Første del av løypa går på Rotary-stien langs Grimstadvatnet. Foto: Arrangør
Første del av løypa går på Rotary-stien langs Grimstadvatnet. Foto: Arrangør

Nordvest Maraton på Hareid går som planlagt 22. august

Alle store maraton-arrangement til nå denne høsten er avlyst. Berre virtuelle maraton-løp og maraton av typen Cannonball er blitt arrangert. Da er det godt å sjå at Hareid IL vil arrangere sitt jubileumsmaraton lørdag 22. august med innhold av maraton, halvmaraton og ein spesiell 5 km til slutt. Vi har mottatt følgjande pressemelding frå arrangøren:

Publisert Sist oppdatert

Hareid IL arrangerer Nordvest Maraton for 30. gong laurdag som kjem. Så langt er responsen rundt arrangementet betre enn på lenge. Per måndag føremiddag har 108 meldt seg på. Ein har hatt ulike tilleggsklassar opp gjennom åra (miniton, sykling m.m., i år er det mosjon utan tid). Men ser ein på heil- og halvmaraton, som har vore kvart år, er dette den beste deltakinga sidan 1994. Førehandspåmeldinga varer til klokka 22.30 torsdag kveld, så sant det er ledige plassar. Om det er ledige plassar kan dei sikrast i sekretariatet på løpsdagen.

Nordvest Maraton er kjent for si naturskjønne løype. Etter omlegginga i 2014 har løypa gått langs idylliske Grimstadvatnet, rundt det minst like idylliske Snipsøyrvatnet og tilbake til Hareid stadion. Heilmaraton gjennomfører løypa to gonger. Reaksjonane frå deltakarane er at dette er ei av dei aller finaste, om ikkje aller finaste, løypene i Nord-Europa. Underlaget varierer mellom asfalt (ca. 16 km), grus (ca. 4 km) og litt tartan. Rundt Snipsøyrvatnet er det eit par bakkar som sikkert kan kjennest noko harde, men løypa er heller ikkje verre enn at mange set personlege rekordar her.

Alle deltakarane blir bedne om å lese smittevernreglane før løpet. Dei ligg på heimesida vår nordvestmaraton.no. P.g.a koronakrisa er premieutdelinga avlyst i år, men alle deltakarane får ei eiga Nordvest-skjorte, sidan det er jubileum i år. Skjorta er verdt nesten like mykje som deltakaravgifta på halv…

Nytt av året er også at det blir arrangert Sparebanken Møre 5000 meter mot slutten av dagen. Her skal Ådne Andersen (som er frå Hareid, men konkurrerer for Dimna IL) møte fleire av landets beste på distansen. Ådne har svært høge ambisjonar for løpet. Det blir også lagt opp til at 5000-meteren blir streama på Facebook. Dette kjem vi tilbake til.

Til slutt ønskjer vi alle velkomne til Hareid laurdag – og dei som ikkje deltek sjølv må gjerne plassere langs den naturskjønne løypa for å heie på deltakarane.

Forehand_Start_halv

Starten på både halv- og heilmaraton er inne på Hareid Stadion. Foto: Arrangør

Powered by Labrador CMS