Mykje dreier seg om pengar i store løp. Svært mange av dei som spring London Marathon, betaler mykje meir enn det startkontingenten kostar for å vera med. (Foto: London Marathon)
Mykje dreier seg om pengar i store løp. Svært mange av dei som spring London Marathon, betaler mykje meir enn det startkontingenten kostar for å vera med. (Foto: London Marathon)

Berre fordi det gjer meg glad

Det er fint å hjelp andre, men samstundes er det noko frigjerande med folk som spring landet på langs eller køyrer ein ultrastrike berre fordi dei likar det. Fordi det gjer dei glad.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 2 – 2023


For ikkje så lenge sia feira eg gebursdag og fekk i forkant fleire tilbod frå Facebook om å samle inn pengar til gode føremål i høve dagen. Eg må vedgå at eg ignorerte.

Om eg skal melde meg på løp eller ta fly til eit løp, blir eg ofte spurt om eg vil betale litt ekstra som ei gåve til ein eller annan velmeinande organisasjon.

Ein del løpsarrangørar informerer deltakarane at dei gir bort heile eller deler av overskottet til Redd Barna eller Kirkens Nødhjelp.

Eit par av åra eg var med og arrangerte Rallarvegsløpet, hadde vi ein større uttrekkspremie der den som vann premien, kunne velje ut ein veldedig organisasjon som pengebeløpet skulle gå til. Eg minnes at ein vinnar donerte dei 10 000 kronene til Dyrebeskyttelsen.

Lotto i London Marathon

Meir ekstremt er det om du vil melde deg på eit storløp som London Marathon. Om du ikkje kvalifiserer deg på tid, kjøper pakke med ein turoperatør eller er heldig å vinne i startnummerlotteriet (der vinnarsjansen er ca. like liten som i Lotto), må du kjøpe startnummer via ein veldedig organisasjon. Det kostar gjerne både 10 og 20 gonger meir enn prisen på sjølve startkontingenten. Spring og samle inn pengar – elles får du ikkje vera med.

Kan hende var det med dette som bakgrunn at eg kjente at eg var glad da eg i går las om Candice Burt som i over 100 dagar har sprungi minst 50 km dagleg. I eit intervju med Outside fortalde ho at ho ikkje spring for å samle inn pengar eller for å skapa merksemd om ei sak. Ho gjer det fordi ho likar det:

«Ein ting eg oppdaga ganske tidleg var kor lite eg trengte for å vera lukkeleg. Eg skjønte at det heilt enkle ved å gjera noko som eg elskar gjennom dagen ute i naturen, er ekstremt tilfredsstillande», fortalde 41-åringen som bur og spring i Boulder Colorado i alt slags vêr.

Unngå å mikse

Sjølvsagt er det ikkje noko gali i å springe Lindesnes – Nordkapp og samle inn pengar til det lokale Røde Kors-laget. Sjølv har eg fleire gonger støtta Varmestuens Venner i Stavanger med å springe Juleløpet Stokkavannet på julaftan.

Men det må vera heilt ok både å springe og arrangere utan samstundes å sende pengar til ideelle organisasjonar. Om ein vil gi, så er det fullt mogleg å få gjort det utan å melde seg på eit løp. Og om ein unngår å mikse dei to, så kan ein òg få gitt til dei som ein har mest lyst til å støtte. Det som er ein god organisasjon å bruke pengar på for Pål, treng ikkje å vera det for Pauline.

Og ikkje minst: Har du lyst til å bruke ferien på å springe Norge på langs eller Skottland på tvers, så er ikkje det noko mindreverdig prosjekt sjølv om du ikkje samlar inn pengar til Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse. Å gjera det som gjer deg sjølv glad, er ikkje nokon egotripp som må gjerast meir etande ved å hengje ein eller annan logo på sekken.

Trass i det eg sa om donasjonen til Varmestuens Venner, så er eg gjerne prega av dei Bibel-versa eg ein gong lærte i heimen og på sundagsskolen: «Når du gjev ei gåve til dei fattige, så blås ikkje i basun for deg sjølv, slik som hyklarane gjer i synagogane og på gatene for at folk skal rosa dei.»

Krone for kvar meter

Det er fint å springe, og det er fint å gi til dei som treng. Vil du gjera begge deler samstundes, så gjer for all del det.

Men sjølv vil eg kjenne på minst mogleg press. Når eg melder meg på Nordmarkstraver’n, så er det veldig ok at pengane går til arrangørane i Koll IL og ikkje til Naturvernforbundet.

Nett no skin sola frå klår himmel, og eg skal springe meg ein tur rundt det is- og snødekte vatnet i nabolaget. Vil nokon støtte Meteorologisk Institutt, som har varsla meg om godvêret, med 1 krone for kvar av dei 3258 metrane eg spring, skal de få lov til det.

Men det går minst like bra om du ikkje gjer det.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS