

– Medlemmane i Løpeprat har gitt meg mykje motivasjon etter at eg starta å springe. Dei har vore viktige for meg, fortel ho.

Jorunn Dorthea er ingen fanatikar når det gjeld trening. Ho er opptatt av å trene regelmessig, men om ho ikkje kjem seg ut ein dag, så tar ho det att neste dag. Slik må det vere når ein bor i Troms.

– Førre torsdag var det storm her oppe. Då kom eg meg ikkje ut, men tok ein tur på fredag i staden, fortel ho.

Løpeskoa er med i bagen

No har løpinga vorte ein viktig del av kvardagen for Jorunn Dorthea.

– Eg liker å vere i aktivitet. Eg har no med meg løpeskoa overalt. Medan eg tidlegare var opptatt av å kose meg på hotellet, i butikker eller på restauranter når eg var på reise, set eg no stor pris på å ta ein springtur for å sjå meg rundt. Då får eg sett så mykje meir samstundes som eg kan vere aktiv, seier ho.

Jorunn Dorthea har vore med i mange fleire løp enn Sentrumsløpet. Så langt kan ho hake av for både 10 kilometeren i Midtnights Sun Marathon, Tøyen Parkrun, Mørketidsløpet og halvmaraton under Oslo Maraton.

– Eg synes det er utrulig artig å vere med. Steminga er fantastisk, samstundes som det gjev ei veldig god meistringsfølelse å klare å gjennomføre. Eg er ikkje opptatt av tida mi. Eg er opptatt av å nyte deltakinga heile vegen frå start til mål. Eg er redd at om eg fokuserar på tida mi, så vil eg ta noko av gleda bort frå det å vere med, seier ho.

Jorunn Dorthea Gamst[1].jpg


Mørketid: Sola har så vidt kome tilbake i Troms, men vi rakk ikkje den då dette biletet vart tatt. (Foto: Hilde Gamst Olsen)

Powered by Labrador CMS