Startskotet går kl. 14.00 ved Kaitrappa, sentralt i Sykkylven sentrum. Der blir det også mål. Ein kan velje om ein vil springe 3 eller 5 km. 

Initiativtakar er Anita Nakken i Velledalen. Ho har fått med seg fleire i Velledalen IL som brenn for dette, å gje støtte og skape blest opp under brystkreftsaka. Dei vil ha med seg så mange som mogleg i løpet, damer, jenter, menn og gutar – i alle aldrar, frå heile Sunnmøre. Om ein ikkje kjem seg gjennom heile løypa, så er det også heilt greit. 

Anita seier til oss. -Vi skal farge Sykkylven rosa denne haustlaurdagen og samtidig gi merksemd til ei viktig sak som dessverre råkar mange. Sykkylven handelsforening støttar tiltaket og bidreg med gode tilbod i butikkane. Restaurant Raus gir 20% rabatt på alt du vil ete, om du viser fram startnummeret ditt. Det er også gode sjansar for å få kjøpe seg lokalproduserte matvarer på kaiområdet.  Alle er vinnarar i Rosa Sløyfe løpet, og det blir uttrekt gåvepremiar på startnummer etter løpet-.

Anita seier vidare -Meld deg på ved å gå inn på «rosasloyfelopet.no». Finn vårt løp (RSL lokalt ildsjelløp) og følg instruksjonar for påmelding. Det er 100 kr i rabatt for ungdom frå 12-18 år, og denne aktiverast ved å skrive «UNG» i feltet for rabatt. Alle barn frå 0-11 år skal melde seg på via Velledalen IL. Det vil kome informasjon om korleis ein skal gjere dette, når løpsdagen nærmar seg.-

Prisar:
Kr 300,- /vaksen
Kr 200,- /ungdom mellom 12 og 18 år (fødde i 2004 – 2010)
Barn, fødd .2011 eller seinare: Påmelding via eigen link til Velledalen IL. Gratis deltaking, men oppmoding om vipps av valfritt beløp til Rosa Sløyfe #2266.

Følg med i lokalavisene, på Facebook og på Velledalen IL si eiga nettside (http://idrettslaget.velledalen.net) for meir informasjon. Har du spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med Anita Nakken, tlf 988 23 498.