Pressemelding fra arrangør Hareid IL. 
Grimstadvatnet rundt har 40. årsjubileum i vinter. Og lørdag  gjekk den andre av dei fire utgåvene.

35 løparar stilte til start, noko som som vi må seie er godkjent. Først og fremst grunna glatte forhold, dernest fordi det som regel alltid er svakare påmelding i desember enn dei andre løpa.

Best av kvinnene vart Louise Skak. Mange hugsar henne sikkert frå tidlegare, mellom anna som vinnar (og lenge rekord-haldar) i Nordvest Maraton. Skak fekk tida 31,39 i dag.

I herreklassen vart det svært dramatisk. Jan Endre Rise frå Hareid IL har vore nære å vinne Grimstadvatnet før og har ei rekkje topplasseringar, men aldri gått heilt til topps. Det hadde heller ikkje Knut Vikebakk frå Hareidsdølen Triatlon, trass i mange gode løp dei siste åra. Dermed låg det i korta at vi ville få ein ny vinnar i herreklassen i dag. Desse karane følgde kvarandre heile løpet, men heilt på slutten var det Vikebakk som hadde mest å gi. Han fekk tida 28,56, seks sekund betre enn Rise. Uansett godt jobba av sistnemnde, som har slite med skadar tidlegare denne veka.

På Facebook ligg det også ein bildeserie.

Neste løp går laurdag 8. januar.

Kvinner 17-34    
Olaug Vikebakk Sandstad 37:19 Hødd
     
Kvinner 35-39    
Cathrin Elvanes 37:43 Hareid IL
Caroline Torgersen 39:35 Ulsteinvik
Elisabeth Haugen Brune 42:50 Larsnes IL
     
Kvinner 45-49    
Louise Skak 31:39 Idrett Uten Alkohol/Team Kondis
May Nesheim 34:17 Velledalen IL
     
Kvinner 50-54    
Beate Helseth 38:22 Team Helseth
Marit Lillestøl 43:35 Gjerdsvika
     
Herrer 17-34    
John Gunnar Dybvad 29:16 Lånke
Peter Vattøy Nygjerde 29:56 Ulsteinvik
Sondre André Holstad 30:54 Hareid IL
Henrik Vikebakk Sandstad 31:38 Ytterøy IL
Alexander Hagen 36:13  
Remi André Nymoen Hauge 37:13 Søre Luten Løpegruppe
Jan Robin Haraldsvik 40:30 Hareid IL
     
Herrer 35-39    
Knut Vikebakk 28:56 Hareidlandet Triatlon
Steffen Moltu 29:46 Gurskøy
Stian Longva 32:08 Gursken
Jim Torbjørnsen 34:18 Ulsteinvik
Pål-Andreas Alnes 35:49  
Gerhard André Bakkely 39:55 Puls&Pils
Øyvind Trones 40:11 Kondis Trening Ålesund
     
Herrer 40-44    
Tore Skoge 35:55 Dimna IL
Harald Riise 41:25 Søre Luten Løpegruppe
     
Herrer 45-49    
Jan Endre Rise 29:02 Hareid IL
Frode Mauren 31:11 Velledalen IL
Tom Inge Gotten 37:36 Søre Luten Løpegruppe
Marcus Vedeler 40:51 Nordfjordeid
     
Herrer 50-54    
Roger Steinnes 42:00 Indre Steinnes Villsaulag
Bjørn Sæther 43:11 Hareid IL
Ulf Magne Eikås 43:16 Stryn
     
Herrer 55-59    
Asle Johansen 33:57 Larsnes IL
     
Herrer 60-64    
Arnt Jarle Johansen 44:57 Ulsteinvik
     
Herrer 65-69    
Odd Elvanes 38:15 Hareid IL
     
Herrer 70-74    
Kjell M. Fagerlund 46:47 Hasundgot

Beste_herrer_Foto_Arrangor.jpg
Fra venstre John Gunnar Dybvad, Knut Vikebakk og Jan Endre Rise. Foto: Arrangør.

Beste_dame_foto_arrangor.jpg
Louise Skak. Foto: Arrangør.