Jau, alle fire har eit løpsarrangement knytt til namnet sitt. Laurdag 16. oktober klokka 13 smell startskotet for det tolvte Bjarte Viks Eliteløp. 

 

 

 

 

 

For nokre år sidan hadde ein noko som vart kalla elitestemne i norsk friidrett. Eliteløp derimot har det vore lite av. I 1999 gjorde Bjarte Vik og gode medhjelparar i Osterøy IL og Bruvik IL noko med dette. I samband med 30-årsdagen til langdistanseløparen skipa dei til eit 5 km løp mellom Vik og Bruvik, på ein smal og svingete asfaltveg langs idylliske Sørfjorden. - Ein verneverdig veg, meinte ein samferdselsminister då ho var på vitjing. Ministeren har forsvunne frå politikken, men både Bjarte Vik og eliteløpet held framleis koken.

 

- Eliteløpet er eit unikt løpsarrangement. Her definerer me alle på startstreken som eliteløparar - uansett fysisk form. Alle får like høglytt heiing av bygdafolket i innspurten ned mot handelslaget på Bruvik - uansett om ein sprintar under 15 minutt eller bikkar over 30, slår arrangørane fast.    

Arrangørane i Osterøy IL og Bruvik IL understrekar at løypa slett ikkje berre er for eliteløparar. Deltakinga har dei seinare åra vakse for kvart år, og mange kjem igjen og igjen.

 

- I fjor vart det sett deltakarrekord med 52 stk. Me vil aldri kunna konkurrera med Knarvikmila som massearrangement, men håpet er sjølvsagt å notera ein ny deltakarrekord i år.

 

Løpet går frå Vik til Bruvik, og er på nøyaktig 5046 meter. Løypa er svært rask på flate, men svingete og idylliske asfaltvegar. Arrangørane vågar påstanden at dette er mellom dei finaste asfalt-traséane i landet. Truleg er det også landets raskaste 5 km. Løyperekordane er det Morten Velde (14.11) og Stine Larsen (15.41) som har. Dette er regelrett styggfort. Fleire av vestlandets beste løparar er venta til start i årets løp. Siste års deltakar, kappgjengar Trond Nymark, har sesongpause og står over løpet i år.

 

- Dermed treng ikkje folk uroa seg for å bli frågått i spurten dette året, konstaterer arrangøren.

 

Arrangøren håpar bygdafolk som ikkje deltek i sjølve løpet møter opp i målområdet ved Bruvik handelslag og tek imot løparane når dei kjem i mål. Deltakarane trekkjer alltid fram den gode mottakinga dei får dei siste 150 metrane inn mot målseglet. Dei aller yngste kan delta på det tradisjonelle barneløpet som går i rundar rundt handelslaget på Bruvik.

 

Meir informasjon kan ein få på Osterøy IL si heimeside på www.osteroyil.no (friidrett).