På startstreken: 23 løp rundt Litledalsvatnet i romjula.
På startstreken: 23 løp rundt Litledalsvatnet i romjula.

Maryna Novik slo alle mannfolka i Romjulstrimmen/Vatnet Rundt

23 samla seg til trim i romjula for å springe rundt Litledalsvatnet i Etne. 16 stilte i løpsklassen, og av dei var Maryna Novik frå IF Klypetussen raskast. Ho brukte 28.11 på dei 7543 metrane rundt vatnet. Det er under 3.45 per km.Løyperekorden for kvinner frå 16. juli 2016 har ho sjølv på 27.20.Ørjan Grønnevig har rekorden for menn på 22.40.

Publisert Sist oppdatert

Vellukka romjulstrim i Etne?
Kva tyder det at noko er vellukka?
Det spørst på innfallsvinkelen.
I denne samanheng vert det knytt til at dei få som kom, skrytte av tilskipinga.

Vatnet Rundt er eit konsept i regi av nystarta Etne Event/Etne Oppleving. Barneløp, kortløype som er meint også for rullestolbrukarar, og 7543 m rundt vakre Litledalsvatnet. I tillegg er det karusell med nytt løp 2. påskedag (17. april.) , og hovudløp 15. juli.

Kjempesesong for Maryna Novik og Tor Arne Sandvik!
Begge to representerer IF Klypetussen, og har hatt vidare sportsleg framgong. Maryna kom heilt ned ned på 1.22.13 i hustrig ver i tung løype under Karmøy Maraton. Men det var symptomatisk at etter løpet skrytte Maryna over løpstilhøva og arrangøren. Like smålåten er Tor Arne (f. 1975). Han persa seg med 10 minutt i same halvmaraton. 1.25.10 har nordsjøarbeidaren avslutta sesongen 2016 med.

No passa det å opna reportasjen frå "Romjulstrimmen" med ei kort presentasjon av dei to, for det var nemleg dei same to som vann dame- og herreklassen i "Romjulstrimmen/Vatnet Rundt". Maryna var fyrst av alle med 28.13, men 41-årige Tor Arne Sandvik var berre 39 sekund bak med 28.50 og pers. Ingen løyperekordar og då stig løyperekordpremien med kr 500,- til hovudløpet 15. juli. Den er no komen opp i kr 2500,-.

Knalldebut av Gerd Sigrid Bjørgen!
13 år gamle Gerd Sigrid Bjørgen er ei allsidig idretssjente, og er med i fleire idrettsgreiner. No debuterte ho i "Romjulstrimmen/Vatnet Rundt" med 36.31. Her eit eit supert friidrettstalent.
Kristine Selland er eitt år yngre, og gjennomførte på finfine 41.04. Også det ei talentfull ung jente.

Etne Event fyrste arrangør med den nye kondis-rabatten...?
Kondis har oppgradert rabatten medlemmar får i "K"valitetsløp frå 2017. Etne Event vil vera med der heile vegen. Ja, dei innførte rabatten alt i "Romjulstrimmen", siste løp i 2016. Kan henda kan dei skryta av å vera fyrst ute. Rabatten har vore den same i mange år, så no meinte Kondis det var på tide med ein auke. Det syns Etne Event var rimeleg og innførte rabatten på kr 40,- alt i siste løp i 2016.

Alle foto: Kondis v/Gisle Sellevold

Romjulstrimmen_vinnerne_640_IMG_6089.jpg


Maryna Novik og Tor Arne Sandvik, begge IF Klypetussen, vann hhv. kvinne- og herreklassen

Fleire bilete under resultata.

Resultater:
Romjulstrimmen Vatnet Rundt - 27. desember 2016 - lang løype 7543 meter

Kvinner:
1.Novik Maryna1981IF Klypetussen28:11
2.Bjørgen Gerd Sigrid2003Etne IL36.31
3.SellandKristine2004Etne IL41.04
4.MælandIngunn1964Privat71.20
5.HardelandMålfrid1954Privat71.27
6.HardelandWenche1979Etne IL71.28
Menn:
1.SandvikTor Arne1975IF Klypetussen28.50
2.SaltnesNils1979IF Klypetussen31.55
3.NorenesStåle1987Team Sport 1 Etne33.24
4. SeljelidKjetil Nygård1982Privat35.49
5.DuesundSkjalg1948IF Klypetussen35.58
6.HenriksenTrygve G. B.1969IF Klypetussen40.52
7.MågeHarald1954IF Klypetussen41.21
8.HallelandLeif1942IF Klypetussen49.47
9.SellevoldGisle1951IF Klypetussen55.17
10.RullestadMartin1962Privat71.20


Kort løype 1800 meter
Barn

TendalErik Samland2006IF Klypetussen03:56
BlikraPetra2008IF Klypetussen03:59
BlikraAnita2010IF KlypetussenFullført
SamlandNoah2009IF KlypetussenFullført


Kort løype 1800 meter
Voksne

Romjulstrimmen_Vatnet_Rundt_Kristine_Selland_640_IMG_6085.jpg
HenriksenSigrid J. B. 1941IF KlypetussenFullført
HåkonsenKjell1943IF KlypetussenFullført
BjørgenTerje1965Etne ILFullført


Nr. 91 - Kristine flyg like fort som både den eine og den andre frå Sørumsand. Well done, Kristine!

Romjulstrimmen_Vatnet_Rundt_Gerd_Sigrid_Bjørgen_640_IMG_6076.jpg



Knall-debut av Gerd Sigrid Bjørgen rundt Litledalsvatnet i Etne! 36.31 på 7543 m.

Romjulstrimmen_Vatnet_Rundt_Maryna_med_barn_640_ IMG_6037.jpg


Fire femdelar av familien Novik Blikra sette farge på fyrste offisielle utgåva av "Romjulstrimmen".

Romjulstrimmen_Vatnet_Rundt_glass_fra_Ungarn_ IMG_6093.jpg


Premiane handla inn frå Ungarn i oktober vart sette pris på av løparane.

Powered by Labrador CMS