640_Format 2-3_Stian foto Jan Chr Jerving

Hovind-Angermund sette ny løyperekord i Storehaugen Opp

Stian Hovind-Angermund vart dagens mann då han slo den gamle løyperekorden til Torbjørn Th Ludvigsen frå 2012 med 57 sek, og vann på tida 31.18 med 1 min og 43 sek ned til Øyvind Heiberg Sundby på 2 plass.

Publisert Sist oppdatert

Det var over 400 deltakarar som kom i mål på ein strålande løpsdag i den 3,7km lange og bratte motbakkeløypa med 903 m høgdeskilnad mellom start og mål.

Ei begeistra og kjempenøgd Bjørghild Holien i arrangørstaben til Lærdal IL ringde opp Kondis.no då ho var på veg ned frå toppen og kunne melde om eit nytt suksessarrangement i praktfullt løpsvær med 412 deltakarar i mål . Det var 112 i konkurranseklassa og 300 i mosjon/trim.

For info og foto frå løpet sjå www.storehaugenopp.com

640_Red_Merete.jpg


Merete Helgheim, Gloppen Friidrettslag i mål som vinnar av dameklassa for tredje gong på tida 40.59 ( foto Jan Christian Jerving). Guri Wangensteen på andre plass var nesten 3 min etter Merete i mål på tida 43.56.

Fullstendig resultatliste http://topptid.no/results/app/race/1079

De raskeste:

Powered by Labrador CMS