Dei tre raskaste kvinnene med den nye løyperekordhaldar i midten: Kristine Lande Dommersnes frå Haugesund IL. Tid 38.18 på 11 krevjande kilometrar Frå venstre Marie Kloster Skjalg IL, Kristine Lande Dommersnes, Haugesund IL og Mari Arnestad, Club Solo. (Foto: Einar Gisle Sellevold)
Dei tre raskaste kvinnene med den nye løyperekordhaldar i midten: Kristine Lande Dommersnes frå Haugesund IL. Tid 38.18 på 11 krevjande kilometrar Frå venstre Marie Kloster Skjalg IL, Kristine Lande Dommersnes, Haugesund IL og Mari Arnestad, Club Solo. (Foto: Einar Gisle Sellevold)

Kristine Lande Dommersnes med løyperekord i Langs Åkrafjorden

Kristine Lande Dommersnes knuste løyperekorden i den 20. utgåva av Langs Åkrafjorden. Den 11 km lange løypa går på gamlevegen frå Kyrping Kro og Bensinstasjon og til Åkrafjordtunet

Publisert Sist oppdatert

Av reportar Gisle Sellevold

start_20220820_140058.jpg

Startfeltet i den 20. utgåva av Langs Åkrafjorden. (Foto: Olav Samland)

Kristine Lande Dommersnes knuste løyperekorden!
Heile 1 minutt og 1 sekund forbetring av ein rekord sett i 2018 av nybakt norsk meister på 10000 m. Dette var verkeleg eit kvalitetsløp i den 20. utgåva av Langs Åkrafjorden. Løypa går på gamlevegen frå Kyrping Kro og Bensinstasjon og til Åkrafjordtunet.. 11 vakre km. Men dei fleste får neppe nyta utsikta, så fort som dei spring.

Marie Kloster frå Skjalg IL sprang også eit veldig godt løp.

På Bergprisen var Kristine allereie godt i tet og passerte på 11.38. Marie Kloster 12.21 og Mari Arnestad 12.44. Bergprisen er høgste punktet i løypa etter 2930 m, derav ca 2400 m rein motbakke.

208_20220820_142831.jpg


Kristine Lande Dommersnes løp sterkt og knuste den gamle løyperekorden. (Foto: Olav Samland)

Morten Gjendem fyrst i mål i eit sterkt herrefelt
Morten Gjendem, også han frå Haugesund IL, vann det serke herrefeltet på 34.37. På Bergprisen hadde både Morten Gjendem og Lars Lunde 10.23.

243-245_20220820_143713.jpg

Morten Gjendem (til venstre) vant løpet foran Lars Lunde. Her tar de en hvil etter målgang. (Foto: Olav Samland)

Strålande ver og strålande ungar!
Regn og skodd dagen før og delvis styrtregn dagen etter det 20. Langs Åkrafjorden. Men heile 30 ungar hadde nok strålt om det hadde styrtregna. Og for fyrste gong var det barnepåmelding på eq-timing. Her var 14 ungar førehandspåmelde, og 16 melde seg på ved start. Alt frå 1 år med far og mor og opp til og med 12 år. Alle fekk medalje.

Flotte trekkjepremiar
Inge Tjelle og arbeidskamerat frå Asvo, Arnt Norvald Breivik sykla ikkje berre dei 11 tøffe km men sykla heilt frå Skånevik, 18 ekstra km, minst like tøffe. Så var dei i lag med ein annan kamerat Svein Helge Gullhaug med på å dela ut drikke etterkvart som folk kom i mål. Då var det ekstra kjekt at Arnt Norvald vann eine trekkjepremien på kr 1000,- Same summen vann funksjonæren Magne Berge, som gjorde funksjonæroppgåver både før og etter at han deltok i sjølve løpet. Sigrid Henriksen frå Ølensvåg, ei ungdame på vel 80 år vann største trekkjepremien på kr 3000,-

Speaker og løpsleiar gjorde ein formidabel innsats
John Karsten Hustveit er ein glitrande speaker. Han er med på å skapa ein fin atmosfære. Det samme kan me seia om løpsleiar Olav Samland.

Løpsklasse i "Langs Åkrafjorden" - 20. august 2022
Klasse:St. nrNamnE-namnKlubbBERGMÅL
KVINNER:
KS208Kristine LandeDommersnesHaugesund IL11.3838.18
KV 40-44207MarieKlosterSkjalg IL12.2141.34
KS200MariArnestadClub Solo12.4443.06
KS206StineØstbø***Privat***14.5149.28
KV 35-39202IdunØvernesIF Klypetussen15.5253.21
KV 35-39205Ingrid MarkhusKnudsenEtne IL16.4454.46
KS204JursaiteErika***Privat***17.0455.34
KV 45-49203Anne ElisabethSkjoldIF Klypetussen19.3765.38
KS201YvonneTræetIF Klypetusen22.0273.24
MENN:
MS243MortenGjendemHaugesund IL10.2334.37
MS245LarsLundeStord IL10.2335.06
MS128Nils HaktorBuaSpirit Friidrett11.3538.22
MV 45-49234Bjørn KetilSørvikBremnes IL11.5839.52
MS225ThomasFinshusStegaberg IL11.3540.25
MV35244StianHauglandFrisk Treningss.12.1540.33
MV 55-59127Bjørn IvarSvendsenSpirit Friidrett12.3040.47
MV 60-64233ReinerBrandstetterTB Neuffen12.1241.13
MS223KristofferEkornrudIF Klypetussen12.3842.34
MV 35-39224SindreEkornrudIF Klypetussen12.4942.54
MV 40-44232Åge MikaelHjellestad***Privat***13.0343.09
MV 35-39237SølveFunderudSkånevik Ultra14.1246.26
MV 35-39242Leif ArneFlåteSkånevik Ultra14.5548.22
MV 50-54126MagneBergeIF Klypetusen14.5648.32
MS238Einar MariusMartinsen***Privat***14.3749.15
MV 55-59239ArildAustrheimVindafjord IL15.3451.08
G 16-17241Oliver ByggstøylØrkeVindafjord IL15.1552.25
MV 50-54121RuneSvendsenIF Klypetusen15.1352.30
MV 60-64231RogerLøkkenVindafjord IL17.2557.07
MV 65-69230MagneHeienTernen IL16.4657.37
MV 45-49246Trygve GunnarHenriksenIF Klypetussen18.5863.35
MV 65-69222HaraldMågeIF Klypetussen19.3765.26
MV 70-74140OlavSvendsenIF Klypetussen23.2375.15
MV 70-74135GisleSellevoldIF Klypetussen23.5879.31
MV 35-39129Aron NessLarsenIF Klypetussen27.2092.30
MV 35-39136ArildKvalvågLennart Run. ClubDNSDNS


Alle resultater her (per søndag 21.aug kl. 16.00 sikkert tekniske problemer, vil sikkert bli rettet på)

IMG_0522.jpg


Premiepallen for menn:frå venstre nr 2 Lars Lunde frå Stord IL, Vinnar Morten Gjendem, Haugesund IL og Nils Haktor Bua frå Spirit Stavanger. (Foto: Einar Gisle Sellevold)

Powered by Labrador CMS