
Levde liv og nye sjansar
Eg skulle sikkert heller ha skrivi om Johannes Høstflot Klæbo og Pål Golberg som vinn renn etter renn. Eller Astrid Øyre Slind som er nesten best i både turrenn og vanleg langrenn. Eller Vasalopps-vinnar Emilie Fleten eller Tiril Udnes Weng som leiar verdscupen sjølv om ho ikkje vinn så mange renn. For ikkje å snakke om Ingvild Flugstad Østberg som har kommi så sterkt tilbake etter fleire problematiske år. Ære vere dei alle, bakke opp og bakke ned.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Men eg skriv om Petter Northug likevel. Som verken vinn meisterskap, verdscuprenn eller Ski Classic-renn lenger. Som sprakk i Vasaloppet og tapte 2 minutt opp den siste bakken i Marcialonga og kom i mål på 36. plass så vidt framføre ein 50-åring, noko som minner meg på at eg heller burde ha skrivi om Anders Aukland som har haldi seg på topp i tre-fire tiår. For sjølv dei fleste av dei som mislikar aldersgraderte tabellar, vil nok meine at det er betre av ein 50-åring å gå på 2.50.55,63 enn av ein 37-åring å gå på 2.50.55,02.
Men eg tek likevel sjansen på å skrive om Petter Northug. Ikkje berre fordi han er trønder som eg og kjem frå nabobygda, eller fordi han har vori snill gut såpass lenge – etter at han både ein og to gonger var alt anna enn det.
Nei, eg skriv om han fordi eg synest det er fint å sjå at han framleis – etter både oppturar og nedturar – synest det er kjekt å gå på ski. Kjekt å vera med i renn, sjølv om han blir nummer 36. Kjekt å gå renn som er så små at han kan vinne og juble – framleis aldri så lite arrogant når han sklir over mål som førstemann i rennet frå Toblach til Cortina.
Ikkje best i verda eller Trøndelag. Ikkje nokon stor faktor i Ski Classic-sirkuset. Ikkje så topptrena at kommentatorane finn grunn til å nemne det.
Men med på leiken når startskottet går. Brått ei lita oppvisning framme i teten undervegs, nett som i gamle dagar. Og jublande glad den eine dagen Emil Persson og Andreas Nygaard har andre ting på programmet og Petter kan gjera det han likar aller best: Leggje inn nokre saftige skøytetak på oppløpet og vera førstemann i mål.
Ikkje til å bli rørt eller frå seg av beundring av. Mange 37-åringar kan prestere på langt høgre sportsleg nivå. Men det er fint å sjå at idrettsgleda er der, at idretten kan vera ei hjelp til å halde skuta på god kurs sjølv om den har krenga fælt.
Heia Petter – og alle dykk andre – for levde liv og nye sjansar.