Vignett-kondiskommentaren.jpg

Eg har skrivi treningsdagbok kvart år sia hausten 1982 – med unnatak for 1986 da eg gjorde mitt første og hittil einaste forsøk på å bli kvitt trenings(dagbok)avhengigheita. Fram til og med 2005 var det papir, i 2006 Excel-ark og frå og med 2007 den elektroniske boka eg likte så utruleg godt, Sporttracks.

Der kunne eg laga mitt eige tilpassa system og finne ut det meste, til dømes snittfart på intervalløktene, kva klokka var på ein bestemt plass i løypa, kor lang tid eg brukte på dei siste 5 kilometrane av den 21,7 km lange progressivturen langs Frognerkilen.

Eg kopierte oppsummeringa av like økter frå gong til gong og kunne samanlikne både fart, puls og form. Og eg hadde stor glede av det sjølv om eg omtrent kvar gong kom dårleg ut av samanlikninga med mitt tidlegare eg.

Kveldsrituale
Det har vori eit fast kveldsrituale og oppdatere treningsdagboka med dagens økter, og i treningsdagbøkene kan eg òg sjå kor i verda eg har vori kvar dag sia oktober 1982. I notata kan eg finne både kven eg sprang saman med, kor kaldt eller varmt det var, kva slags sko eg sprang i og vekta på både skorne og mannen oppi dei. Bøkene er på ein måte soga om livet mitt. Det livet der springing og idrett elles skulle spele så stor ei rolle.

Og det er i Sporttracks at dei siste 13 åra ligg lagra. Den perioden som sett utanfrå kan kallast nedturen – dei åra eg har sprungi gradvis seinare. Dermed skulle ein kanskje tru at det ville bli opplevd som skikkeleg frigjerande å vakne til at den aller verste tilbakegangsepoken – dei 7 siste åra – var borte.

Men eg vart ikkje glad da eg vakna 1. april og oppdaga at det ikkje var nokon aprilspøk at det hadde oppstått ei stort svart hol i historikken min. Tilbakegang til trass – det hadde vori så mange flotte opplevingar og så mykje livsglad leik både langs landevegen og i skiløypene, i både buldrevegg og Bislett-bunkers.

Eg fekk nærmast panikk. Kaldsvetta. Var det verkeleg borte? Alle rapportene med gjennomsnittstider og kommentarar om kven eg hadde sprungi saman med?

Eg klarte ikkje å konsentrere meg om arbeidet eg skulle ha gjort. Vandra rastlaus rundt på heimekontoret. Ikkje ein gong godsakene i kjøleskapet freista. Langt mindre ein springtur no som samanlikningsgrunnlaget var borte.

Eit varsla mord
Sjølv om det var eit sjokk, så kom det likevel ikkje heilt overraskande. Det var eit varsla mord. På ein måte var eg budd på at det kunne skje.

Eg hadde eit lite år i førevegen fått veta at Sporttracks ville leggje ned den nedlastberre versjonen av treningsdagboka si – og slik tvinge oss over på abonnement på onlineutgåva. Vi fekk beskjed om at vi måtte eksportere alle øktene dit før 1. april.

Allereie da merka eg ein sorg, for det var den gode, gamle versjonen eg elska. Den eg var så godt kjent med og så enkelt kunne finne alt som var verdt å finne.

Og eg utsette i det lengste, til det var ca. ti dagar att, å byrje med overføringa til onlinedagboka. Enda har eg god tid, tenkte eg. Eg skiftar ikkje før eg må. Eg vil bruke og nyte gammelboka så lenge eg berre kan.

Første eksportforsøket gav masse grove feil, ikkje minst i den viktige kategoriseringa av øktene. Etter mange e-postar fram og tilbake over fleire dagar til kundesupporten kom eg ikkje i gang med ein eksport som fungerte etter planen, før ut på ettermiddagen 31. mars. Det viste seg å ta mykje lenger tid enn eg hadde trudd å overføre dei nesten 13 000 øktene. Eg var berre kommi til april 2014 da midnatt nærma seg, og det var leggjetid.

Og det var da eg gjorde den store feilvurderinga å tru at det ville vera mogleg å halde fram dagen etterpå. Nokre timar frå eller til måtte vel gå bra, tenkte eg. Og eg hadde dessutan teki backup av den nedlastberre utgåva.

«End of Life»
Eg sov enda meir uroleg enn til vanleg, og tanken på treningsdagboka var heilt klart ein av grunnane. Men det var først da eg starta opp PC-en og såg det store raude «End of Life»-feltet øvst på Sporttracks at eg verkeleg vart engsteleg. Eg prøvde å bla bakover i historikken, men den stansa 1. januar. Berre årets økter låg inne, og til online-versjonen hadde eg som sagt berre fått overført fram til april 2014.

Eg prøvde å halde fram med sync-arbeidet, men det gjekk ikkje, sia øktene ikkje lenger låg i gamleboka. Eg sjekka kopiane eg hadde – til og med i gamle-PC-en – men òg der var historikken på merkeleg vis vorti sletta. Borte. No stod eg der og visste rett og slett ikkje kva slags nøkkeløkter eg sprang før Berlin Marathon hausten 2014 eller korleis eg hadde trena meg opp etter hæloperasjonen i 2016.

Eg fann ikkje anna råd enn å krype til krossen og sende ei e-post-bøn til Sporttracks om å opne boka berre ein dag til – slik at eg rakk å eksportere resten.

Sporttracks.jpg
Den gamle versjonen av Sporttracks hadde nådd enden av levetida si, og eg sleit med å få eksportert innhaldet. 


Eit friare liv
Medan eg venta på svar prøvde eg å vera rasjonell. Du må gjera det beste ut av det, Runar, sa eg til meg sjølv. Kan hende er dette din sjanse til å komma deg ut av treningsdagbokavhengigheita. Slutte å bruke masse tid på skrive ned ting som berre du sjølv har interesse av. Slutte å samanlikne med tidlegare tider som du uansett ikkje kan konkurrere med. Det er no du har sjansen til å byrje eit friare liv, berre nyte treninga i nuet – utan å loggføre fart og tid og vind og vêr. Bruk meir tid på å leva og mindre tid på å logge, prøvde eg å overtyde meg sjølv. Og så har du jo alt grovmaterialet av GPS-spor og mellomtider liggjande ein stad i Garmin Connect, prøvde eg å trøyste meg med – sjølv om eg visste at det var notata og analysen eg hadde lagt inn, som eg kom til å sakne mest.

Det kom ikkje noko svar på bøne-e-posten, men eg kom likevel ikkje i mål med omstillingsprosessen som så vidt hadde starta. For ut på føremiddagen oppdaga eg at øktene var tilbake i gamleboka. Truleg var det fleire enn eg som hadde sendt inn klage, og bønene våre hadde vorti høyrd. Eg sette synkroniseringa i gang, og smått om senn vart dei 5928 gjenståande øktene flytta over i online-boka.

Nostalgispegelen
Der er dei no. Ikkje like lett tilgjengelege. Ikkje like fint tilpassa måten eg trenar og tenkjer på. Men dei er der, med notata bevart. Livet mitt. Det som ein gong var framtid og som i den augeblinken eg tok på meg skorne og stakk ut, vart notid. Og som rakk og bli fortid før eg fekk summert opp i Sporttracks.

Kanskje er det å kaste bort tid å bry seg om det som har hendt. Kanskje er det betre alltid å sjå framover i staden for kike inn i nostalgispegelen. Men som ein vis mann ein gong sa: Devaluerer vi historia, devaluerer vi òg notida og framtida, for også dei blir fort til fortid. Og dermed er det ingenting som har verdi.

Og truleg er det noko sant i det, at dei fleste og beste historiene er om fortida. Eg har aldri hatt sansen for science fiction og veit at klimamodellar kan bomme.

Ein heilt vanleg dag
Så eg spring og loggar vidare. Og innimellom fortel eg om det som hendte, for eksempel 14. mai 1990. Dagboka viser at ein avart av 3-2-1-økta var i bruk allereie da:

«Oppvarming 20 min
Tempoveksling 100 m fort – 100 m flyt: 3000 – 2000 – 1000 m, pause 5 min
10.22 – 6.46 – 3.10
Saman med Terje på Kristiansand stadion i lett vind og ganske avslappa innsats. Køyrde hardast på den siste. Delvis drahjelp av Terje.»


Eller denne, frå laurdag 21. april 2018, ein av dei dagane og åra som heldt på å forsvinne inn i det store svarte holet. Ein heilt vanleg treningstur på det som såg ut til å bli ein heilt vanleg dag:

«Roleg løp 7,61 km på 39.21 = 5.10-snitt, snittpuls 126<138
Var litt rar/matt til beins og difor nøgd med at det gjekk så fort som klokka viste. Men pulsen var veldig høg i høve farten. Avslutta med å jogge berrføtt fram og tilbake på kunstgraset
 – pluss at eg sola meg etterpå. Seinare på ettermiddagen skulle sola gå ned for meg da eg sykla meg tå.»

Kartbiletet i treningsdagboka frå sykkelturen like etterpå viser både kor havariet skjedde, og kva for ei rute sjukebilen tok til Ullevål. Klikkar eg på sporet kjem det fram at klokka var 15.06.42 da eg gjekk i bakken og 15.34.00 da sjukebilen for der ifrå.

Det eg sjølv ikkje har noko minne om, fortel treningsdagboka mi meg. Ikkje rart eg er glad i, ja nærmast avhengig av, henne. Heldigvis vart ho ikkje borte.


Sporttracks_sykkelvelt.jpg
GPS-sporet fortel både at bråstoppen skjedde på tur inn i krysset, kva klokka var og kor sjukebilen tok vegen 27 minutt seinare. 


«Eg vandra rastlaus rundt på heimekontoret. Ikkje ein gong godsakene i kjøleskapet freista. Lang mindre ein springtur no som samanlikningsgrunnlaget var borte.»​
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957