
Omdiskutert premiering i New York City Marathon
New York City Marathon har lang tradisjon på å ha like store pengepremiar til dei beste i kvinne- og herreklassen. I år var førstepremien på 100 000 dollar medan dei neste fekk gradvis mindre ned til nummer ti som kunne ta imot 2000 dollar. Det nye i år var at det òg var pengepremiar i klassen for ikkje-binære deltakarar.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 8– 2022.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Som ein del andre større løp har New York Marathon òg ein eigen klasse for ikkje-binære løparar. Det vil seie deltakarar som verken identifiserer seg som kvinne eller mann. I år var det for første gong pengepremiar i den ikkje-binære klassen med 5000 dollar til nummer ein og gradvis mindre nedover til femtepremien på 1000 dollar – føresett at det vart sprungi fortare enn 3.10.00. Ikkje fleire enn to i den ikkje-binære klassen klarte 3.10-kravet.
Vinnaren Jacob Caswell sprang på 2.45.12 og vart altså ca. 50 000 kroner rikare. Zackary Harris kom på andreplass med 3.09.41 og kunne følgeleg reise heim med om lag 40 000 kroner i premie.
Ikkje det at det er dårleg å springe maraton på pluss/minus 3 timar, men i eit løp der 136 menn og 15 kvinner sprang fortare enn vinnaren i den ikkje-binære klassen utan å bli premiert, så er det litt rart at 5000 dollar skulle gå til Jacob Caswell.
Alt i alt var det 171 løparar som sprang fortare enn Caswell, og 1236 sprang fortare enn Zackary Harris som altså fekk 4000 dollar i premie. Det deltok 47 løparar i den ikkje-binære klassen, og med fem moglege pengepremiar var vinnarsjansane ganske gode.
Sia det ikkje er noko anna krav for å melde seg på i den ikkje-binære klassen enn at ein ikkje opplever seg sjølv heilt som mann eller kvinne, kan det fort bli freistande for gode løparar å tvile litt på sin eigen kjønnsidentitet – iallfall for eit par-tre timars tid – for å kunne tene 5000 dollar.
New York Marathon gjer sjølvsagt kva dei vil med pengane sine, men sjølv så tenkjer eg at det held med to hovudklassar i konkurranseidrett: Ein skjerma kvinneklasse der berre biologiske kvinner får vera med, og ein open klasse der alle andre kan delta.
Om ein likevel vil laga ein eigen klasse for ikkje-binære, så trur eg ikkje det er noko godt val å innføre pengepremiar i den. Det er vanskeleg å sjå nokon god grunn til at ei(n) i sin beste alder som spring på 3.09, skal bli premiert, medan ei kvinne som tek seg til mål på 2.29 ikkje blir det.