Tekst og foto: Magne Kvalsøren, løpsleiar i Lustrafjorden Inn 


1-Skjermbildeheleruta1707.PNGDeltakarane vil her oppleve Luster på sitt aller beste med sine bratte fjell, djupe dalar, turkise fjordarmar og små idyllisk, levande bygdeperler. Utvilsamt eit av Noregs vakraste, men òg tøffaste løp. Det passar nok ikkje for alle å ta heile distansen, men frå bygd til bygd så er det nokre overkommelege etappar. Me vil derfor tilby fleire distansar so deltakarane kan velge si eiga etappe innover fjorden. Traseen følger Lustrafjorden inn via terrenget med fire store fjellområder som skal forserast. Start på den lengste distansen er ved Amla på Kaupanger.

Lustrafjorden er ein 40 km lang fjordarm inst i Sognefjorden i eit av dei vakraste områda i Noreg. Inst i fjorden finn me bygda Skjolden. Der overtek landets høgaste fjellområde med sine mange 2000 m-topper og brear (Hurrungane og Jotunheimen).


Innover fjorden er man oppom fine utsiktspunkt som Store Haugmelen, Molden, Børesteinen og Haugsnosi og bygdeperlene Solvorn og Luster før målgang i vakre Skjolden.

1-svarthillermothaugmelenognipajenerikroneid.jpgStølen Svarthiller på veg opp mot Molden, ca. halvvegs i løypa. Her ser man tilbake mot starten på Lustrafjorden. 


Med so mykje stigning so er det klart at det blir mykje gåing og stavar kan anbefalast for avlasting av slitne føter. Det litt spesielle ved dette løpet er at det ikkje vert premiert for raskaste tider. Me tykkjer at alle som deltek i eit løp, er vinnarar. Her skal det vere uformelt og sosialt med høg trivselsfaktor. Mestringsfølelsen, turen og naturopplevinga skal vere større og viktigare enn kor raskt ein kan springe. Men sjølvsagt so skal alle få løpe eller gå i sitt eige passande tempo og full forståing for dei som vil teste seg i løypa. Me heiar på alle som deltek!

1-IMG_20210706_170050.jpgHer ser me ned mot mål i Skjolden frå toppunktet Haugsnosi på ca. 1240hm med Hurrungane og Jotunheimen i bakgrunnen.


Med støtte frå lokal bank og næringsliv kan me gje deltakarane ei god oppleving med mat/drikkestasjonar, transport av deltakarar og dropbag i tillegg til mange uttrekkspremiar. 

1-Screenshot_20210728-115422_2.jpg
Ein rykande fersk lustrabolle frå Bakeriet Lustrabui ventar òg på alle som kjem seg ned til Lustra-bygdi før siste fjellet over til Skjolden.


Initiativtakar for Lustrafjorden inn er Magne Kvalsøren. Saman har han med seg fleire frivillige løpe-entusiastar tilknytt Luster kommune. Me arrangerte eit testløp i fjor med veldig gode tilbakemeldingar og erfaringar. Dette gjer at me no vil arrangere eit løp i 2022. Det er satt ei begrensing på antall deltakarar da me vil gje dei ei so god oppleving som muleg og sikre nok ressursar i form av arrangementsstab, frivillige og sponsorar.

1-magnepekermothaugmelen.jpgInitiativtakar Magne Kvalsøren peikar mot Haugmelen. 


Magne som sjølv skal løpe lengste distansen, har delteke i langløp i fleire år, og han har mellom anna fullført fire 100-miles (161 km+) ultraløp. Før pandemien so var interessa for terrengløp og langløp veldig veksande, og Magne meiner at Luster og Indre Sogn med sin fantastiske natur og sti-nettverk har eit stort potensiale for fjell- og stiløping. Han anbefaler alle å sjekke ut etappene, utfordre ein tur-ven eller to og bli med, for ofte klarar ein meir enn ein trur.

Lustrafjorden Inn si heimeside