Overblikk: I motsetnad til mange av konkurrentane hadde Jakob Ingebrigtsen roa i seg. (Foto: European Athletics)
Overblikk: I motsetnad til mange av konkurrentane hadde Jakob Ingebrigtsen roa i seg. (Foto: European Athletics)

Den minst annige i feltet

I eit intervju etter semifinalen på 1500 meteren i EM i Roma la eg merke til at ein ung mann brukte eit heller gammalmodig ord. Jakob Ingebrigtsen forklarte til NRK at kaoset og massevelten i nest siste sving skyldtest at så mange av løparane var annige.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 6– 2024


Ein liten månad tidlegare hadde eg vori på vandretur i Sverige med bror Terje, og når vi går i lag ein åtte-ni timar fire dagar på rad, har vi tid til å drøfte mykje. Mellom anna kom orda «annig» og «annsam» opp ein av dagane. Dei betyr omtrent det same og er enno i bruk i Rogaland der både Terje G og Jakob I bur.

På vandreturen var vi langt frå annige – vi hadde dagen og svenskekysten framføre oss, og det var fint lite vi skulle rekke.

I 1500 m-semifinalen var Jakob Ingebrigtsen den klart minst annige i feltet trass i at han måtte vera mellom dei seks første i mål dersom han skulle sikre seg finaleplass.

Fløtt på Frosta

Ifølge ordboka kan annig bety flittig, ivrig, arbeidsam. Brukt i landbruk og om det vi dyrkar, betyr annig eller onnig at det som veks, er tidleg ute. I Trøndelag hadde vi eit tilsvarande ord – fløt. Åkeren var fløt – ja, på Frosta var det så fløtt at dei kunne setje poteten i jorda alt tidleg i april.

Tradisjonelt har ordet annig vori positivt lada, nytta om dei som hadde energi til å stå på litt ekstra.

Og så er det likevel, som det gjerne er her i livet, at dei beste eigeskapane våre òg kan vera våre verste. At vi blir så travle og ivrige at vi blir rastlause og utolmodige. Ikkje minst i stressa situasjonar vil den som ikkje er så annig kunne ha ein fordel. Ein kan da – slik Jakob gjorde i EM – sjå situasjonen meir utanfrå og ha betre tid til å analysere.

Da eg tok hovudfag på Idrettshøgskolen, hadde eg Gunnar Breivik som lærar og vegleiar. Han hadde forska på og lesi mykje om skilnaden mellom folk som primært søker spenning, og dei som heller søker tryggleik. Ein viktig skilnad var at dei som likte fart og spenning, opplevde at dei hadde betre tid, ikkje minst i stressa situasjonar. Dermed var dei òg betre egna til å utføre farlege oppdrag, til dømes som jagarflypilotar. Sjølv om dei måtte ta dramatiske avgjerder i løpet av få sekund, så opplevde dei at dei hadde god tid og kunne handle rasjonelt.

Raske bilar

Litt av den same roa kan vi sjå at Jakob Ingebrigtsen har når han spring. Han oppfører seg som om han god tid midt i eit kaotisk 1500 m-forsøk. I Roma let han seg ikkje stresse av at han låg sist da det er ein runde att. Godt mogleg har han det på same viset òg når han køyrer raske bilar, noko han visstnok skal like godt. I eit intervju i 2020 uttala han at han ville blir Formel 1-køyrar når han hadde lagt opp som løpar.

I den boka som det vart lesi mykje ifrå i oppveksten min, står det at «den som trur, tek det med ro» (Jesaja 28,16). Kan hende var det trua – på seg sjølv og at det ville gå bra – som gjorde at løparen med det bibelske namnet ikkje vart annig.

Sjølv trur eg at dette litt tilbakelena overblikket kan vera fint å ha med seg, både når vi spring og i livet elles. Det er ikkje alltid naudsynt å bli med verken i posisjonskampen eller i strevet for å få den største pensjonen.

Under «annig-samtalen» med bror Terje på svaberga i Sverige kom eg på eit dikt eg ein gong las, «Den annsame» av Jan Magnus Bruheim»:

DEN ANNSAME

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes på dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS