17 år med springing langs den eventyrlege Rallarvegen har gitt mange gode minne. (Foto: privat)
17 år med springing langs den eventyrlege Rallarvegen har gitt mange gode minne. (Foto: privat)

Sju sortar springing

Ein venn av meg – og mange andre – bakar sju kakesortar til jul. Jan Eggum syng om «mang slags kjærlighet». Sjølv har eg gjennom livet hatt glede av minst sju sortar springing.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 1 – 2024


Den første sorten er den vi alle gjorde da vi var små og fann ut at det gjekk fortare å springe enn å gå. Artigare var det òg. Vi sprang fram og tilbake på kjøkkengolvet, etter ein ball ute og når vi leika politi og tjuv på låven. Evna til å springe – og gjerne springe fort – var ein stor fordel enten vi skulle unngå slåsskamp eller komma oss fri på flanken på fotballbanen.

Smak av pers

For meg starta springesort nummer to da eg byrja på gymnaset. Da vart det målmedveten trening, først og fremst mot baneløp, men òg med innslag av terreng- og gateløp. Å, kor inspirerande det var å setje seg mål og springe for pers. På turen heim frå stemna på Guldbergaunet på Steinkjer stansa vi gjerne på Røra og kjøpte softis dersom vi hadde persa – og berre vanleg is dersom det ikkje hadde vorti pers. Smaken av pers var heilt klart best.

Maratonmagi

Men allereie hausten etter tredje gym fekk banespringinga konkurranse frå springesort nummer tre, maraton. Ja, faktisk sprang eg maraton før eg hadde prøvd meg på halvmaraton og heilt klart før eg visste stort om kva maraton gjekk ut på. Med ein glad gjeng frå Mandal vart det Berlin-tur, og sjølv om overgangen frå sprek til sprekk viste seg å vera kort, så gav det meirsmak.

Maratondistansen har alltid hatt ein eigen glans. Gjerne eit løp kvar haust og kan hende eit om våren eller sommaren i tillegg. Det vart 15 år med persing og 15 år med tilbakegang før bein og hau gradvis vart mindre glad i langvarig asfaltdunking.

Stiane i skogen

Men kva gjorde det så lenge eg heile tida hadde kakesort nummer fire – skogen og stiane – berre eit stigningsløp unna heimen. Der fann eg mjukt underlag både sommar og vinter. Trening til kvardags og sugande konkurransar som Svalandsgubben, Tysåsen Rundt, Nordmarkstraver’n, motbakkecup i Maridalen og Minneløp for Hank Williams på Kilemoen ved Hønefoss som fest. Best har eg likt dei nokså flate og ikkje alt for ulendte traseane, men sia eg omtrent årvisst stilte opp i Gubben, og meir enn ein gong har kreka meg gjennom Flyktningeruta, så må eg ha hatt ein viss kjærleik òg til det som er både kronglut og tungt.

Ekspedisjonsspringing

Og kan hende var det trongen til det tunge – og langvarige – som gav meg bakst nummer fem, ekspedisjonspringinga. Gjerne over fleire dagar med ein lett sekk på ryggen og eit mål i sikte langt der framme. Da eg skulle flytte frå Kristiansand til Oslo, var vi ein gjeng som prøvde oss på å springe distansen. Eg kom meg berre til utkanten av Drammen før eit kne sette stoppar, men kjærleiken til å vera ute på lange springturar vart ikkje borte. Det er, som den svenske ultralegenden Rune Larsson seier, noko eige med springturar som vises på globusen.

Seinare sprang vi frå Valdres til Oslo, og rett som det var tok vi bussen til Sundvolden, Hønefoss, Jevnaker, Grua, Gardermoen eller Eidsvoll og sprang heimatt, fortrinnsvis gjennom Marka.

Ultrafasen

Ikkje rart at slik turar gav lyst på den springeretten som heiter ultraløp. Første konkurransen var 100 km i Trolløpet i Bergen. Lite er så fælt og monotont som å springe 100 km gatelangs, men etter at Hans-Jacob Berntsen hadde servert pølse i brød ei stund etter målgang, måtte eg vedgå at det ikkje berre var hardt, men òg kjekt.

Etter kvart fekk eg fleire gonger vera med på same distanse i VM før det gradvis vart meir og meir terrengultraløp med årlege turar til Chamonix og gjennomføring av dei ulike distansane i Ultra-trail du Mont Blanc. For ikkje å snakke om 17 år med Rallarvegsløp, frå Flåm til Haugastøl med sosial og kulinarisk mellomlanding på Finse.

Tilbake til start

No er det sju år sia eg sprang mitt (hittil) siste ultraløp, fire år sia eg sprang min siste konkurranse på bane og tre år sia eg sprang mitt siste maratonløp. Sjølv om eg framleis sleng meg med på kortare veg- og terrengløp, så er eg på mange måtar tilbake der det heile starta:

Eg berre spring. På snøstiar i skogen, intervallar med gjengen, langturar langs fjorden så snart vårsola tittar fram. Og eg kjenner meg takknemleg for å ha funni ein lidenskap som er så innhaldsrik og mangefasettert at han har følgd meg i snart seks tiår. Går eg lei av – eller ikkje lenger er i stand til – ein type springing, så finst det minst seks andre sortar å velje mellom.

Kven er den finaste? Det blir som å still spørsmålet til ei mor som står framføre ungeflokken sin.

For kva kan måle seg med piggsko, stoppeklokke og lukt av tartan ein solrik sommardag? Eller å suse gjennom skogen når haustvinden kjem? Eller sjå Brandenburger Tor komma nærmare og nærmare på maratonsundagen i Berlin? Eller noko så enkelt som å springe til jobb ein onsdags føremiddag med låg vintersol i fjeset og vera takksam for at beina enno ber.

Og når dei ikkje lenger gjer det, så skal eg humpe meg bort til turvegen rundt det vakre vatnet og smile til dei eg ser, full av takk for alle dei gode minna og glad for at andre fører arven vidare.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS