
Noko som betyr noko
«Mistru dei som ikkje er nostalgiske», skreiv Gudmund Skjeldal i 2006 i boka «Den siste langrennaren», om bror sin Kristen. I fjor vår las eg romanen «Områder av særlig betydning» av Heidi Mittun-Kjos.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 1 - 2022.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
I juleferien sprang eg den lange runden rundt øya der eg vaks opp. «Om Eidnes» kalla eg den i både treningsdagboka og i rekordboka der eg noterte tider på dei klassiske rundane – lenge før slike vart stykka opp i segment.
Eidnes er nordaustenden av Ytterøya. På det vesle eidet med neset utanfor, peikande inn gjennom Trondheimsfjorden, ligg garden Eidnes. I ungdommen gjekk vegen tvers gjennom tunet, men no er ny veg laga på innsida slik at runden er littegrann kortare. Til gjengjeld har foreldra mine flytta hundre meter lenger vest slik at i sum held klassikaren lengda og vel så det.
Vinterkvit og vakker
Eg kjende på både nostalgien Skjeldal skriv om og områda Mittun-Kjos skildrar, da eg etter mange års pause gav meg i kast med den lange runden. Romjulsdagen var vinterkvit og vakker, og den låge sola kasta sitt magiske ljos over både land og fjord.
Tanken gjekk tilbake til tidlegare turar i den same traseen. Raske og sveitte turar sommars tid. Sosiale turar med god-jul-helsing til dei som gjekk romjulsmarsj i kortrunden inne på øya andre juledag. No møtte eg mest berre folk i bil, og til og med rådyra, som det er så mange av på øya, heldt seg unna.
1.48.49 står det i rekordboka, som eigentleg er ei glosebok med 24 linjerte blad (og som òg til dømes fortel meg at eg har 3.13 som pers i «lengdesprang med fart»). Juleferieturane om Eidnes, på variert vinterføre, brukte å gå unna på mellom 2.03 og 2.10. Før turen no tenkte eg at alt under 2.30 fekk vera bra, for bakkane har slettes ikkje vorti mindre bratte eller lange med åra.
Berre vintersklia vi brukte i friminutta på barneskolen verkar stuttare og flatare. Vel skolen vart nedlagd allereie da eg byrja i tredjeklasse, og naturen har teki sklia tilbake, men nokre minne kom sigande da eg passerte gammalskolen godt over halvvegs i runden. Nyskulen, den eg sykla eller rente på spark til og frå, frå tredje til niandeklasse, hadde eg passert allereie etter knappe 2 kilometer – utan at eg tenkte så mykje på den. Kan hende fordi den ligg litt lenger unna løypa og dessutan er riven og bygd på nytt lenge etter at eg gjekk der.
Osabakken
Den nest siste bakken, sjølvaste Osabakken, er ikkje den tøffaste, men den kjem mot slutten og stig sine 50 høgdemeter på ca. 800 meter. Kjem ein heilskinna opp den, er det berre eit par flate kilometer att, pluss den sugande Gilbergslia heilt til slutt. Eg kika på klokka da Osabakken endeleg flata ut, og trass i ein hustren bris imot, såg eg at 2.30-målet ville gå.
2.27.30 og 5.39 i snittfart – utan å ta meg like mykje ut som den gongen eg sprang på 1.48.49. Men kjensla var i stor grad den same gode. Av å ha vori på reise på den staden der det vart min lagnad å vekse opp. Av å ha å vald – og meistra – den store runden i staden for ein av dei små.
Og eg kjente meg takknemleg og glad for at eg framleis – over dobbelt så gammal og halvparten så sprek – klarte å springe gjennom runden utan å måtte gå eller ta pause.
Men gleda omfatta meir enn sjølve meistringa av runden. Like mykje var det ei eksistensiell glede over staden og naturen, denne bogen av ei øy med skogar og gardar omgitt av vatn. Øya der foreldra og besteforeldra mine og eg sjølv grov i jorda, stelte med kyrne og dyrka mat. Øya som var akkurat stor nok til at eg kunne springe langt og kjenne meg fri.
«Favoritrundan»
Eg trur ikkje eg er den einaste som har ein eller fleire slike rundar som er av særleg betydning. Rundar som gjer oss nostalgiske og glade. Eg har høyrd mykje pent om både «7-kirkersrunden» i Follo og turen over Vidden i Bergen. Godt mogleg har dei fleste som spring, sine faste rundar, som dei spring ein gong i året eller ein gong i veka – eller til og med dagleg.
«Favoritrundan» skriv ei eg kjenner rett som det er på Strava. Runden som betyr – og gir – så mykje at den blir ein favoritt. Der vi spring og kjenner oss heime. Gjerne saman med andre og ofte i våre eigne fotefar.
Kanskje handlar det om den vesle delen av verda som på uutgrunneleg vis vart vår. Som vi vil ta vare på og oppleva igjen. For min del er «øya rundt om Eidnes» ein slik, med sine bakkar, skogar, gardsbruk og den eine kyrkja som eg til gjengjeld passerer to gonger fordi ho ligg på høgda i fram- og tilbakepartiet i midten.
«Eit anna ord for nostalgi er kjærleik,» skriv Erling Indreeide som Gudmund Skjeldal så gjerne siterer, og som Skjeldal omformulerer på følgjande vis: «Vern om dei kjærleikane du enno har.»
Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957