Johannes Heien og Marianne Korsvold vann Erslandsvatnet Rundt. (Foto: Gisle Sellevold)
Johannes Heien og Marianne Korsvold vann Erslandsvatnet Rundt. (Foto: Gisle Sellevold)

Johannes Heien og Marianne Korsvold vann Erslandsvatnet Rundt

Erslandsvatnet er eit langt og smalt vatn som ligg i Kvinnherad i Sunnhordland. Det lokale idrettslaget Ternen er mest kjent for ski og motbakkeløpet Varden Opp, men no ville dei prøva eit «flatløp».

Publisert Sist oppdatert

Erslandsvatnet i Kvinnherad i Sunnhordland er ca 1.5 km langt og smalt. Idrettslaget Ternen er mest kjent for ski, og eit flott skianlegg i Tveitedalen, skilt frå Åkrafjorden – og E-134, med flotte, høge fjell derimellom Ulvanosi 1248 m.o.h.

Varden Opp har vore ei av tilskipingane til IL Ternen. No ville dei prøva eit «flatløp». Dugnadsfolk hadde laga fleire bruer over myrane på nordsida av vatnet. Trass i eit regnskyll natt før løpet, kunne ein springa tørrskodd. I den vesle skulekrinsen Skarveland med 32 elevar frå 1. – 7. klasse, yra det med trimmarar langs løypa. Og dei var utruleg flinke til å heia løparane fram!

IMG_0020.jpg


Fire flinke jenter i klasse 8 – 15 år: Runa Kopperud, Inga Saghaug, Mathea Askeland og Mathilde Fludal Saanum.

Resultatliste Erslandsvatnet rundt, 8-15 år:

Startnr.NavnKlubbKlasseTid
1Mathea AskelandIL TernenK1026:15
2Mathilde Fludal SaanumVaregg FleridrettJ928:19
3Inga SaghaugTernenK1028:51
4Runa KopperudTernenK1128:52

Alle resultater Erslandsvatnet Rundt

Marianne Korsvold, Uskedal IL suverén i kvinneklassen

17:03 på 3.7 km der ein stor del gjekk over myr pluss bakke opp og ned. Ein flott prestasjon av den fyrste vinnar av kvinneklassen. 4 deltakarar

Vinnar Marianne Korsvoll til vestre og nr 3 i kvinneklassen Anne Elisabet Skjold (msolbriller).jpg


Vinnar Marianne Korsvoll til vestre og nr 3 i kvinneklassen Anne Elisabet Skjold.

Resultatliste Erslandsvatnet rundt, kvinner 16-100 år:

PlassStartnr.Firstname SurnameKlubbKlasseTid
153Marianne KorsvoldUskedal ILK41-5017:03
247Martha Teigen VaranesDIMMELSVIKK31-4020:21
345Anne Elisabet SkjoldIf KlypetussenK41-5024:31
451Mariann HeggHOFK31-4028:12


Tilskipar Johannes Heien var raskast i herreklassen

14.04 på 3.7 km med mykje sti og terreng og 70 høgdemeter er ein solid prestasjon. Han var kjend for Kondis sin utskremde, men nr 2, også med solide 14.53, Emil Solli Stafsnes, Uskedal IL (granneklubb i Kvinnherad) var ikkje kjend for denne reporteren, som for øvrig var 17. og sistemann i mål i herreklassen.

Start og mål ved Skarveland skule, med premieutdelinga i bygdehuset 300 m borte i gata. Her var det kafé med gode kaker, saft og kaffi, og veldig hyggelege funksjonærar. Blide funksjonærar er kanskje det viktigaste av alt for at folk skal koma att.

De tre beste i herreklassen.jpg


De to beste pluss femtemann: Emil Solli Stafsnes, Johannes Heien og Harald Saghaug.

Resultatliste Erslandsvatnet rundt, menn 16-100 år:

PlassStartnr.Firstname SurnameKlubbKlasseTid
144Johannes HeienIL TernenM31-4014:04
243Emil Solli StafsnesUskedal ILM31-4014:53
355Alexander Ødegård FludalVaregg FleridrettM31-4015:37
448Benjamin Hus RipelSøral B.I.LM21-3016:04
539Harald SaghaugIl-TernenM31-4016:13
640Kristoffer PedersenKvinnherad SykkelklubbM21-3016:57
738Magnus HagaLyngbakken Pust og pesM31-4018:16
856Rune Andre NistadHALSNØY KLOSTERM31-4018:34
952Steinar LillevikSTORDM31-4019:30
1046Vegar SaghaugIL TernenM41-5019:46
1154Gunnar VaageIL TrioM61-7019:50
1250Åsmund FagnaMYKINGM31-4020:03
1336Håkon Askelandil TernenM41-5021:08
1437Iver-Andreas BlokkumIL TernenM31-4021:15
1542Harald MågeIF KlypetussenM61-7024:24
1649Iver BlokkumSANDVOLLM61-7024:50
1741Gisle SellevoldIF KlypetussenM71+31:53


«Dette må me gjenta til neste år»

Jo, tilskiparar og deltakarar var samstemte i det fine veret. Det fyrste Erslandsvatnet Rundt var absolutt vellukka. Med litt tidlegare PR, og litt færre lokale løp å konkurrera med, vil deltakartalet sannsynlegvis mangedoblast.

Og han som strevde seg sist i mål av alle, kunne stemma i at dette var suksess.

I den vakre kommunen KVINNHERAD bur det litt over 13.000 innbyggjarar. Her er det store aluminiumsverket Søral, den vesle Åkrabygda med det flotte Åkraløpet, Trebåtbyggeriet, og det kjende baroniet i Rosendal med rosehagen og mange, mange konsertar i sommarsesongen.

IMG_0018.jpg


Deltakararane i Erslandsvatnet Rundt samlet på ett brett.

Powered by Labrador CMS