
Den menneskelege faktoren
Makt i form av å ha ansvar for andre krev klokskap, enten ein er idrettsleiar eller forelder. Feilgrep kan skapa konflikt.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 8 – 2023
Skiforbundet slit for tida med at somme av dei beste utøvarane ikkje ønskjer å vera med på landslaget. Dei vil av økonomiske eller andre grunnar heller styre seg sjølve. Ja, for alpinisten Lucas Braathen gjekk det så langt at han mista skigleda og la opp berre 23 år gammal.
Slike konfliktar mellom einskildutøvarar og forbund er ikkje noko nytt. Sjølv er eg så gammal at eg hugsar proffliga-opprøret blant skøyteløparane på 70-talet, med nederlendarane Ard Schenk og Kees Verkerk samt vår eigen Roald Grønvold i spissen.
Men forløparen for det vi no ser i norsk idrett, er nok likevel i større grad Petter Northug, som i si tid braut ut av landslaget og laga sitt eige Coop-team. Egoistisk av Petter og heilt feil av ein samvirkelagsorganisasjon som Coop og bruke pengane sine på ein som ikkje spelte på lag, meinte mange.
Pengar og økonomiske motiv skal på ingen måte undervurderast som årsak til at vi handlar som vi gjer, men like viktig er gjerne den menneskelege faktoren. Om ein føler seg dårleg handsama av dei med leiaransvar, blir vegen til å bryte ut ofte kortare.
Og nettopp ei slik oppleving hadde Petter Northug da han som 20-åring ikkje vart teken ut til OL. Sjølv om han sportsleg sett var meir enn god nok og vann eit verdscuprenn like etterpå, var han ifølgje dei ansvarlege ikkje gammal nok. Utan dette uttaket til Torino-OL, som såg feil ut da det vart gjort og enda meir feil da sesongen var over, er det mindre sannsynleg at Petter fleire år etterpå hadde broti med Skiforbundet.
Noko av det same har vi i haust sett i uttakspolitikken til Friidrettsforbundet. To av dei beste norske juniorane – Wilma Torbiörnsson og Magnus Øyen – vart ikkje tekne ut til verken nordisk meisterskap eller EM i terrengløp. Dette trass i at Det europeiske friidrettsforbundet tillet 16-åringar å stille i juniorklassen, og trass i at Det norske friidrettsforbundet let Jakob Ingebrigtsen få vera med i EM terrengløp da han var berre 16 år. Ja, Jakob vann EM første gong som 16-åring, utan at det ser ut til å ha påverka den sportslege utviklinga hans negativt.
Skal ein som forbund ha utøvarane med seg, er det viktig at dei ikkje blir urettferdig behandla. Å la vera å ta ut sportsleg kvalifiserte utøvarar med grunngjeving om at dei er for unge – eller for gamle – er slikt som ikkje skaper godt samarbeidsklima.
Ting som ved første augekast ser ut som egoisme og pengekrangel, kan stikke djupare enn som så. Urettferdig uttakspolitikk – enten det handlar om uttak til meisterskap eller landslag – er noko som ikkje er så lett å gløyme om ein først har vorti utsett for det.