
To NM-gull på ei helg for Åsmund Sunde Førde
Åsmund Sunde Førde fekk den beste tenkjelege starten på sesongen med to gullmedaljar på to dagar under NM terrengløp på Bjerkebanen i Oslo. Men viktigare enn gulla var det å få stadfesta at treninga gjennom vinteren har fungerer.
Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 3–2025
– På ein måte var NM terrengløp det minst viktige løpet på lenge. Men det var fint å få ein sjekk av konkurranseforma og få stadfesta at eg har trena bra i vinter, fortel Åsmund Sunde Førde da eg pratar med han på telefon ei lita veke etter NM-triumfane.
Rett etter NM reiste han på treningsleir til Font-Romeu i Frankrike. I høgda i Pyreneene byggjer han vidare på den gode forma saman med klubbkamerat og trenar i Jølster IL, Eivind Øygard, og løparar frå andre norske klubbar.
Det er andre gongen i livet at Åsmund legg inn ein bolk med høgdetrening. Første gongen han prøvde det, var i Dullstroom i Sør-Afrika i januar i år.
– Erfaringa derifrå var positiv, sjølv om det gjekk litt tungt dei første to vekene etter opphaldet. Men så verka det som eg fekk eit løft, fortel 18-åringen.
EM-kravet
Når han no kjem heim frå Frankrike, er planen først å springe Holmenkollstafetten der Jølster er i eliteklassen. Så blir det ein 1500 m på Åsmund si nye heimebane i Tønsberg under Per Halle Invitational.
– Der har eg tru på at eg kan ta kravet til U20-EM. Det er på 3.47,50 som er litt svakare enn persen, men klarer eg å springe ned mot persen i sesongopninga, så skal eg vera godt nøgd, fortel Åsmund som har U20-EM som eit hovudmål for sesongen. Men sia Noreg har så mange gode juniorløparar for tida, så er det ikkje sikkert at ein vil bli teken ut sjølv om ein klarer kravet.
– I EM vil eg helst springe 1500 m, men eg er ein allsidig løpar og trur eg kan springe bra òg på 3000 og 5000 m.
Åsmund har òg eit blikk retta mot U20-VM i Eugene i USA til neste år. Da vil han vera sisteårs junior og slik sett ha ein fordel.
På lang sikt er målet å bli så god som han kan bli, og kjempe med dei beste i både inn- og utland. Eit meir konkret mål er å ta klubbrekordane til trenar Eivind Øygard på 1500 (3.44) og 3000 m (8.04). 1500 m-rekorden er òg krinsrekord for Sogn og Fjordane.
– Men 5000 m-rekorden til Eivind blir det langt verre å slå. Den er på 13.37, smiler Åsmund. Det var nettopp Eivind han sprang på lag med da Jølster tok stafettgullet i NM terreng.
– Sjølv om vi av og til knivar, så unner vi kvarandre alt godt, og ofte spring vi òg ulike distansar.
Den norske modellen
Med så høge mål framføre seg må det trenast godt, og Åsmund følgjer ein variant av den norske modellen med doble terskeløkter og god mengde. Han sper òg på med sprint-, spenst- og styrketrening.
– Eg prøver å trene så mykje eg kan, men ikkje meir enn at kroppen klarar å absorbere det. Så langt har det gått bra, for eg har ikkje vori mykje skada.
– Er du nøye med intensitetsstyringa?
– Ja, det vil eg seie. Vi måler laktat, men kjenner eg meg bra, så kan eg tillate meg sjølv å pushe litt ekstra. Men vanlegvis så ligg eg på ca. 2 i laktat på morgonterskel og 2,5-3 om kvelden. Det har funka bra.
Allsidig oppvekst
Åsmund dreiv med fleire ulike idrettar – friidrett, fotball, langrenn – til han byrja i niande klasse. Men etter det har han prioritert springinga og hatt jamn framgang.
På spørsmål om kva det er som driv han, svarar han at den største motivasjonen er å ha det gøy.
– Det betyr ikkje at det alltid er like gøy å dra ut å trene tidleg om morgonen, men det er gøy å vera i bra form, springe gode løp og vinne. Og skal eg gjera det, så går det ikkje å skulke treninga.
– Dersom du verkeleg skal slappe av – kva gjer du da?
– Da et eg seigmenn og ser på Youtube, seier jølstringen som sjølv er så seig – og samstundes så rask – at det blir stadig færre som spring ifrå han.

6 favorittar
Musikk
White Girl Music
Mat
Biff
Drikke
Urge
Fag
Toppidrett
Idrettsutøvar
Jakob Ingebrigtsen
Treningsøkt
10-12 x 300 m i 1500 m-fart, pause 60-90 sekund
