
Kristine Lande Dommersnes - NM-vinnar med sterk sluttspurt
Kristine Lande Dommersnes har nesten alltid litt ekstra å gi mot slutten. På 3000 meteren i NM innandørs sikra det henne gullet.
Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 2 - 2020
– Eg er ikkje av dei raskaste, men eg har så å seie alltid ein spurt til slutt, fortel Kristine Lande Dommersnes på telefon frå Mar de Pulpi i Spania. Der er ho på treningsleir med løparar frå sin eigen klubb, Haugesund IL, og frå Stavanger-klubben Skjalg.
Det høyrer òg med til historia at det var Kristine sjølv om hadde dratt storparten av 3000 m-løpet i NM og slik matta ut konkurrentane før spurten. Så her var ho aldeles ikkje nokon gratispassasjer som berre stakk av til slutt.
– Før NM visste eg at eg var i grei form, for eg hadde fått trena bra utan skade- eller sjukdomsavbrott. Men det var mange sterke løparar med, og eg hadde ikkje forventa å vinne. Heldigvis var beina greie, og det fungerte ganske så bra, seier ho med eit lite understatement.
Til slutt vann ho på 9.42,77 og var 2 sekund føre Andrea Modin Engeseth på andreplass. I Nordenkampen ei veke seinare hadde dei to ein ny fight, og også da var Kristine først i mål – no med ein hundredels margin. 9.33,92 var ny pers og heldt til ein femteplass totalt.
– Trenar du mykje spurt, eller er du berre ein fightar frå naturens side?
– Eg føler det er noko eg har i meg, noko mentalt, for eg driv ikkje så mykje sprinttrening, fortel Kristine, som vedgår at ho òg har eit sterkt konkurranseinstinkt.
– Det merkar eg òg når eg speler biljard eller bowling med vennene mine. Eg er ikkje særleg god, men eg likar ikkje å tape.
Aktiv oppvekst
Det å vera i aktivitet var noko ho fekk med seg tidleg i oppveksten. Med hytte på fjellet vart det mange skiturar. Faren var på landslaget i karate, og mora spelte handball. Søstra til Kristine dreiv òg med karate og broren med triatlon.
– Sjølv spelte eg handball i åtte år. Friidrett begynte eg med i sjuande klasse, men så gjekk eg litt lei og slutta i åttande. Mot slutten av niande starta eg på nytt, og da eg gjekk i tiande klasse, fekk eg Kåre Osnes som trenar. Da vart det fort framgang og mykje kjekkare. Så du kan seie at eg har trena springing ganske seriøst sia slutten av tiande klasse, seier Kristine som no er 20 år og er førsteårsstudent ved Lærarhøgskolen i Bergen.
I helgene er ho likevel ofte i Haugesund og trenar med Kåre og HIL-gjengen. I vekene spring ho av og til intervall med Varegg om tysdagane pluss at ho avtalar turar med andre løparar, som det finst mange av i Bergen.
– Men eg må ta det litt når det passar sia det er mykje å gjera på studiet.
U23-EM på heimebane
Målet for denne sesongen er først og fremst å forbetre persane.
– Eg bør klare å springe under 9.30 på 3000 m og kanskje 4.22 på 1500 m. Det hadde òg vori kjekt å bryte 2.10-grensa på 800 m. 5000 m-persen må eg òg få gjort noko med, svarar HIL-løparen på spørsmål om måla for resten av sesongen.
Sia det ikkje er noko U23-EM i år, ser ho i staden fram til neste års meisterskap som til overmål går på hennar nye heimebane i Bergen.
– Det hadde vori gøy å springe bra der – og ekstra artig når det er på heimebane.
– Kva er det du liker best med springinga?
– Å sjå at eg blir betre frå år til år. Det er motiverande å ha ein så flink trenar, som har har så mykje kunnskap og veit kva som skal til. Miljøet i Haugesund var òg veldig inspirerande og bra da eg budde der.
– Hender det at du skulkar treninga?
– Nei det gjer eg ikkje. Eg er veldig motivert og vil heller trene meir enn det eg får lov til. Kåre må nok halde meg litt igjen, ler jenta som vanlegvis spring 13-14 mil i veka og som på treningsleir er oppe i 15.
– Her i Mar de Pulpi er det veldig fint å trene med mange flotte grusvegar å velje mellom. I år er eg skadefri, og da kjenner eg meg ekstra heldig som kan bruke dei fine forholda.
Kristine Lande Dommersnes
Alder: 20 år
Bustad: Studerer i Bergen, er frå Haugesund
Yrke: Førsteårsstudent på Lærerhøgskolen i Bergen
Klubb: Haugesund IL
Trenar: Kåre Osnes
Idrett: Mellom- og langdistanseløping
Persar: 2.11,67 på 800 m, 4.26,12 på 1500 m, 9.33,92 på 3000 m (innandørs), 17.10,33 på 5000 m og 34.58 på 10 km
Merittar: Gull 3000 m og bronse 1500 m NM innandørs 2020, gull 3000 m U20 nordisk 2018, gull 3000 m og 1500 m junior-NM 2019, gull 3000 m UM 2018, 16. plass 1500 m U23-EM 2019, 25. plass på 1500 m i U20-EM 2017, 2 sigrar i Djupadalten

Kristine Lande Dommersnes er frå Haugesund, men studerer i Bergen, og ho gled seg til U23-EM på sin nye heimebane til neste år. (Foto: Runar Gilberg
5 favorittar
Treningsøkt
200 eller 300 metrar på bane, f.eks. 10 x 300 m i 1500 m-fart med 1 minutts pause. Men det er òg gøy med langintervall
Fag
På vidaregåande likte eg psykologi veldig godt.
Musikk
Veldig glad i 80-tallsmusikk, f.eks. Matthew Wilder
Mat
Indisk
Idrettsutøvar
Ingevill Måkestad Bovim
Kristines trening veke 8
Siste del av veka var på treningsleir med ekstra god tid til både trening og restitusjon
Måndag
1. økt: Roleg løping 45 min
2. økt: Roleg løping 45 min + drill + 5 stigningsløp + 5 x 100 m i piggsko
Tysdag (reisedag)
Roleg løping 60 min + 5 x 10 sek bakkesprint + basisstyrke
Onsdag
1. økt: Roleg løping 45 min
2. økt: Intervall 10 x 4 min, pause 45 sek
Torsdag
1. økt: Roleg løping 60 min
2. økt: Roleg løping 40 min + drill + 6 x 20 sek (roleg – middels – fort)
Fredag
1. økt: Roleg løping 40 min
2. økt: Intervall 30 x 1 min, pause 30 sek
Laurdag
1. økt: Roleg løping 60 min
2. økt: Løping 35 min (roleg 15 min – hurtigare siste 20 min) + 4 stigningsløp + basisstyrke
Sundag
1. økt: Intervall 10 x 3 min, pause 45 sek
2. økt: Intervall 4 x 2000 m, pause 90 sek

Vi ser Kristine Lande Dommersnes springe inn til siger og 10 km pers under Karmøy Maraton i fjor haust. Tida vart så sterk som 34.58. (Foto: Ida Marie Skeie)