Når vi først er fødde i eit vinterland, er det like greitt å utnytte det til noko positivt. (Foto: Bjørn Johannessen)
Når vi først er fødde i eit vinterland, er det like greitt å utnytte det til noko positivt. (Foto: Bjørn Johannessen)

Ta den kalde tida i bruk

Noko av det spesielle med å bu her oppe mot nord er vinteren da iallfall deler av landet har kulde og snø. Fint for dei som elskar det, og ikkje fullt så bra for ein varmekjær tresort som eg.

Publisert Sist oppdatert

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 8 - 2021.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


Meir enn ein gong har eg høyrd meg sjølv seie: «Om det ikkje var fordi eg likar å gå på ski, ville eg knapt sett nokon fordel med vinteren.» Heller 20 pluss enn 10 minus. Heller berrmark og blomar enn slaps, snøkav og mørketid.

Men så var det dette med skiløypene og marka som kler seg i kvitt og inviterer meg ut. Til ei verd og opplevingar eg ikkje får tilbod om sommars tid. Marka er den same, ja, men likevel heilt ny. Trimmen er på mange måtar lik enten eg spring eller langar ut i diagonalgang, men opplevinga i skiløypene og det ho gjer med kropp og sinn, er unik. Ikkje ein gong Snø-arenaen på Lørenskog der ein kan gå på ski året rundt, kan måle seg med ein tremilstur i marka.

I fjor var vinteren så kald at eg meir enn ein gong heldt på fryse fingrane av meg. Det dippa nok under minus 20 den sundagen Eirik og eg staka oss over Bjørnsjøen med Kikut i sikte. Men etterpå var vi samde om at turen ikkje berre hadde vori frisk, men òg fin. Fullt på høgde med – og godt mogleg eit hakk over – springturane i den same skogen sommars tid.

Og skulle du berre ha løpesko og ikkje eit einaste skipar i boden, så kan eg tilrå springing på snødekte stiar. Sjølv synest eg det er artigare å springe på snøstiar om vinteren enn på dei same stiane om sommaren. Lydane er meir dempa, verda kjennes friskare og eventuelle fall blir mjukare.

Når vi først er fødde i eit vinterland, er det like greitt å utnytte det til noko positivt, tenkjer eg. Ikkje telje ned til våren, men ha det så kjekt i både desember, januar og februar at møtet med vårsola i mars nesten gjer oss litt triste fordi vinterleiken går mot slutten.

Men berre nesten. For akkurat som middagen og kvila smaker best når vi først har sliti oss svoltne og signe, så set vi ekstra pris på våren, varmen og stuttbuksespringinga når vi med isroser i kinna har dansa oss gjennom den kalde tida.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957

Powered by Labrador CMS