Stian Dahl Sommerseth (midten) vann langdistansen framføre Ruairi Long (til høgre) og Kristoffer Eftedal.

Lokal stikonge vann da Lillogrusen dobla deltakartalet i sitt andre år

Stian Dahl Sommerseth var utilnærmeleg og vann det lokale lågterskelløpet Lillogrusen på ny løyperekord. 85 deltakarar deltok på to forskjellige distansar i haustregnet i Lillomarka.

Publisert

Ved botn av Grefsenkleiva på Årvoll i Oslo strøymde lokale løparar og eit heilt handballag til denne onsdagskvelden i oktober.

For andre året blei Lillogrusen arrangert – eit lågterskel mosjonsløp utan startavgift. Løpet hadde som i premiereutgåva to forskjellige distansar – den lange på 15 kilometer og den korte på 5 kilometer.

Starten var derimot flytta frå Isdammen til Grefsenkleiva utfartsparkering, og løparane fekk dermed glede av ljosløype heile vegen opp til Lilloseter.

Heia kvarandre fram 

Løpet blei ramma inn av tåke, duskregn, bål og faklar ved startområdet.

Før start blei løparane informert om den umerka løypa og viktige løypekryss. Dei som løp den lange løypa, fekk beskjed om å klaske på trappa på markahytta før dei gav seg tilbake nedover bakkane til mål.

Etter 54 minutt og 35 sekund var fyrstemann tilbake i mål. Ikkje overraskande var det ultraløpar Stian Dahl Sommerseth som kom ut av Lillomarka fyrst. Sommerseth bur berre eit par kilometer frå start, på Tonsenhagen, og er nok kjent for dei fleste løpeglade i området frå toppen av dei fleste Strava-segment.

– Eit veldig artig løp og god stemning undervegs, sa Sommerseth etter målgang.

Sjølv om det nok var lite publikum ute i marka denne regntunge kvelden, heia løparane kvarandre fram når dei møtte kvarandre på veg opp og ned til Lilloseter.

Rekord også i kvinneklassa

I kvinneklassa var det SK Vidar-løpar Hanne Marthe Lie, som også bur i nærområdet, som var raskast i den tøffe løypa, på sterke 66.22.

Begge sette løyperekordar, i den nye løypa på 15 km som var litt lengre enn fjorårets på 13 km.

I den korte løypa som snudde ved Linderudkollen, utmerka 15 jenter i 9-årsalderen frå Årvoll IL handball seg med stor entusiasme på start.

Samla både barn, mosjonistar og toppløparar

I mål vært det premiering av dei tre raskaste i tillegg til uttrekkspremiar.

Løpsleder Julius Zackarias Strömberg hadde god grunn til å vera nøgd med andreutgåva av gratisløpet Lillogrusen.

På eit lågterskel-løp som dette blei det heller ikkje produsert eigne startnummer. Dei 85 deltakarane (48 i fjor) tok anten med seg gamle startnummer eller fekk utdelt startnummer som var brukt før.

Arrangørar var Stigforeningen – ei lokal naboløpegruppe, som kvar tysdag kveld spring saman etter å ha sendt barn inn i drøymeland.

Primus motor og løpsleiar Julius Z. Strömberg var strålande fornøgd med andreutgåva.

– Ein veldig artig og sosial kveld i Lillomarka. Me er glade for å kunne samle løpeglade i lokalområdet til eit lågterskel-løp. Fint å sjå at både dei aller sprekaste i lokalmiljøet, heilt vanlege mosjonistar og unge handballspelarar tek turen. Me gler oss alt til neste år!

Verdt å merke seg er det også at deltakarane fordelte seg nærmast 50/50 mellom kvinner og menn.

Lillogrusen
Eit stort felt av vrige løparar er klar til leggje av garde.
Lillogrusen 2025
Med ljos frå både skyminga og lyktestolpene sprang deltakarane inn i Lillomarka.

Kvinner - Lange Lillogrusen

1Hanne MartheLieSK Vidar01:06:22
2TheaHansen01:07:25
3NeamAhmedizzet01:17:23
4JennyGulliksenStoro01:19:00
5InaGrasdal01:23:50
6IngridNordhusHeming01:24:00
7Helena O.HaugboLofthus IL01:25:00
8TonjeHagatun01:26:00
9VildeWesenlund MolværOslo01:29:48
10JulieRørvikOslo01:29:48
11IngvildDyrøyOslo01:32:29
12NoraBenderOslo01:33:00
13IngridGjevreOslo01:33:00
14VildeLauritsenOslo01:50:00
15StineHarjarSkjetten01:50:00
16VildeRooth01:55:44
17KatarinaLindbakk01:55:44

Menn - Lange Lillogrusen

1Stian DahlSommerseth00:54:35
2RuairiLongSK Vidar00:57:03
3KristofferEftedal01:01:35
4HalvardIanssen MysenStigforeningen01:01:51
5AndréLøsethOslofjord Tri01:02:49
6TobiasSemb01:03:00
7BjørnarVeieOslo01:04:23
9ThomasSmagueOslo01:04:23
10VebjørnRognliAlta01:04:40
11AlexanderÅsenTonsenhagen01:06:46
12ØysteinUrkedalKRIK kondis Oslo01:08:42
13SimonBuntingShrewsbury01:09:11
14PeterJørstadLillehammer01:09:25
15Petter AustadOlsenOslo01:09:50
16SanderMarkussen01:10:12
17ToreNorum TronsmoenTelenor BIL01:11:26
18PålLysaker01:12:16
19TorjusSonerud01:12:23
20Sondre JahrNygaardNydalens Skiklub01:13:04
21ToreWallemThe Jackalopes01:13:48
22EspenEide01:14:06
23TorgrimRødÅrvoll01:16:48
24BjørnHanssen01:17:44
25Steffen W.JohanssenLSF Løpeklubb01:18:33
26OleSandnesOslo01:21:06
27IverGrøttvedtOslo01:27:00
28OliverNøis-NilssenOslo01:27:00
29JasonWhittingtonThe Jackalopes01:30:28
30LasseDjervTeam Kondis01:30:53
31Sebastian MarcelHolthBærum01:39:00
32Olav G & DexterBrevikStig01:39:00
33ThomasKjølnesGreverud01:41:42
32DarkoStojkovskiOppsal01:41:42

Kvinner - Lille Lillogrusen

1FridaHøidahl00:26:40
2MaiaSolgård VestadÅrvoll IL Håndball00:30:16
3KristinSolgårdÅrvoll00:30:16
4EivorWeieÅrvoll IL Håndball00:30:26
5RegineHaraldsenHønefoss00:31:55
6HannaKilliCarl Berner00:31:55
7PetraGarden HovdaÅrvoll IL Håndball00:32:15
8AdaMidttun HaukaasÅrvoll IL Håndball00:32:20
9KajaGardenÅrvoll IL00:34:03
10HelleNystadVeitvet00:34:09
11EdleEvensmo SandnesÅrvoll IL Håndball00:35:15
12SiljeJacobsen00:35:15
13EllieMedhaug00:35:20
14FredrikkeMoenÅrvoll IL Håndball00:35:40
15AnnaMedhaugÅrvoll IL Håndball00:35:45
16KristinKilli FiskumIvers lag00:36:00
17Ulla H.RingstadÅrvoll IL Håndball00:37:40
18AlvaØvrebøÅrvoll IL Håndball00:37:40
19CarinaMedhaug00:37:41
20HennieBotnen SmebyeÅrvoll IL Håndball00:38:00
21AlvildeSimonsenÅrvoll IL Håndball00:38:19
22EirinFossøy0:40:00
23AgnesHaavetÅrvoll IL Håndball00:42:01
24TirilFosli-MalmÅrvoll IL Håndball00:44:11
25SofieVestad00:45:00
26FrøyaFosli-Malm00:48:00
27CecilieFosli-MalmÅrvoll00:48:00

Menn - Lille Lillogrusen

1KnutSolum00:18:01
2ØyvindMaarudStigforeningen00:21:43
3TerjeØyrås00:26:10
4EirikKruseTonsenhagen00:35:00
5ChristopherSimonsenGeilo IL00:38:06
6OdaOlsen00:39:12
7MagnusDahl00:40:00
8Tomas AreHaavetÅrvoll IL00:42:01

Powered by Labrador CMS