European Athletics Championships - 3000m hinder - Forsøksheat1 - Axel Vang Christensen
Skadd: Eg har hatt mange skadar frå springinga mi, men heldigvis aldri vore så skadd at eg har vorte køyrt bort av helsepersonell. (Foto: Arne Dag Myking / Kondis © Kondis)

Eg lærar aldri

Eg undras når det var eg fekk min første løpeskade. Eg trur det tok nokre år, men kva lærte eg då eg vart klar over at eg hadde trena for mykje eller for hardt, og difor vart ein skadd springar med treningsforbod? Truleg ingenting.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens mening.

«Innimellom lurer eg på kva som har festa seg oppe i topplokket mitt når det gjeld skadar.»

Då eg starta med springing, visste eg ikkje så mykje om korleis eg skulle trene. Eg berre sprang. Ettersom eg ville trene meg opp til å springe maraton, skjønte eg såpass at det var om og gjere å springe mykje og langt. Eg trur ikkje eg sprang så mange intervallar. Eg har aldri likt å slite meg ut. Blodsmak i munnen var ikkje min stil.

Når folk sa til meg at det måtte vere forferdeleg å springe maraton, sa eg at det var det ikkje. Det var koseleg. Det var mykje verre å springe halvmaraton, sa eg, for då måtte ein springe fort.

Eg er difor sikker på at det ikkje var farten som tok meg. Det var nok alle dei kilometra eg tilbakela. Det er først i dei seinare åra at eg har lært at ein skal øke mengda gradvis. Eg forstod også den gongen, som no er tretti år sidan, at eg skulle trene meg gradvis opp, men eg visste ikkje at det var gradvis det måtte vere.

Runners knee

Det var kanskje også grunnen til at eg etter nokre år satt på benken hos ein fysioterapeut i Oslo og fekk diagnosen runners knee. Det var også då eg første gongen stifta kjenning med sportstapen, og nokon styrkeøvingar eg skulle gjere kvar kveld når eg satt i sofaen og så på TV.

Det var ikkje tungt. Noko som passa meg utmerket. Eg likte jo ikkje å slite meg ut. Likevel skulle øvingane gjere meg sterkare, og samen med litt tape under kneet og mindre springing, skulle eg bli heilt bra igjen.

Balla på seg

Og det vart eg. Tapen beheldt eg ei god stund. Eg fekk store sår under, og det svei kraftig då eg reiv han av eller gjekk i dusjen. Det sjølv om eg hadde spraya med spray som skulle skydde mot limet i tapen.

Uansett; eg har aldri hatt runners knee igjen. Bank i bordet og alt som kan bankast i, for eg har hatt mange andre skadar etter springinga mi, og trykkbøjemaskina har vore nesten over alt på kroppen. Litt overdrive, kanskje, men eg har fått behandla begge akillesane fleire gonger, den eine plantarsena, og den eine hamstringen har også skrike etter trykkbøljebehandling nokre gongar. I tillegg har knea hatt kvar si baker cyste, men her var ikkje trykkbøjebehandling tilrådd. Heldigvis.

Ikkje alt var sjølvforskylt

Eg liker å tenkje som så at ikkje alt var sjølvforskylt. Det med knea trur eg faktisk kom frå fallskadar ved ulike høve. Eg berre snubla og datt. Ikkje lenge etterpå hovna det eine kneet opp. Eg tok det med ro nokre dagar. Eg gjorde det, men etter at den akutte fasen var over, eg meinte iallfall at den var det, sprang eg igjen. Det gjekk bra. Det gjorde også neste tur, og kanskje den etter der igjen også, men så; BANG! Baker cyste.

Det tok nesten eit år uten springing å bli kvitt cysta. Eg var dyktig og klarte å finne på anna ting. Truleg fordi eg kjente kor vondt det var kvar gong eg tok meg en springtur. Ja, som dere forstår, eg testa kneet med jamne mellomrom.

Til slutt vart eg bra. Heilt bra. Det vara kanskje ein månad eller to. Då datt eg igjen, men denne gongen på det andre kneet. Sjølv om eg nettopp hadde lært at eg ikkje skulle springe før det har gått lang tid etter fallet, starta eg for tidleg denne gongen også, og på nytt opplevde eg det same skadeforløpet.

30 år med erfaring

Innimellom lurer eg på kva som har festa seg oppe i topplokket mitt når det gjeld skadar. Eg veit ein god del, men det hjelper ikkje når motivasjonen er større enn fornufta.

Eg blir rastlaus når eg sitt inne. Eg vil ut og røre på meg. Aller helst vil eg springa. Motivasjonen for det er så stor at eg tøyer og tøyer grensene. Eg nyt det så lenge som mogleg sjølv om eg innerst inne veit at det ikkje er bra. Det kan jo hende det går bra den her gongen. Dessuten har eg høyrt fysioterapeutar seie dei siste åra at vi ikkje skal slutte heilt å springa sjølv om vi blir skada, men vi skal springa mindre. Det liker eg. Difor fortsett eg å springa, og håpar i det lengste at det er akkurat så mykje som fysioterapeutane meiner eg kan springa.

Litt mer om Marianne Røhme

Marianne Røhme (60) er daglig leder i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett og ansvarlig redaktør for bladet og nettsiden. Hun er utdannet sivilagronom fra Norges miljø- og biovitenskaplige universitet og journalist fra Høgskolen i Oslo. I tillegg har hun bygd på med økonomi og medielederutdannelse. Hun kommer fra stillingen som ansvarlig redaktør for to tidsskrifter i Tun Media. Marianne er en ivrig kondisjonsutøver. Liker best løping, men er også å finne i skiløypa på vinteren eller på sykkelen om sommeren.

Powered by Labrador CMS