Starten_ingress_DSC_1006

78 sprang løp nummer 2 i Vinterkarusellen i Strandebarm

I fint haustvêr fullførte 78 deltakarar vinterkaruselløpet i idrettsparken i Strandebarm tysdag 4. november.

Publisert Sist oppdatert

Tekst og foto: Johannes Børsheim, Strandebarm IL

Dette var ein fin auke i talet på deltakarar frå det fyrste løpet. Ein del av auken kom på grunn av fleire nye deltakarar frå Norheimsund, Øystese og Hålandsdalen. Det var både born og vaksne blant desse. I tillegg var det løparar som hadde teke turen frå andre stader - frå Fusa, Kvinnnherad og Bergen.

Bjarte Rød frå Hålandsdalen kom inn på den sterke tida 15.17 i den fire kilometer lange løypa. Med det var han fjerdemann i mål. Raskast var Bjørnar Lillefosse som brukte 11.53. Elin Rød kom inn som andre kvinne på tida 17.35. Best av kvinnene var Johanna Mo frå Norheimsund føre Torild Kveberg frå Øystese.

Det var topp løpsforhold denne fine novemberkvelden. Temperaturen var behageleg, og det heldt opplett. Etterpå var det tradisjonen tru trekking av gåvepremiar. Herlaug Kvamsøy frå Hatlestrand vann den gjevaste premien, som var eit gåvekort på 500 kr til bruk på Mo Sport i Norheimsund.

Neste løp vert tysdag 25. november. Strandebarm Idrettslag håpar at so mange som mulig stiller opp også då!


RESULTAT

Feltet_DSC_1007.jpg
Bjørnar SandnesLillefosse11,53
Knut ØysteinFosse14,51
John OlavMåge14,59
BjarteRød15,17
Vebjørn KvebergOpsanger15,27
EmbrikBørresen15,30
TorBørresen16,12
JohannaMo16,29
TorildKveberg17,11
Kjell EgilBerge17,33
ElinRød17,35
OveMåge17,40
EinarOpsanger17,40
OddvarHjertaker18,02
Tobias GræsdalPedersen18,14
AndersRød18,16
SivertHåland18,17
KetilKarlsen18,20
ThomasAarseth18,24
IreneTangerås18,24
AndreasAarseth18,26
EirikRød18,26
SamuelBørsheim19,16
ArvidTangerås19,27
Hans ArneBørsheim19,32
Thor ArvidPedersen19,36
LarsMåge19,41
Sondre SvåsandMåge19,41
RitaGjerde19,45
ElisabetBørresen20,06
IngvardNordtveit20,31
Agnete NorheimKaldestad20,47
Mathilde SvåsandMundheim21,03
Liv BeritEide21,15
PrebenEkerhovd21,20
HåkonBerge21,31
MartinAarseth21,37
HerlaugKvamsøy22,04
KristofferFosse22,25
MagneFosse22,31
Vivi IreneFosse22,33
Teodor GræsdalPedersen22,34
ArthurLillefosse22,54
CelinaSkogvoll23,02
Lisa SvåsandMundheim23,58
ElisabethFosse24,04
VigdisHåland24,26
KarenMatthiessen24,26
MaritLinga24,27
JanneEik24,37
MartineNygård24,37
GreteHjertaker25,05
BodilStranden25,14
Lars MundheimOma25,16
EifridEkerhovd25,35
Anne ChristinBørsheim25,42
AnetteKristiansen25,52
GunnarNordhus25,56
Ann-MarieEngevik26,06
MetteLammedal26,28
TuridLid27,07
MariaMarkhus27,29
TrineEkerhovd28,14
RagnhildBrattli29,07
BenteRosseland29,24
MonaMåge29,3
NikolaDiuzak30,22
DeliaMundheim30,38
Bente SandnesLillefosse31,06
SiljeFosse34,48
Kitti MarieFosse35,08
Tor HenrikFosse35,08
KariLjones36,04
Bente KvåleSkår36,05
ElisabethSkogasel40,00
Amalie SvåsandMåge41,26
Silje KristinSvåsand41,26
SolveigMåge42,10



Mette Lammedal og Thor Arvid Pedersen har komme godt i gang med løpet sitt.

20_og_3_DSC_1016.jpg


Einar Opsanger (20) og Ove Måge langar godt ut i den 4 km lange løypa.

Ungdom.jpg

I Vinterkarusellen i Strandebarm er òg dei unge godt representert. Anders Rød hadde 16. beste tid av alle.

Powered by Labrador CMS