Felles for alle grener er målgang på Dalsnibba på 1476 moh. Foto: Martin Hauge-Nilsen
Felles for alle grener er målgang på Dalsnibba på 1476 moh. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Nytt ultraløp i Geiranger lørdag 8. juni 2019

Geiranger World Heritage Ultra er eit nytt ultraløp over 57 km og 3000 høgdemeter som er eit prøveløp i Geiranger frå fjord til fjell 2019.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag 8. juni 2019 er det på nytt klart for Geiranger frå fjord til fjell.

Pressemelding frå Geiranger frå fjord til fjell.

Turrittet Nibberittet og motbakkeløpet Nibbeløpet vert arrangert som tidlegare med start ved fjorden i Geiranger og målgang på fjelltoppen Dalsnibba etter 21 km og 1500 m stigning. Dette er ei skikkelig prøve for kroppen som byr på flotte naturopplevingar frå sommaren ved fjorden til snøen ved målgang. Alternativt kan du delta i trimklassene Nibberittet trim eller Nibbemarsjen utan tidtaking i same løypa. Vi byr også på Nibbeløpet Mini for dei som er fornøgde med 4 km og 300 m stigning. Dette er tiltenkt dei yngre men er ope for alle.

Om 21 km er for kort for deg, så byr årets arrangement på ein ny godbit, nemlig Geiranger World Heritage Ultra. Dette er eit nytt ultraløp med start i Norddal, over Storåsen til Eidsdal, så til Geiranger og vidare opp til målgang på Dalsnibba. Løpet er på ca 57 km og har ei stigning på ca 3000 m opp og ca 1500 m ned. Dei første 36 km til Geiranger går stort sett på sti/traktorveg, mens siste del frå Geiranger til Dalsnibba følgjer same trasé som Nibbeløpet og Nibberittet på asfalt (21 km). Dette er ei knalltøff utfordring for alle ultraløparar som går gjennom eit av dei vakraste natur- og kulturlandskapa i landet! Les meir om Geiranger World Heritage Ultra her (m/bilde) og sjå ei gjennomflyging av løypa her.

Ultraløpet er eit prøveløp i 2019 og det medfører at Nibbedobbelen utgår i 2019.
Påmelding gjerast på www.frafjordtilfjell.com. Kontingentane for Nibberittet og Nibbeløpet er 399,- for påmelding før 7. mars, og går deretter opp til 499,-. Kontingenten for Geiranger World Heritage Ultra er kr 900,-

Geiranger frå fjord til fjell på facebook
2019-arrangementet er i pinsa, som vanlegvis er ei travel tid i Geiranger. Bestill derfor overnatting så snart som råd, og vi kan også anbefale overnatting i Eidsdal og Norddal, evt. i Skjåk og Stryn litt lenger vekk. Med langhelg er det også mulig å bli lenger for å nyte naturen også på søndag og måndag, enten på Geirangerfjorden, i Herdalen, på ski til Blåtind eller andre stader på indre Sunnmøre.
Loeper.jpg



Nibbeløpet. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Sykkel.jpg


Nibberittet. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Myesno.jpg


Mye snø i 2015. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Tandem.jpg


Tandem. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Fatbike.jpg


Fatebike. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

utsikt_Geiranger.jpg


Utsikt fra Dalsnibba. Geiranger langt der nede. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

hogdekurve_nibba.jpg


Løypeprofil nibbeløpet, nibberittet og nibbemarsjen. (Grafikk: Arrangør.)

hogdekurve_TdF.jpg


Sammenligna med noen Tour De France fjell. (Grafikk: Arrangør.)

Powered by Labrador CMS