– Motbakkeløpet Kvasshovden opp vert arrangert for 15. gong i år! Neste år (2024) har me fått tildelt NM for 3. gong (tidlegare i 2011 og 2017). I tillegg har løpet hatt status som Norgescup åtte gonger sidan 2008. Det tyder på at Kvasshovden opp held ein høg kvalitet på løypa og som arrangør, skriv arrangør Ulvik IL i ein pressemelding.

– Utan Norgescupstatus eller NM ventar me litt færre deltakarar enn før, rundt 60 -70 personar i konkurranseklassane. Men reknar med 150-200 i mosjonsklassen.

I år er motbakkekongen Thorbjørn Ludvigsen, Varegg fleridrett påmeldt – han har vunne før og har nest best tida gjennom alle tider på 46.04. Han må reknast som favoritt sjølv om Torgeir Tengsareid, Egersund stiller. Han har fleire pallplasseringar i Kvasshovden opp og vann i 2016 der Thorbjørn Ludvigsen vart nr 2. Men det kjem gode utfordrarar frå Voss, langrennsløpararane Vebjørn Turtveit  og Daniel Dukstad. Spesielt Daniel som vart nr. 4 i NM i motbakkeløp i år!

I dameklassen er Anita Lilleskare, BFG Bergen løpeklubb klar favoritt. Ho vart nr. 3 i NM motbakkeløp i år og vann Kvasshovden opp i 2018. Ho har og 5 andre pallplasseringar i Kvasshovden opp. Den som kanskje kan utfordra ho er Sara Rebekka Færø, Varegg fleridrett som vart nr. 2 i fjor.

Elles er det ikkje vektkrav til sekken i konkurranseklassen, men skal innehalda kle etter sjølvbergingsprinsippet.

Starten for konkurranseklassen går kl. 11:30 laurdag 15. juli. Dei aller eldste kan starta 11.00.

Kvasshovden opp er eit folkehelsetiltak og me ynskjer å få fleire trimmarar opp til toppen. For at laget skal få nok midlar til å oppretthalda standarden på løypa er det viktig at lokale trimmarar meldar seg i mosjonsklassen og går denne dagen.

I år og kan mosjonsklassen velja om dei vil starta på Byrse (Børsheim) (230 moh) eller nede ved kongressen. På Byrse kan du betala med vipps. Gode parkeringsplassar på Byrse. Det er og rabatt for familie med 2 vaksne + 2 barn - totalt 300 kr.

Mellom deltakarar i mosjonsklassen utan tid vert det i tillegg trekt ut tre hovudpremiar. 1. premie er sykkel frå Sport 1. Premiane på loddtrekning vert berre delt ut til dei som møter fram til premieutdelinga.

Kvasshovden opp går frå sentrum til Kvasshovden på 1030 moh. Totalt 7,5 km. Sjå elles praktiske opplysningar på www.kvasshovdenopp.no. På veg opp til toppen kan du og få med deg 10 utvalde Olav H Hauge-dikt (i alle fall for mosjonistane).

Motbakkeløpet Kvasshovden opp engasjerar rundt 70-80 frivillige dugnadsarbeidarar frå laget!

1P1A7730[1]
Frå Kvasshovden Opp 2018. (Foto: Tom Roger Johansen)