
Gode dagar og dårleg rygg
«Det skal god rygg til for å bera gode dagar», seier ordtaket. Idrettsfolk veit at det gjeld å herde seg om ein skal tole tøffe tak.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5 – 2023
Etter at eg var ferdig med hovudfag på Idrettshøgskolen, var eg i fleire år vitskapeleg assistent for professor Gunnar Breivik. Eg jobba mellom anna med manus til mange av artiklane og ei av bøkene hans, «Sug i magen og livskvalitet».
Mykje av det han skreiv om, handla om herding. Det å tole noko og ikkje vera redd for å møte utfordringar. Han skreiv om forsking som viste at ungar som vart utsette for å fryse og svelte litt, som fekk klatre i tre og av og til dette ned og slå seg, vart meir hardføre som vaksne. Dei tolte meir og kom seg meir heilskinna gjennom periodar med tunge tak både fysisk og psykisk.
Breivik fekk mykje kjeft for ei av spissformuleringane sine – «vi har for få barneulykker i Norge». Men, godt mogleg herda av sin eigen aktive oppvekst, stod han støtt i stormen. Den overdrivne polstringa av både leikeapparat og kroppar som han såg i barnehagar og skolar, meinte han ville få uheldige konsekvensar på lengre sikt.
Ein ny studie konkluderer med at dei som er fysisk aktive, toler meir smerte enn inaktive. Truleg fordi dei har trena opp evna til å ha halde ut sjølv om det gjer vondt. Kan hende ser dei i mindre grad på smerte som noko som dei for ein kvar pris må unngå. Gjennom harde løpeøkter og kalde skiturar har dei herda seg sjølv.
Eg ser ikkje bort frå at vi ser ei liknande utvikling på samfunnsnivå – der det er vanskeleg å oppretthalde gode dagar over tid, jamfør denne runddans-formelen: «Tøffe tider gir sterke menn, sterke menn gir gode tider, gode tider gir svake menn, svake menn gir dårlege tider. Tøffe tider gir …»
Kan hende har vi så lenge hatt det så godt, at vi er vortne veike og likesæle. At vi toler så lite at andre må ordne opp for oss. At evna til å yte og halde ut er så svekka at vi er dømde til å gå dårlegare tider i møte.
Eg vil ikkje overvurdere idretten si betydning i dette store biletet, men eg trur den har ei rolle å spele, ikkje minst på det personlege planet. Den lærer oss at det ikkje er farleg å slite. At det er mogleg å komma tilbake etter motgang. At skal vi nå dei måla vi har sett oss, må vi vera disiplinerte og halde ut. At det til sist er oss sjølv det kjem an på. Undervegs i ultraløpet mot verdas ende er det opp til meg om eg skal synast synd på meg sjølv, eller ikkje.
Så kan sjølvsagt børa bli så tung eller fallet så fælt at ein får varig mein. Men det må ikkje få oss til å sitje i ro. Det er når det røyner på, ryggraden blir bygd.