Ung-Kondis

Marte Hovland (2056) sprang inn til sølvmedalje individuelt og gull i lagkampen i nordisk meisterskap i terrengløp. (Foto: Einar Børve)
Marte Hovland (2056) sprang inn til sølvmedalje individuelt og gull i lagkampen i nordisk meisterskap i terrengløp. (Foto: Einar Børve)

Marte Hovland trivst med både piggsko og fotballsko på beina

Det er ikkje så uvanleg at unge utøvarar presterer på høgt nivå i fleire idrettar, men som oftast dreier det seg om ein sommar- og ein vinteridrett. 19 år gamle Marte Hovland kombinerer springing og fotball på høgt nivå.

Publisert Sist oppdatert

Foto: Dag Egil Eliassen

Marte Hovland

Alder: 19 år
Bustad: Bur i Sogndal – er frå Vik i Sogn
Studium/jobb: Jobbar 40 % for Norges Fotballforbund Sogn og Fjordane 
Klubb: Friidrett: Vik IL, fotball: Sogndal FK Damer
Trenar: Trenar seg sjølv, men får råd frå Atle Karlsen Mortvedt 
Idrettar: Springing og fotball
Persar: 2.07,00 på 800 m, 4.20,60 på 1500 m og 9.33,05 på 3000 m
Merittar: 9. plass 1500 m U20-VM, 9. plass 1500 m U18-EM, sølv individuelt og gull i lagkonkurransen i nordisk meisterskap i terrengløp, 13. plass EM terrengløp

Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 72024


Eit av dei løpa ho var mest nøgd med i år, var da ho sprang 800 meteren på 2.07 og klarte kravet til U20-VM. Det gjorde ho dagen etter at ho hadde spelt cupkamp med ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse.

– Det var neppe den perfekte oppladinga, men det fungerte eigentleg fint. Det er slik eg ganske ofte må gjera det – at når eg har spela kamp på Austlandet på laurdag, så er eg med på eit løp på sundagen, fortel Marte Hovland på telefon frå Portugal.

Der er ho på treningsleir i Albufeira med juniorlandslaget i friidrett, noko som passar fint sia ho har sesongpause frå fotballen. Det kortsiktige målet er å bu seg til EM i terrengløp i byrjinga av desember, og det meir langsiktige er å leggje eit godt grunnlag til 2025-sesongen.

Gull og sølv i nordisk

Før avreisa til Portugal fekk Marte ei fin oppleving under Nordisk meisterskap i terrengløp i Finland. Der sprang ho inn til sølv individuelt og gull i lagkonkurransen saman med Wilma Anna Bekkemoen Torbiörnsson og Mia Bø.

Enda meir nøgd var Marte da ho klarte niandeplass i finalen i U20-VM i Peru i sommar.

– Ja, både forsøk- og finaleløpet i VM var veldig bra. Forma var fin, og eg klarte å springe taktisk gode løp og fekk ut det eg hadde inne.

Dei fine resultata på både bane og i terrenget inspirerer til vidare satsing, men ikkje så mykje at ho vil gi opp fotballen.

– Før var det fotballen som var hovudgreia, men etter kvart har springinga fått meir og meir fokus. Men ikkje så mykje at eg vil slutte å spele fotball. Eg må sikkert ta eit val ein dag, men det har gått bra å kombinere så langt, fortel Marte.

Herda og sterk

På spørsmål om det kan vera ein fordel for fotballen at ho spring og vice versa, svarar ho:

– At eg spring så mykje, har gitt meg eit godt kondisjonsgrunnlag når eg speler fotball, og samstundes trur eg at fotballsparkinga har gjort meg mindre skadeutsett som løpar. Du blir ganske herda og sterk som fotballspelar, med masse brå taktomslag og retningsendringar.

Var det som fotballspelar at du oppdaga du at du hadde talent for å springe fort?

– Nei det var på ein idrettsdag på skolen da eg på ein 2-3 km lang løpetest slo alle gutane. Eg vart fortald at eg hadde løpstalent og vart med på eit stevne i Vik. Da vi litt seinare var på ferie i Oslo, var eg med på eit løp, og tida var så bra at eg vart teken ut på juniorlandslaget, fortel Marte.

Å hevde seg i to såpass ulike idrettar krev ein god innsats, og rutinen er å trene to gonger kvar dag. I sesongen er fire-fem av øktene fotballtreningar med kamp i tillegg. Heldigvis er deltidsstillinga ho har i NFF Sogn og Fjordane så fleksibel at ho kan dra på treningsleirar og kvile mellom slaga.

U23-EM i Bergen

Kva gjer du viss du verkeleg skal slappe av?

– Da blir det til at eg legg meg ned og ser eitkvart på Netflix, men eg likar òg å laga mat og vera med vennar og familie, seier Marte som har storesøstera si som lagvenninne i Sogndal FK.

Er ho òg med på løpskonkurransar?

– Nei, ho deltek ikkje, men er ofte med som supportar, og det er kjekt.

Når Marte ser framover, så er U23-EM i Bergen eit viktig mål for neste sesong, og truleg blir det 1500 meteren som vil bli hovuddistansen.

– Eg likar baneløp da det er så lett å måle framgang. Samstundes er det òg veldig kjekt med terrengløp der ein får testa seg i ulike løyper utan å tenkje så mykje på tida, seier Marte Hovland som er flinkare enn dei fleste til å sjonglere fleire ballar samstundes.


5 favorittar

Musikk
Det aller meste

Mat
Sjølvlaga kyllingburgar med steikte potetbåtar

Drikke
Sjokomjølk

Idrettsutøvar


Jakob Ingebrigtsen og Guro Reiten

Treningsøkt
Konkurransespesifikk økt: 10 x 300 m med 1 minutts pause i 800-1500 m-fart


Ei veke på treningsleir i Portugal med juniorlandslaget før EM terrengløp

Måndag


Økt 1: Roleg jogg 8 km + styrke m/ vekter & spenst
Økt 2: Roleg jogg 6 km + hekkedrill & hurtigheit Tysdag
Økt 1: Terskel: 4x1000 m + 8x500m, pause 60/40 sek
Økt 2: Terskel: 25x300 m, pause 100 m jogg

Onsdag
Økt 1: Alternativt: 45 min ellipse + mobilitet/skadeførebygging
Økt 2: 10 km jogg + stigningløp & styrke basis/kjerne

Torsdag


Økt 1: Terskel: 4x2 km, pause 90 sek
Økt 2: Terskel: 2 x 10x400 m, pause 30 sek, seriepause 2 min Fredag
Økt 1: Roleg jogg 8 km + styrke basis/kjerne & skadeførebygging
Økt 2: Roleg jogg 6 km + stigningsløp

Laurdag
Økt 1: Konkurranseførebuande økt til EM terrengløp: 4x1000 m + 6x800 m med piggsko i terreng + 6x150 m på bane, pause 60/120/125 sek
Økt 2: 20x1 min terskel, pause 30 sek

Sundag
Langtur 15 km + stigningsløp & styrke basis/kjerne/skadeførebygging

I EM terrengløp som gjekk etter at dette intervjuet vart laga, sprang Marte Hovland inn til ein flott 13. plass. (Foto: Einar Børve)
Powered by Labrador CMS