- I 2010 og 2016 hadde me Norgescup, i 2011 og 2017 NM i motbakkeløp. Det tyder på at Kvasshovden opp held ein høg kvalitet på løypa og som arrangør, fortel pressesjef Asbjørn Børsheim.

Motbakkeløpet Kvasshovden opp vert arrangert for 12. gong i år. Også i år som eitt av dei 5 løpa i Norgescupen for motbakkeløp. Fleire gode løparar kjem i år og. I dameklassen kan motbakkeløparane testa seg mot langløparen på ski, Astrid Øyre Slind. Nytt i år er at sekken i konkurranseklassen skal berre vega 1,5 kg. 

- Kvasshovden opp er eit folkehelsetiltak og me ynskjer å få fleire trimmarar opp til toppen. I år kan mosjonsklassen velja om dei vil starta på Byrse (Børsheim 230 moh) eller nede ved kongressen, men alle må melda seg på i kongressen, sier Børsheim som fortel om gode parkeringsplassar på Byrs og at det er rabatt for familie med 2 vaksne + 2 barn, totalt 300 kroner (berre påmelding direkte, ikkje elekronisk).  

1P1A7730[1]
Frå 2018-løpet (Foto: Tom Roger Johansen)

Kvasshovden opp går frå Ulvik sentrum til Kvasshovden på 1030 moh. Totalt 7,5 km.
Sjå www.kvasshovdenopp.no 

På veg opp til toppen kan du og få med deg 10 utvalde Olav H Hauge-dikt (i alle fall for mosjonistane!)

Kondis.no 2018: Ludvigsen og Lilleskare vant strålende Kvasshovden Opp
1P1A8000[1]

Kondis.no 2017: Bugge og Buer norgesmestere i motbakkeløp
Johan Bugge og May Britt Buer jubler over norgesmesterskap. (Foto: Arne Dag Myking)
Foto: Arne Dag Myking

2019:
2019_kvasshovdenop_plakat.jpeg