Marius Vedvik held motivasjonen oppe sjølv om vårsesongen ryk
Marius Vedvik er godt i gang med den omstillinga han måtte gjennom da alle måla han hadde sett for vårsesongen forsvann.– Ein blir ganske sett ut når noko slikt som det vi har opplevd no, skjer. Det rammar så mykje meir enn springinga, som i den store samanhengen ikkje er særleg viktig. Likevel betyr det å prestere som løpar mykje for meg, og eg vel å trene vidare som planlagt, men med nokre justeringar, fortel den formsterke Gular-løparen. For berre ein månad sia sprang han 3000 m innandørs på 7.57,87.
Eg snakkar med Marius Vedvik på telefon før han skal ut på skitur med far sin som dagens første økt.
– Truleg ville eg teki denne skituren sjølv om eg skulle konkurrert som vanleg, men i og med at konkurransane er borte, blir det viktigare å halde mengda oppe lenger utover våren. Så slik sett passar det enda betre med ein skitur slik stoda er no, fortel den treningsglade førdianaren.
Men sjølv om han er treningsglad, så vedgår han at han ikkje ville ha trena to gonger om dag sju dagar i uka dersom det ikkje var for å gjera det bra i løp. EM i Paris er sesongens store mål, men med virusskyene hengjande i horisonten, så er sjølv den meisterskapen høgst usikker.
– Sia EM er i slutten av august, gir eg det ein liten sjanse. Eg vil ikkje lukke dørene før det er bestemt at dei blir lukka. Men vi går heilt klart ei uviss framtid i møte, og eg tenkjer særleg på alle dei som står i fare for å miste jobbane sine, seier Marius som sjølv har ein deltidsjobb ved sia av springinga som er hovudaktiviteten. Slik sett er det tøft når det ein har trena for og gledd seg til brått blir borte.
– Eg vil ikkje seie at eg mister motivasjonen, men eg må byggje den opp att på nytt. Prøve å tenkje positivt sjølv om dei nære måla er borte. Tenkje at dette blir eit annleis år. Truleg blir det eit år kor eg totalt sett spring meir enn normalt, både fordi eg har fått trena veldig bra i vinter og fordi eg no vil halde mengda oppe lenger utover våren og sommaren, seier han.
Å halde mengda oppe vil seie 170-180 løpskilometer i veka.
– Sist veke sprang eg 165 km, og seks av øktene var intervalløkter. Så eg vil ikkje seie at eg har resignert, smiler han og legg til at han ikkje er den einaste av dei nest beste i Noreg som har trena bra i vinter.
– Også karar som Narve Gilje Nordås og Bjørnar Lillefosse er i veldig god form etter solid vintertrening, så slik sett er det leit for fleire.
– Har du planar om testløp eller til dømes Strava-segmentjakt for å få vist fram den gode forma?
– Trenar Arne (Risa, red. anm.) har sagt at eg bør springa eit testløp, men ikkje noko konkret om kva det skal vera. For min del så er mange av kvalitetsøktene såpass standardiserte med laktat- og pulsmåling at eg veit kva eg er god for i konkurranse. Heldigvis fekk eg òg utnytta den gode forma til å perse eit par gonger innandørs. Segmentjakt på Strava er ikkje aktuelt.
– Får du gjort styrke- og anna innandørstrening om du ønsker det?
– Eg trenar spenst i trapper, så det går greitt. Vekttrening har eg ikkje køyrd i vinter, og basisstyrke kan eg gjera på ei matte på golvet. Det eg ikkje får gjort, er å springe på mølle, noko som kan vera greitt når det er null grader ute og masse slaps i lufta og på bakken. Men vi får tru det går mot vår.
– Er du sjølv redd for smitte?
– Nei, eg er ikkje redd for å bli smitta, for det verkar som symptoma er snille for oss som er unge og i god form. Alvorleg er det nok først og fremst for eldre og folk med dårleg helse. Antakeleg var eg meir sjuk rundt nyttår enn det eg blir viss eg får korona, men eg tek alle forholdsreglar og vonar eg slepp unna.
– Trenar du litt mindre eller litt mindre hardt for ikkje å stresse immunforsvaret?
– Eg held att litt på intensiteten. Det er ikkje noko poeng å gå i kjellaren på trening no, seier Arne. Men mengda held eg som sagt ikkje særleg att på, fortel Marius og legg til at han spring meir åleine no.
– I staden for å sende ein SMS og invitere til turar i lag, spring eg heller for meg sjølv.
Nokon treningsleir hadde han ikkje planlagt denne våren, så det slepp han å avlyse.
Så får vi krysse fingrane for at i alle fall nokre av dei konkurransane han har lyst til å vera med på framover, ikkje blir avlyst.
Marius Vedvik
Alder: 28 år
Yrke: Løpar, jobbar deltid i eit eigedomsfirma i Bergen.
Merittar: NM-gull 5000 m, terrengløp, halvmaraton og maraton samt 1500 m og 3000 m innandørs, nordisk-gull 10 000 m, 14. plass EM 10 000 m og 15. plass 3000 m EM innandørs, siger i Sentrumsløpet og Oslo Maraton
Persar: 7.54,95 på 3000 m, 13.29,46 på 5000 m, 28.42,15 på 10 000 m og 1.04.14 på halvmaraton
Marius Vedvik har sprungi i den norske landslagsdrakta i EM før, og framleis har han von om å gjera det på nytt - i Paris i slutten av august. (Foto: Bjørn Johannessen)