Eit stort felt legg av garde ut i den perfekte løypa. (Foto: Haukelirennet)
Eit stort felt legg av garde ut i den perfekte løypa. (Foto: Haukelirennet)

Nydelege forhold for Haukelirennet

Sola skein frå blå himmel på Haukelifjell då det syttande Haukelirennet gjekk av stabelen på laurdag. Vinden bles godt på fjelltoppane, men 516 deltakar stilte likevel til start.

Publisert Sist oppdatert

Gaute Kvåle frå Røldal IL og Team Elon Vest stakk av med sigeren i herreklassa, medan Nora Sannes Kjelsås IL og Team Elon Oslofjord stakk av med sigeren i kvinneklassa.

Yr melde på førehand om sterk vind på Haukelifjell, og arrangøren og juryen bestemte derfor å gjennomføre to rundar av den austlegaste delen av traseen. Rennet blei dermed like langt som vanleg, men i ei litt ana utgåve. Takka vere ein løysingsorientert og handlekraftig funksjonærstab blei det gjennomført eit fullverdig turrenn i nydelege omgjevnadar til tross for vind på toppane.

På startstreken sto eit sterkt startfelt. Særleg kvinneklassa viste seg å by på hard konkurranse. Den ferske noregsmeisteren Sofie Nordsveen Hustad frå Kjelsås IL utfordra Nora Sannes heilt til målstreken, og melde om deltaking også i åra framover. Karoline Simpson-Larsen frå Vargar IL og Team Elon Vest kom i mål til ein sterk tredjeplass.

kvinner 11-14-12.jpg

Blide kvinner klare til start. Karoline Simpson-Larsen (BIB 11), vinnaren Nora Sannes (BIB 14) og Julie Bjervig Drivenes (BIB 12). (Foto: Haukelirennet)

Også på herresida baud sterke løparar opp til konkurranse. Tett etter vinnaren Gaute Kvåle kom Mathias Holbæk frå IL Vinbjart og Team Elon Vest. På tredjeplass kom Sivert Wiig frå Gjesdal IL og Team Elon Vest.

vinnerintervjuer-herrer.jpg

Gaute Kvåle intervjuast av speaker etter sigeren. Mathias Holbæk (t.h.) tok andreplassen. (Foto: Haukelirennet)

Også blant ungdommane var det sterke løparar. I den 12 kilometer lange løypa var det Torbjørn Grindheim frå Otra IL som var raksaste mann, medan Celina Enes-Seberg Hovden Sportsklubb var raskaste kvinne. Det var også mange blide barn og trimmarar å sjå i løypene.

barneskirenn.jpg


Draumeforhold når starten går for barnerennet. (Foto: Haukelirennet)

blid-gjeng.jpg


Ein blid gjeng deltakarar i årets Haukelirenn. (Foto: Haukelirennet)

Arrangøren takkar alle deltakarar, funksjonærar og sponsorar for innsatsen. Me gler oss til neste år!

10 beste menn

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
14Gaute KvåleRøldal IL / Team Elon VestM26-301:41:03.70:00.0
25Mathias HolbækIl Vindbjart / Team Elon VestM21-251:41:06.70:03.0
37Sivert WiigGjesdal IL / Team Elon VestM26-301:43:03.31:59.6
49Karsten Andre VestadMolde og Omegn IF / Team Elon Midt-NorgeM21-251:45:10.84:07.1
522Magnus Lian AARRESTADGronntreningM26-301:45:48.94:45.2
66Jon Rolf Skamo HopeHyen ILM26-301:46:12.75:09.0
710Aron Åkre RysstadValle IL / Team Elon VestM21-251:48:02.16:58.4
88Sondre Skomedal RamseOtra IL / Team Elon VestM26-301:49:16.68:12.9
92David THORVIKKjelsås IL / Team Elon OslofjordM21-251:52:15.411:11.7
1017Lars Aasheim SvalandBirkenes ILM26-301:52:29.211:25.5


10 beste kvinner

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
114Nora SannessKjelsås IL / Team Elon OslofjordK21-251:50:05.20:00.0
213Sofie Nordsveen HUSTADKjelsås ILK26-301:51:45.11:39.9
311Karoline Simpson-LarsenVargar IL / Team Elon VestK26-301:56:17.86:12.6
416Sigrid Leseth FøyenKjelsås ILK21-251:57:27.97:22.7
5128Emilie Enes-SebergHovden SportsklubbK17-182:11:42.421:37.2
6107Gunhild KvålsethMorgedal ILK21-252:15:09.025:03.8
777Vårinn HagenIL Korlevoll - OddaK17-182:19:06.029:00.8
8125Karoline Kvalvåg HetlelidHjelmeland idrettslag - skiK17-182:28:37.938:32.7
946Anja Elise LidHøydalsmo ILK36-402:34:04.243:59.0
10130Ingrid Andersentwr LundmarksK31-352:35:43.845:38.6


Se alle resultater her

Powered by Labrador CMS