Moltustranda er ei kystbygd og ein tettstad i Herøy kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Med Fosnavåg og fugleøya Runde som næraste naboar i nordvest. Den vesle bygda, Moltustranda, med sine 550 innbyggjarar byd inn til årleg mosjonsfestival. No arrangerast den 9. Moltustranda Mosjonsfestival siste helga i mai, 27.-29. mai. Ei helg full av aktivietsmoglegheiter for både mosjonistar og dei som likar konkurrere, anten med seg sjølv eller andre. 

Motbakkeløp til vakre Hidsegga
Løpet arrangerast laurdag 28. mai 2022 og startar ved Coop Marknad Moltu og målgang på toppen av Hidsegga 556 moh. Løypa går jamt oppover frå den lokale butikken på asfalt til den flatar litt ut ved merket for 2 km og går vidare på grusveg innover dalen.  Etter ei lita nedsting mot Sætjøma går det vidare oppover først på grusveg/traktorveg mot Fjøsane ca. ved 4 km-merket. Der går løypa vidare på fjellsti og opp løypas brattaste parti. Etter 5 km flatar det ut igjen før siste stigninga før målgang på Hidsegga. Siste del av løypa er dekket av stein.  Full løype er 6,5 km lang. Mosjonistane kan velje mellom full løype eller starte på traktorvegen og får med fjelletappen til målgang på Hidsegga. 

Sjølve motbakkeløpet er helga sitt høgdepunkt, men helga har mykje meir å by på. 

Fredag 27. mai blir «Moltumila» arrangert. Eit asfaltløp på knappe 1 mil, 9,6 km. 

Søndag 29. mai blir «Tour de Moltu» arrangert. Dette er eit sykkelritt som går i  5 runder rundt bygda på à 9 km,  total rittlengde på 45 km. 

For dei som vil legge seg med ekstra godt samvit og litt stivare bein på søndagskvelden, kan arrangøren lokke med «Trippelen». Beste totaltid blir premiert. 

Arrangementets heimeside

Sjå også arrangementets Facebook-side

kartutsnitt.jpgKartutsnitt for motbakkeløpet. 

loypeprofil.jpgLøypeprofil. 
 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957