9.56 på 3.2 km i ei verkeleg tøff løype bygda rundt
Rekorden skiskyttar Martin Femsteinevik sette i fjor, varte berre eitt år. Sindre Omvik frå Rosendal Turnlag smelte til med 9.56 i den sterkt kuperte løypa. Med det vart han fyrstemann under 10 minutt.
Hanna Tvilde, Uskedal IL gjorde også eit knallsterkt løp i klasse 10 - 16 år med 12.27. Med det var ho raskaste jente i den krevande løypa. 2. plassen til Hildegunn Håland i klasse 50 - 54 år på 13.31 merker me oss óg. Knallsterkt!

1-IMG_1971.JPGSindre Omvik, Rosendal Turn på veg opp siste bakken mot løyperekord, og fyrste under 10 minutt i den krevande løypa. Foto: Morten Nygård

1-IMG_1950.JPGStørste felt nokonsinne i den 26. utgåva av Åkraløpet. 72 vaksne i konkurranseklassen. Barneløp med 18 deltakarar kjem i tillegg. Foto: Morten Nygård

Seks raskaste jenter:
1. Hanna Tvilde,  Uskedal IL          12.27
2. Hildegunn Håland                   13.31
3. Synne Eikeland, Sandnes IL         13.40
3. Elisabeth Sæle                     13.40
5. Elise Eikeland, Sandnes IL         14.36
6. Marit Elise Haugland               14.44


Seks raskaste gutar:
1. Sindre Omvik, Rosendal Turnlag      9.56  Løyperekord!
2. Johannes Heien, Rosendal T.        10.51
3. Vebjørn Holmedal, Trio IL          11.25
4. Matias Hesjedal, Loddefjord IL     11.28
5. Benjamin Hus Ripel, Rosendal T.    11.35
6. Torstein Thorkildsen               11.37


Løyperekordar per 2016:
Kvinner: Marit Årthun     11.34
Menn:    Sindre Omvik      9.56  (2016)


200 m bratt ned i starten, 600 m flatt, 800 m kraftig motbakke, 400 m meir eller mindre flatt på grus, så ned ca 800 m på asfalt, 200 m flatt og 200 m tøff stigning opp til mål. 

Alt på éin plass, og strålande atmosfære
For tilskiparane og deltakarane er det føremom at sekretariat, start og mål, garderobar, kafé og premieutdeling alt er på Åkra skule. Som regel er det fint ver på pinseafta, men ein har óg den store gymsalen i bakhand.

Ein god atmosfære rundt tilskipinga som her i Åkraløpet, er noko som gjer at folk kjem att år etter år. 

168 innbyggjarar - 250 deltakarar
Åkra er ei flott, men avsides bygd. Ved årskiftet var det registrert 168 fastbuande. På dei 15 km ut mot ferjekaien i Matre er det i tillegg i alt knapt 40 innbyggjarar. Det er denne vesle bygda som har gjeve namnet til den tre mil lange Åkrafjorden. Ferja til og frå Matre har få anløp dagleg. Skal ein til sørsida av fjorden, Skånevik, så må ein av og til om ferjekaia på Utåker. Rett nok kan ein ta den smale svingete vegen inn mot dei større stadene Rosendal og kommunesenteret på industristaden Husnes.

Dette eksotiske preget er for turistane noko av det som er sjarmerande! For dei fastbuande er det nok fleire vinklingar på den saka. Men i pinsen er alle hyttene opptatte.

72 deltakarar frå mange klubbar sprang på tid, 18 i barneløpet, og 178 trimma utan tid. 

Kvifor så stor auke?
På Åkra Bygdalag si facebookside vert det forklart med at tilskiparen, Matre IL, hadde fått tilskipinga med i den nye Kvinnherad-karusellen. Det verkar som ei god forklaring, for løpet har gått i 25 år (26. utgåva), og skulle vera kjent i kommunen frå før.

Dei seinare åra har bygda vorte dyktig med bygdeutviklings-seminarar. Pinsehelga inneheld i tillegg til Åkraløpet, sandvolleyball-turnering same dag, og kyrkjedag med roing heilt frå Fjæra om lag 15 km til kyrkje som i gamle dagar. Då høyrde heile fjorden til Skånevik kommune, og fjorden var kommunikasjonsåra  mellom bygdene.

13241109_10154057435030937_7521976916056486270_n.jpgFoto: Lars Erling Miljeteig

1-_MG_1927.JPG
Tradisjonsrik sandvolleyball-turnering samstundes med Åkraløpet. Under løpet tek turneringa pause, slik at spelarane kan få delta også i løpet. Foto: Morten Nygård

Alle resultater

Jenter 10-16 år:

1. Hanna Tvilde UIL                    12.27
2. Synne Eikeland Sandnes              13.40
3. Elise Eikeland Sandnes              14.36
4. Sunniva E. Myklebust UIL            14.51
5. Thea Taranger UIL                   14.56
6. Julie S. Ersland Ternen             15.52
7. Ine Fu Di Farestveit Matre          16.27
8. Amanda Støle Herøysund              17.17
9. Karoline E. Myklebust UIL           18.02
10. Madeleine Berge Matre              18.41
11. Ina Margrethe Berge                18.41
12. Sandra Støle Herøysundet           19.29
13. Lisa Jonetta Ølvestveit Matre      20.57
14. Veslemøy Vidvei Isaksen            21.01
15. Agathe Ølvestveit Matre            23.17
 

Gutar 10-16 år:

1. Vebjørn Holmedal TRIO               11.25
2. Magne Årthun Bergane Matre          12.01
3. Mathias Nilsen Børve UIL            12.14
4. Kristian Øvstebø UIL                12.18
5. Jonatan Brekke Os Turn              13.36
6. Andreas Hauge Brekke OIL            13.40
7. Markus Øye Guddal RTL               13.40
8. Eirik Ersland Ternen                13.48
9. Eirik Ringhus Rein                  13.51
10. Petter Myklebust UIL               13.53
11. Matias Brekke Jada                 13.54
12. Sondre S. Ersland Ternen           13.55
13. André Øvstebø UIL                  14.00
14. Torbjørn Haugland UIL              14.47
15. Marius Gravdal Ternen              14.58
16. Kristoffer Støle Herøysundet       15.30
17. Kristoffer Brekke Jada             15.42
18. Jonas Solli Søllesvik OIL          15.47
19. Isak Solli Søllesvik OIL           15.54
20. Magnus Kvernmo Matre               15.57
21. Asgeir Vågen Matre                 15.58
22. Abdul Quadir Mohammed Herøysundet  16.16
23. Simen Gjuvsland Riis OIL           16.27
24. Tobias Berge Soldal UIL            17.39
25. Hjalmar Ølvestveit Matre           18.05
26. Kristian B. Lindskog               18.41
27. Hans Martin Berge                  20.00
28. Arne Leiknes Bjarg                 20.16
29. Kristoffer Leiknes Bjarg           21.03

 

Kvinner 20-34:

1. Elisabeth Sæle                      13.40
2. Anita F. Leiknes Bjarg              20.31

Kvinner 36-40:

1. Venke Ølvestveit Matre              23.18

Kvinner 40-44:

1. Hilde Bauge Isaksen                 15.59
2. Liv Solfrid Ø. Berge                18.15

Kvinner 45-49:

1. Marit Elise Haugland                14.44
2. Turid Furdal                        16.44
3. Anngun Garlid                       17.36

Kvinner 50-54:

1. Hildegunn Håland                     13.31

Kvinner 66-70:

1. Randi Knutsen TRIO                  21.18


Gutar 17-20 år:

1. Matias Hesjedal Loddefjord          11.28
2. Torstein Thorkildsen                11.37
3. Nikolas Kavlie Bragstad Loddefjord  13.42
4. Mikal Øvstebø Matre                 22.54

Menn 20-34 år:

1. Sindre Omvik RTL                     9.56
2. Johannes Heien Ternen               10.51
3. Benjamin Hus Ripel RTL              11.35
4. Lars-Erik Lunde                     13.59
5. Kristian Bjørgen                    23.24

Menn 36-40 år:

1. Børge Brekke Opptur                 13.27

Menn 40-44:

1. Helge Ringhus Rein                  14.07
2. Stig B. Soldal UIL                  18.02
3. Trond Leiknes Bjarg                 21.18

Menn 45-49:

1. Jostein Saghaug UIL                 14.01
2. Tommy Søllesvik OIL                 15.59

Menn 55-59:

1. Åsmund Mehl RTL                     14.02
2. Jan Magnar Sæle                     15.22

Menn 60-64:

1. Kurt Haugland UIL                   14.11
 

Barneløp:

Simen Berthelsen (2008) Randesund
Nikolay Hauge Brekke (2009) OIL
Bettina Øye Guddal (2007) RTL
Kahtrine Øvstebø (2009) UIL
Håvard Gravdal (2008) Ternen
Amund Berge Soldal (2007) UIL
Emil Thunold Gausvik (2008) UIL
Sivert Gjuvsland Riise (2008) OIL
Sander Sæverud Jensen (2009) TRIO
Simen Brekke (2010)
Julian B. Hellevang (2009)
Dennis Markhus (2008) TRIO
Kristoffer Enes (2011) UIL
Anna Simone Enes (2009) UIL
Nora Tungesvik (2013) UIL
Mathias Tungesvik (2010) UIL
Elvira Håvik Foric (2010) Herøysund
Linnea Myklebust Ripel (2008) UIL

 

TRIM:

Britt Torhild Tveit, Kurt Raymond Jegteberg, Anne-Grethe K. Berge, Hagar Berge, Brynjar Berge, Lars Emil Berge, Eirik Berge, Maria Skarveland, Marianne Prestnes, Geir Clement Wågen, John Tveit Skogtun, Trude Skogtun, Bjørn Rune Bergane, Laurense Årthun, Ruth Solveig Årthun Bergane, Louise Årthun Bergane, Evy Brekke, Eirunn Brekke, Mats Berthelsen, Stein Ove Brekke, Nina Elin Hauge, Reidun Ringhus, Ragnhild Jegteberg, Sindre Mathias Jegteberg, Alexander Jegteberg, Viar Vågen, Guro Ringhus, Trude Ringhus, Marianne Handeland.

Arnhild Holmedal, Kjell Jegteberg, Kjersti Hillesdal, Malene H. Hegland, Kristian H. Hegland, Annika Øye Guddal, Yngve Guddal, Kjell Eikemo, Valbjørg Eikemo, Gerd Slåke, Kristian S. Handeland, Madli H. Slåke, Hildegunn H. Slåke, Jan Øvstebø, Silje Ersland, Morten Gravdal, Jan Garlid, Gina Berge Soldal, Arnhild Vikane, Solbjørg Eikeland, Jorunn Haugland, Ingebjørg Haugland, Svein Are Furdal, Jeaneth Rangseter, Roald Lyngnes, Jon R. Lyngnes, Håkon R. Lyngnes.

Amalie Tungesvik, Daniel V. Isaksen, Lene Vidvei, Tanja Eikemo, Gunnbjørg Vågen, Johannes Vågen, Niklas Vågen, Kjersti Vågen, Beate V. Hesjedal, Haldis Åkra, Ingvild Tvilde, Line Soltveit, Camilla Myklebust Ripel, Emma Myklebust Ripel, Åse Myklebust, Tore Furdal Seim, Sjur A. Seim, Magnhild E. Furdal, Arne Omvik, Anne Berit Omvik, Torbjørn Omvik, Inger Søllesvik, Knut Søllesvik, Ulrikke Søllesvik, Siv Veronica Fjelland, Raymond Støle, Hilde Solli, Mary Solli, Odd Leif Solli, Inge Solli, Oddbjørn Sørheim, Reidun Sørheim, Knut Olav Sørheim, Hanne Eikjeland, Odin E. Sørheim, Knut Tungesvik, Gaute Tungesvik, Vegard Tungesvik, Laila L. Tungesvik.

Mette Kavlie Bragstad, Kamilla K. Bragstad, Erik Johan Furdal, Anna Sigrunn Furdal, Else Miljeteig, Torger Peder Øvstebø, Randi Vågen, Svein Ove Alvestad, Kristine V. Alvestad, Alida V. Alvestad, Anna Torhild Vågen, Hilde Eikemo, Ingunn Sæverud Jensen, Heine S. Jensen, Vegard S. Jensen, Ingrid Brekke, Madelen B. Hellevang, Jostein Vågen, Eva Karin Haugland, Viljar Stensletten, Sivert Stensletten, Knut Are Berge, Gunnbjørg Kinn, Kjell Kinn, Marta S. Vågen, Inger Johanne Vågen, Anne Mari Vågen, Amund V. Olsen, Magnus V. Olsen, Eilert Jegteberg, Aud Markhus, Åge Valstad Husnes, Gunnhild Brekke, Kurt Reidar Jegteberg, Tone Skeie, Emil Jegteberg, Vegard Jegteberg, Askeld Vika, Camilla Vangen, Sølvi Gundersen, Victoria Jegteberg.

Johannes Berge Lindskog, Maria Øvstebø Berge, Einar Tjelmeland, Kari Tjelmeland, Kjell Tungesvik, Karin Tungesvik, Åshild Urdshals, Jan Erik Urdshals, Trond Urdshals, Jane Kristin Ø. Berge, Erling Johannes Mosesen, Ragna Håland, Reidun Vågen, Stein Olav Ølvestveit, Berit Berge, Edmund Berge, Inga Åkra, Kari Øvstebø, Anne Lise Hillesdal, Johan Hillesdal, Ole Martin Hillesdal, Kathrine Hillesdal, Andrine Vågen.