Arrangør Hareid IL kan melde om følgende til Kondis.

Det var eit bra arrangement som fekk gode tilbakemeldingar, men det er snakk om å flytte éi helg til neste år for å ikkje kollidere med både Skåla rett opp og Stranda Fjord Trail Race.
Det er bra med over 30 på halv, men  lite med berre 2 på heil. 

Kommer tilbake neste år.
Louise Skak som vann og sette løyperekord for kvinner med over åtte minutt lova uansett å kome tilbake til neste år. 

Resultater 2017.

Foto: Hareid IL

2 SMP.jpg
TO PÅ HEIL: Louise Skak og Geir Råheim før starten på heilmaraton. Det var også påmeldt to engelskmenn, men dei dukka aldri opp.

Start_640x427.jpeg
STARTEN: Eit godt felt på halv distansen. Jan Ketil Vinnes gjekk rett i tet. Bak han ser vi til venstre Jan Endre Rise og til høgre Einar Orten Trovåg. Dei enda til slutt som nummer tre og to. Dag Harald Moldskred ser vi like til venstre for Trovåg. Han vart nummer fire. Både Rise, Trovåg og Moldskred reresenterer Hareid IL. 

DSC_0140.jpg
SLITEN: Jan Endre Rise sliten etter målgang. 

Eikaas_Vedeler_640x427.jpeg
NORDFJORDINGAR: Det var mange frå Hareid og Ulstein på halv distanse, men også nokre nordfjordingar. Her ser vi Marcus Kemp Vedeler (til venstre) og Ulf Eikås. 

Sivrertsen_Brandal_640x427.jpeg
O2-SNAPPARANE: Torstein Holstad Sivertsen (til venstre) og Stian Brandal stilte like greitt med eige lag med eigne drakter. Dei kallar seg "O2-snapparane".

Vinnes_Skak_kaffe_640x427.jpeg
VINNARAR: Louise Skak og Jan Ketil Vinnes kosa seg med svele og kaffi i høve premieutdelinga på klubbhuset etter løpet.

Vollsaeter_640x427.jpeg
LØPSGENERAL: Vidar Vollsæter deler ut klassepremie til Dag Harald Moldskred.