ABBA: “The joy and the sorrow, we have a story, and it survived.” (Bilde: fra videoen til “I Still Have Faith in You”)
ABBA: “The joy and the sorrow, we have a story, and it survived.” (Bilde: fra videoen til “I Still Have Faith in You”)

Har eg det i meg?

«Do I have it in me?» syng Abba i ein av comeback-songane sine, mest 40 år etter siste gong dei gav ut plate. Som idrettsutøvarar har vi sikkert stått på startstreken og stilt oss akkurat det same spørsmålet: Har eg det framleis i meg?

Publisert Sist oppdatert

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 7 - 2021.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 7 - 2021.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


Men det var ikkje berre det gjenkjennelege spørsmålet som gav gjenklang og gjorde meg glad da eg høyrde dei nye Abba-songane. Også det at dei våga å kasta seg ut i det på nytt var rørande – langt ut i livet og utan å veta for sikkert at dei ville få det til.

Magien, den som trollbatt ei heil verd, var den der framleis? Var det nokon vits å stille opp på nytt, i veteranklassen – med aldrande røyster og enorm fallhøgde?

Dei kunne seifa og levd på gammal stordom. Nøydd seg med minna om det som var, og vissa om at songane og konsertopptaka uansett ville levd vidare, frå generasjon til generasjon.

Finpussa forma

Og så gjorde dei det likevel. Budde seg til dyst ein gong til. Fann melodiar og ord som harmonerte. Finpussa forma og verket i studio. Tok på konkurranse-outfiten og gjekk opp på den store scena.

Det kunne vorti sprekk og slakt. Toar på terningen og gnål om at dei ikkje var i nærleiken av gammal stordom. At dette burde dei spart både seg sjølv og publikum for. At dei ikkje hadde det i seg. Lenger.

Men dei tok sjansen. Fordi dei ville, fordi skaparkrafta var der. Fordi det å leva er å stå på scena og gjera sitt beste. Uavhengig av kva kritikarane vil seie.

Sysla med mitt

Eg skal på ingen måte samanlikne meg med Agnetha, Björn, Benny og Anni-Frid. Dei heldt verdsklasse. Skapte noko ingen andre kunne ha skapt. Laga storverk. Trollbatt.

Eg har berre sysla på med mitt. Vori ein arbeidshest som takka vera iherdig innsats fekk til somme halvbra løp berre distansane vart lange nok. Men aldri sprengt grenser eller imponert med verken steg eller kraft. Kan hende var det fordi det var så lite laurbær å kvile på, at eg heldt fram òg etter at min eigen vesle topp var nådd. At eg stilte flittig opp i løp sjølv om det gjekk gradvis seinare. Aldri var det snakk om noko prangande comeback.

Men spørsmålet – har eg det i meg? – er der likevel, ikkje minst når eg står på startstreken. Vil konkurransegiret, som gjerne gir eit lite løft samanlikna med farten på trening, slå inn? Vil eg oppleva flyt og framdrift? Vil eg ha den gløden som trengst når beina blir trøytte og det enno er langt til mål?

Og djupast sett: Vil eg ha springegleda i meg? Minst like viktig er den for meg, som det spelegleda var for ABBA-gjengen. Den dei vona ville vera der, men som dei ikkje kunne ta for gitt da dei møttest på nytt. Det heile kunne vorti eit pliktløp.

Innhald og meining

Har eg det i meg? Ikkje berre når eg spring, men når eg skriv, møter folk, forsøker å gi dagen innhald og meining.

«We do have it in us. New spirit has arrived», konkluderer Abba i denne songen som heiter «I still Have Faith in You».

Visst har vi det i oss, uavhengig av kva andre måtte meine. Så lenge hjartet bankar, og vi andar for noko som gir oss retning og glede, har vi eit oppdrag i løypa.

Eg har framleis tru på deg. Og meg.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957

Powered by Labrador CMS