
Maratontrening på Renato Canova-vis
Det var sommaren 2006 at min gode venn Kristian og eg bestemte oss for å trene etter prinsippa til den italienske trenaren Renato Canova – fram mot maraton-NM som var lagt inn i Oslo Maraton.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 10 - 2017
Canova er ein av dei mest kjente løpetrenarane i verda, både fordi han har trena svært mange verdseinarar, og fordi han er veldig open om korleis utøvarane hans trenar. Da Sondre Nordstad Moen sprang halvmaraton på 59.48 og maraton på 2.05.48 for to år sia, var det med nettopp Canova som trenar.
Kristian og eg var aldri i nærkontakt med trenarlegenda. Det var Kristian som hadde lasta ned treningsprogrammet frå nettet, og som spurte meg om eg var med: «General marathon program for the last 9 weeks of preparation», heitte det. At programmet var «proposed for athletes with an objective of 2.09 – 2.11» tok vi heller lett på. Sjølv hadde eg som best – sju år tidlegare – sprungi maraton på 2.28.37. Kristian hadde aldri prøvd seg på distansen før.
Skeptisk
Eg var skeptisk for programmet var alt anna enn lett med mange og lange hardøkter og rundt 200 km i snitt for dei ni vekene det vara. Dessutan måtte eg ta omsyn til fleire ultraløp som eg allereie hadde plotta inn i programmet før maratonløpet i Oslo. Det var heilt klart naudsynt med ei viss tilpassing, til både ein travel kvardag og restitusjonsperiodar etter ultraløpa.
Kristian hadde – med si velutvikla evne til å lytte til kroppen – ei enda meir fleksibel haldning til programmet. Men trass i litt justering her og snev av skulking der, så vart det god mengde og mange lange kvalitetsøkter på oss begge fram mot maratonløpet 1. oktober.
Oppkøyringa starta etter Kraftprovet i Trollhättan 21. juli. Der heldt eg så vidt unna for klubbkamerat Kristian og brukte 41.56 på dei 11,6 kilometrane. Forma var ikkje så galen – vi var i gang.
Allereie to dagar seinare sprang vi progressiv langtur om Kikut. 36 km på 2.41 gav eit km-snitt på 4.28 på kuperte Nordmarka-vegar.
Dei neste vekene var det god mengde med 152, 204, 190, 200, 201 og 122 km. Den siste var ei restitusjonsveke etter Eidsvoll 6-timers der eg sette det som den gongen var norsk rekord, med 82,899 km.
Typisk økter
Ei av dei typiske Canova-øktene Kristian og eg gjorde unna i august, var 10 km moderat følgd av 10 x 1000 m. 10 kilometeren gjekk på 39 minutt og 1000 metrane hadde eit snitt på 3.41. Ifølgje programmet skulle vi òg ha gjort unna ei like stor hardøkt om morgonen, men sjølv eg skjønte at 41 år gamle trønderføter ikkje alltid kan kopiere unge kenyanarbein. Halv dose – med 20 km kvalitet – vart likevel opplevd som ganske så solid.
Ei anna økt var 11 x 1 minutt fort med 1 minutt flyt som pause, følgd av 10 km moderat på 38.00 og 3 km fort til slutt – i mitt tilfelle på 11.01.
I september sprang vi 6 x 3 km på ei økt med snitt på 11.14. Ein annan dag stod 10 km moderat (på 37.23) følgd av 3 x 2000 m (på 7.08 – 7.01 – 7.03) på programmet.
Ein tredje Canova-klassikar var 20 km samanhengjande springing med vekselvis 1 km fort og 1 km flyt. Kristian og eg drog på annakvar av dei raske, og da vi var ferdige, innbilte vi oss at trenaren ville ha vori fornøgd med utøvarane sine – dersom han hadde visst om dei. Vi brukte 1.17.50 totalt på dei 20 kilometrane, med ca. 3.45 på dei kjappe og pluss/minus 4 blank på dei rolege 1000 metrane.
Generalprøva
To veker før den store dagen sprang vi 4 x 5 km (18.58-snitt) pluss ein 3000 m på 10.38. Generalprøva var NM terrengløp på festningen i Halden ei veke før maratonløpet. Beina var framleis treningstunge etter september-veker på 202, 202 og 146 km. Kristian sprang ifrå meg, men eg trøysta meg med gull i 40-årsklassen i veteran-NM – og at det enda var ei veke att å lade opp på.
Berre 98 km vart det i oppladingsveka, maratonløpet inkludert. Bortsett frå 4 x 8 min i 3.50-fart på onsdagen var det berre roleg trening og ein fridag fram til sundagen.
I nydeleg haustvêr stod vi Canova-trente og spente på startstreken, både Kristian og eg. Vi hamna i same felt og passerte halvvegs på 1.17.39. Etter 33 km fekk Kristian magekramper og stod av.
Eg låg i pulje to – eit godt stykke bak tettrioen som bestod av Henrik Sandstad, Martin Kjäll-Ohlsson og Rune Opem. Eg fekk sekunderingar om at Opem var i ferd med å dabbe av og tok opp jakta. Men løpet var litt for kort, og eg var 8 sekund bak Opem i mål. Nærmare kom eg aldri medalje i maraton-NM, men med 2.36.36 og fjerdeplass var eg likevel godt nøgd.
Halvannan månad seinare var eg hare for Kristian som endeleg fekk fullført sitt maratonløp. Det skjedde under Jessheim Vintermaraton – på 2.54.49 etter to jamne rundar.
Sjølv om vi truleg var dei dårlegaste utøvarane Renato Canova nokon gong har trent, så var vi veldig godt nøgde med både oss sjølve og trenaren. Så mykje slit og moro har knapt nokon fått ut av eit 11-siders word-dokument.

Renato Canova og hans assistenttrenar Gavin Smith i kjente positur på kenyansk jord. Lite visste dei om at dei hadde eit par norske maratonmosjonistar i stallen. (Foto: Jiro Mochizuki / Elite Running Coach)